Skal gjera UiO meir internasjonalt

– Det viktige med ein strategi er ikkje berre å finna ut kva me skal gjera, men like mykje å finna ut kva me ikkje skal gjera. Dette kan me hjelpa Universitetet i Oslo med, seier Esko Aho, leiaren for UiOs rådgjevande panel (Strategic Advisory Board) til Uniforum.

VIL DELTA: For UiO er det naudsynt å evaluera heile verksemda si. Og ei slik evaluering vil eg gjerne delta i, seier Esko Aho, som leier UiOs rådgjevande panel (Strategic Advisory Board)

Foto: Ola Sæther

Esko Aho har tidlegare vore statsminister i Finland. Med seg i Det rådgjevande panelet har han mellom andre nobelprisvinnar i kjemi, Peter Agre frå USA og litteraturprofessor Toril Moi frå Noreg.

I førre veke var panelet for første gong samla. Eitt av måla med panelet er at det skal brukast som ei kjelde til kompetanse og råd for å stø opp under og styrkja UiOs evne til å verkeleggjera ambisjonane i den langsiktige strategien.

Konkurransen blir stadig hardare

Esko Aho har tidlegare sete i ekspertgruppa til eit av Europas beste teknologiske universitet, ETH i Lausanne og Zürich i Sveits.

Desse sit i UiOs rådgjevande panel (Strategic Advisory Board)

*
Esko Aho, Senior Fellow, Harvard University; Tidlegare statsminister i Finland, Finland. (Leiar av panelet)
* Peter Agre, Professor, Johns Hopkins University, USA
* Shaheen Sardar Ali, Professor, Warwick University; Pakistan/Storbritannia
* Toril Moi, Professor, Duke University, USA
* Erwin Neher, Professor Emeritus, University of Göttingen, Tyskland
* Gayatri Chakravorty Spivak, University Professor, Columbia University, India/USA
* Frans van Vught, Professor, University of Twente, Nederland

– Kvifor sa du ja til å leia UiOs rådgjevande panel?

– Eg trur dei internasjonale aktivitetane til UiO vil spela ei langt viktigare rolle i framtida. Konkurransen blir stadig hardare universiteta imellom både innanfor teknologi og forsking. Hovudoppgåva til universitetet har endra seg svært mykje sidan det blei etablert i 1811 som ein reiskap for nasjonsbygging og etablering av nasjonale institusjonar. No må Universitetet i Oslo ta på seg ei langt breiare og langt meir global rolle. Den skal likevel vera sterkt forankra i dei lokale og nasjonale ressursane. Det vil seia at det absolutt ikkje bør gi opp dei nasjonale målsettingane det har, understrekar han sterkt.

Stikkord: Naturressursar og energi

Esko Aho ser at Universitetet i Oslo kan vera med på å forsterka forskingsinnsatsen på det Noreg er god til og kjent for internasjonalt.

– Naturressursar og energi er to av dei viktigaste stikkorda her. Og miljøpolitikk er også eit område Noreg er kjent for. Det same er Noregs rolle i internasjonal politikk som forkjempar for menneskerettar og fredsskapande arbeid. For UiO er det naudsynt å evaluera heile verksemda si. Og ei slik evaluering vil eg gjerne delta i.

– Og kvifor skulle du vera spesielt kvalifisert til det?

– Eg som kjem frå Finland og Norden, kjenner godt til og forstår godt norske særdrag. Me som sit i Det rådgjevande panelet, vil truleg også læra mykje om Universitetet i Oslo gjennom det arbeidet me skal gjera der, seier han.

Rapporterar til rektor

Det rådgjevande panelet skal koma med framlegg til UiOs fagprofil og korleis den best skal utviklast. Panelet vil rapportera direkte til rektor Ole Petter Ottersen, medan framlegg til tiltak og tilrådingar skal diskuterast og eventuelt vedtakast av Universitetsstyret.

 

 

Emneord: Strategisk plan, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 14. des. 2012 13:30 - Sist endret 14. des. 2012 13:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere