UIO-styret fordeler sannsynleg tildeling på 6,54 milliardar kroner for 2025

UiO reknar med å få tildelt 6,542 milliardar kroner frå regjeringa neste år.  Det gir UiO  15 millionar kroner til nye satsingar, samtidig som alle einingane må tola eit samla kutt på 23,2 millionar kroner seg i mellom. 

MILLIARDAR: UiO-styret skal formelt vedta ei fordeling av ei sannsynleg fordeling av milliardtildelinga frå Kunnskapsdepartementet for 2025  (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I tru med tradisjonen vil UiO-styret vedta fordeling av tildelinga for 2025 før den er formelt vedtatt i Stortinget. Det skjer på møtet i Universitetitetsstyret tysdag 18. juni. Så langt har universitetsdirektør Arne Benjaminsens stab kome fram til at UiO vil få ei samla løyving over statsbudsjettet på 6,542 milliardar neste år.

15 millionar til prioriteringar

Ifølgje sakspapia  vil dette gi rom for ei satsing på til saman 15 millionar kroner, samtidig som tildelinga frå regjeringa likevel ikkje er nok til å dekkja heile drifta ved UiO. Derfor blir det eit samla flatt kutt på 23,2 millionar kroner som blir fordelt på alle eiingane på UiO. I den sannsynlege tildelinga frå Kunnskapsdepartementet er det også tatt høgde for tidlegare vedtatte institusjonelle tiltak som samla sett kjem opp i 467 millionar kroner, noko som utgjer 7 prosent av den samla sannsynlege tildelinga på 6,54 milliardar kroner. 

Av dei 15 millionar kronene som det står igjen til prioriteringar  i 2025 , vil den største ekstra  investeringa gå til  innkjøp av.tannlegeunitar. for 5 millionar kroner til Det odontologiske fakultetet. Desse har ikkje blitt fornya på  over 18 år, og det er difor prekært å gjera dette innkjøpet, går det fram av saksdokumentet. For 2023 og 2024 blei det løyvd 10 millionar kroner til innkjøp av dette utstyret.

Set av pengar til framifrå satsingar

Det blir  føreslått å føra vidare  UiO:Livsvitskap. Universitetsdirektøren føreslår også at det blir sett av  tre millionar til to Senter for framifrå utdanning og til å  finansiera deltakinga til forskingsgrupper  i den sjette nasjonale utlysinga av senter for framifrå forsking. Resten av prioriteringane på 15 millionar kroner for 2015 skal gå til å auka investeringane i forskingsinfrastruktur med 1,6 millionar kroner, slik at den samla summen vil koma opp i over 50 millionar kroner over tre år.

Dessutan skal det setjast av pengar til både pedagogisk kompetanse for mellombelse tilsette og til å bruka meir pengar på meir robuste støtteeiningar for forskingssenteret LINK. Også mottaksprosjektet for Livsvitskapsbygget vil få meir pengar om innstillinga blir vedtatt. Det er føreslått å auka løyvinga med 4 millionar ekstra i tillegg tl dei tre millionar kronene Universitetsstyret vedtok å gi prosjektet for dette budsjettåret.  Også det europeiske studentutvekslingsprogrammet CIrcle U kan få tildelt meir pengar.  Det får 2,5 millionar neste år, slik at det samla vil få ein sum på 9,5 millionar 

Staten vil kutta budsjettet med 1 prosent

Det blir også kalkulert med at det blir eit kutt på 1 prosent i statsbudsjettet for 2025.. Det blir gjennomført som rammekutt for kvar eining på UiO.  Medan det tidlegare var vanleg med eit stort mindreforbruk på UiO, viser det seg no at det i 2023 har vore eit meirforbruk på 203 mllionar kroner. Dette er i hovudsak pengar som er brukte til rehabilitering av UiOs bygningar og vedlikehald av eigedom i samsvar med UiOs masterplan for eigedom, går det fram av sakspapira. I den neste tiårsperioden vil både nytt livsvitskapsbygg og sjukehusareal gi auka eigedomskostnader for UiO.

• Les meir om fordeling av tildelinga i 2025

FORDELING: Slik blir den sannsynlege tildelinga frå KD fordelt mellom dei ulike einingane på UiO. (Skjermfoto)

Skal tilsetja universitetsdirektør

Fordeling av den sannsynlege tildelinga frå Kunnskapsdepartementet til UiO for 2025 er truleg den saka som er viktigast for heile universitetssamfunnet av det som kjem opp i Universitetsstyret på tysdag. Men det er også andre viktige ting styret skal vedta. Bak stengde dører skal dei mellom anna tilsetja universitetsdirektør i fast stilling. Tidlegare har den vore på åremål, men ei lovendring gjer det naudsynt å lysa den ut fast.

Då namna på søkjarane blei kunngjort tidlegare i år, blei det klart at noverande universitetsdirektør Arne Benjaminsen ynskjer å halda fram i jobben. Til saman var det 4 søkjarar, men det ville vera svært overraskande om styret ville vedta å tilsetja andre enn dagens universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

• Les også: Fire personer vil bli UiOs neste universitetsdirektør

UiO-styret vil også bestemma kven som skal  få tildelt UIOs menneskerettspris. Også det skjer  bak stengde dører. Der blir det også formelt bestemt kven av dei nyslåtte doktorane som har skrive den beste avhandlinga ved kvart fakultet. Dei blir belønna med Hans Majestet Kongens Gullmedalje. 

Skal oppdatera dei etiske retningslinjene

Ei sak som vekkjer stor interesse både på og utanfor UiO er forslaget om å oppdatera dei etiske retningslinjene  for ansaffelsar/innkjøp. Inkludert i forslaget til vedtak er det tatt med at UiO også skal ha ein oppdatert strategi for anskaffelsar/innkjøp. Rutinane skal også skjerpast når det gjeld  tilnærminga til aktsemdsvurderingar for anskaffelsar/innkjøp. Strategien for anskaffelsar skal setjast i verk gjennom årlege reviderte tiltaksplanar og rapportering.  Bakgrunnen for denne saka er diskusjonen om UiO skal lata vera å investera i selskap som direkte eller indirektte medverkar til israelsk okkupasjon av den palestinske vestbreidda eller er involverte i krigen mellom Israel og Hamas i Gaza. 

I forslaget til vedtak blir universitetsdirektør Arne Benjaminsen beden om å koma tilbake til styremøtet 17. september med både oppdatert anskaffelssesstrategi, reviderte etiske retningslinjer for anskaffelsar ved UiO og forslag til iverksetning av anskaffelsesstrategi gjennom årleg reviderte tiltaksplanar og rapportering. Det er også med eit punkt om prinsipp som sikrar ein systematisk tilnærming til aktsemdsvurderingar for anskaffelsar/innkjøp. 

I møtet blir det også lagt fram ei evaluering av vitskapsombodsordninga og forslag til eit oppdatert mandat.  Universitetssdirektøren innstiller på at UiO kan vedta å tilsetja både eitt ombod i full stilling og to ombod i halv stilling.  

Også nyoppretta fag skal godkjennast samtidig som nokre gamle fag skal avviklast.  

Møte nr. 4/2024 i universitetsstyret

Møtet vil bli streamet

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-sak 23-24 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


V-sak 24-24 Ansettelse i stilling som universitetsdirektør

Saksnr. 2024/5956

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 25-24 Tildeling av H.M. Kongens gullmedalje 2024

Saksnr. 2024/3030

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 26. 2. ledd


V-sak 26-24 Tildeling av UiOs menneskerettighetspris - Lisl og Leo Eitingers fond 2024

Saksnr. 2024/804

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 26. 2. ledd


V-sak 27-24 Søkekomité for rektor- og prorektorvalget 2025

Saksnr. 

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 23


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-sak 28-24 Virksomhetsrapport per 1. tertial 2024

Saksnr.

Forslag til vedtak:

  1. Universitetsstyret tar virksomhetsrapporteringen for T1 2024 til etterretning og merker seg behov for særskilt oppfølging av enheter med merforbruk.

Saksdokumenter: 


V-sak 29-24 Fordeling 2025 - Fordeling av tentativ KD-bevilgning

Saksnr. 2024/10055

Forslag til vedtak:

  1. Universitetsstyret vedtar foreløpig samlet fordeling av antatt statsbevilgning på 6,542 mrd. kroner (post 50) for 2025 for fakulteter og tilsvarende enheter i tråd med saksfremlegg.
    1. Universitetsstyret vedtar nye prioriteringer i 2025 til sammen 15,2 mill. kroner
    2. Saldering av fordelingen for 2025, på 23,2 mill. kroner, gjennomføres som flate kutt ved enhetene.
    3. Forventet opptrapping av kutt i statsbudsjettet for 2025 med 1% gjennomføres som rammekutt ved enhetene.
    4. Universitetsstyrets bevilgning til midlertidige tiltak og varige øremerkinger kan ikke omdisponeres til andre formål.
  2. Rektor gis fullmakt til å foreta endringer som følge av KDs tildelingsbrev til UiO for 2025 samt andre mindre justeringer i fordelingen.

Saksdokumenter: 


V-sak 30-24 Universitetet i Oslos utdanningsportefølje for studieåret 2025-2026

Saksnr. 2024/3203

Forslag til vedtak:

  • Følgende studietilbud etableres: 
  • Bachelorprogram i Kina-studier med kinesisk ved HF
  • Bachelorprogram i Japan-studier med japansk ved HF
  • Bachelorprogram i Midtøsten-studier med arabisk, persisk og tyrkisk ved HF
  • Bachelorprogram i Retorikk og språklig kommunikasjon ved HF
  • Bachelorprogram i Klima, miljø og menneske ved HF
  • Bachelorprogram i Informatikk: maskinlæring og kunstig intelligens ved MN
  • Følgende studietilbud nedlegges:
  • Bachelorprogrammet Asia- og Midtøsten-studier
  • Bachelorprogrammet Klart språk
  • Bachelorprogrammet Informatikk: språkteknologi.
  • Ph.d.-programmet ANTHUSIA
  • 12 studieplasser til studietilbud innen fagfeltet nukleære fag fra statsbudsjettet 2023 fordeles til bachelorprogrammet Kjernefysikk og nukleærteknologi ved MN.
  • Reduksjon i studieplassfinansiering fra revidert nasjonalbudsjett 2020 foretas etter oversikten i dette notatet.
  • Alle studieprogram ved UiO er adgangsbegrenset. Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fastsette kapasiteten til hvert studietilbud for studieåret 2025/26 etter konsultasjon med fakultetene. Dette innebærer å:
  • fastsette konkrete opptaksrammer.
  • fastsette kapasiteten til å ta opp internasjonale studenter.
  • fordele studieplassfinansiering til studietilbud innen nukleære fag.
  • fordele studieplassfinansiering til studietilbud for flyktninger.
  • fordele eventuell nye studieplassfinansiering fra Kunnskapsdepartementet.
  • fordele inntil 4 studieplasser til «Students at risk»
  • Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å godkjenne søknader om eksterne midler til utvikling av fellesgrader og til å vedta etablering av slike studieprogram.
  • Universitetsstyret vedtar årlig justering av studieavgiftene til UiOs studieprogram. Dette gir følgende satser for studieåret 2025/2026:
    • Studier i kategori A: 548 000 per år
    • Studier i kategori B: 417 000 per år
    • Studier i kategori C: 285 000 per år
    • Studier i kategori D: 197 000 per år
    • Studier i kategori E: 175 000 per år
    • Studier i kategori F: 142 000 per år
  • Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fastsette en modell for fordeling av inntektene fra studieavgiftene. Modellen skal gjelde som en pilot for kalenderårene 2024-2026.

Saksdokumenter: 


V-sak 31-24 UiO: Livsvitenskap etter 2024

Saksnr. 2015/2807

Forslag til vedtak:

Satsingen UiO:Livsvitenskap videreføres for perioden 1. januar 2025 til og med 31. desember 2029 i tråd med vedlagte strategi- og organisasjonsdokument.

Saksdokumenter:


V-sak 32-24 Endring av UiOs regelverk som følge av ny universitets- og høyskolelov

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

De følgende forskriftene oppdateres i tråd med forslaget:

  • - Forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo
  • - Forskrift om lokale opptak til Universitetet i Oslo
  • - Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Oslo
  • - Forskrift for graden doctor philosophiae (dr. philos.) ved Universitetet i Oslo
  • Endringene skal tre i kraft 1. august 2024.

 Saksdokumenter: 


V-sak 33-24 Evaluering av vitenskapsombudsordningen og forslag til oppdatert mandat

Saksnr.

Forslag til vedtak:

  • - Styret vedtar at nytt vitenskapsombud lyses ut ved ekstern kunngjøring, med mulighet for å ansette både ett ombud i full stilling og to ombud i halv stilling.
  • - Styret vedtar også foreslått oppdatert mandat for ombudet.

 Saksdokumenter: 


V-sak 34-24 UiOs etiske anskaffelsesrutiner

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret ber universitetsdirektør komme tilbake til styremøtet 17. september med:
a. Oppdatert anskaffelsesstrategi (2024-2028).
b. Reviderte etiske retningslinjer for anskaffelser ved UiO.
c. Forslag til iverksetting av anskaffelsesstrategi gjennom årlig revidert tiltaksplaner og rapportering.
d. Prinsipper som sikrer en systematisk tilnærming til aktsomhetsvurderinger for anskaffelser.
e. Redegjørelse for hvordan aktsomhetsvurderinger for anskaffelser følges opp ved UiO.

Saksdokumenter: 


V-sak 35-24 Godkjenning av forslag til tidsplan for rektor- og prorektovalget og styrevalget 2025

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret godkjenner forslaget til tidsplan for rektor- og prorektorvalget og styrevalget i 2025.

Saksdokumenter: 


V-sak 36-24 Oppnevning av studentrepresentanter til Skikkethetsnemnda ved UiO

Saksnr. 2008/14503

Forslag til vedtak:

Universitetsdirektøren foreslår at følgende personer oppnevnes som medlemmer av Skikkethetsnemnda, hvilket er i tråd med Studentparlamentets forslag:

Elisabeth Hoksmo Olsen (f. 1999) er student på lektorprogrammet ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet (fullført fire år), samt er leder av Studentparlamentets Arbeidsutvalg.

Oline Sæther (f. 1996) studerer medisin ved Det medisinske fakultet (fullført fire år).  Sæther er i perioden 2023/2024 leder av Norsk studentorganisasjon. Videre har hun blant annet vært leder av Studentparlamentet ved i UiO i perioden 2022/2023 og leder av Medisinsk studentutvalg fra 2019 til 2021.

Studentrepresentantene oppnevnes for perioden 01. juli 2024 – 30. juni 2025.

Saksdokumenter: 


Diskusjonssaker


D-sak 4-24 Kvaliteten på og videreutviklingen av av Universitetet i Oslos utdanningsportefølje

Saksnr. 2024/3203

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-sak 13-24 Norsk senter for Molekylærmedisin etter 2024

 Saksnr. 

Saksdokumenter:


I-sak 14-24 Et globalt universitet for flyktninger og internt fordrevne

 Saksnr. 

Saksdokumenter:


I-sak 15-24 Arbeidsmiljøundersøkelsen 2024 (ARK) ved UiO

 Saksnr. 

Saksdokumenter:


I-sak 16-24 Status for utredningsarbeidet om felles organisering av Det medisinske fakultet og Det odontologiske fakultet ved Universitetet i Oslo

 Saksnr. 

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-sak 5-24 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr.: 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Informasjonssaker


I-sak 17-24 Eventuelt


Ordinære saker


V-sak -37 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


Protokoll

 

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2024 04:30

Logg inn for å kommentere