Fann kongeleg bygning frå mellomalderen

Sist fredag støytte arkeolog Egil Marstein Bauer på ein murvegg 50 meter frå Olavskyrkja på Avaldsnes. – Alt tyder på at dette har vore ein kongeleg bygning i mellomalderen, seier professor Dagfinn Skre, som leier Kongsgard-prosjektet på Karmøy.

KONGELEG BYGNING: – Me har truleg funne restane etter den kongelege bygningen der prestane til kongen heldt til i mellomalderen, konstaterer professor Dagfinn Skre ved Kulturhistorisk museum, UiO. Han er prosjektleiar for Kongsgardprosjektet på Avaldsnes i Karmøy kommune.

Foto: Martin Toft

– Eg måtte bruka heile helga for å ta innover meg det funnet eg har gjort. No når me truleg har funne ut kva det er, synest eg det er kjempestas å ha vore med på eit slikt funn, seier utgravingsleiar Egil Marstein Bauer til Uniforum. Ved hjelp av gravemaskin og andre reiskapar klarte han å finna murane til bygningen frå mellomalderen.

– Første funn av kongeleg bygning sidan krigen

– Frå skriftelege kjelder veit me at kongen skreiv sju brev frå kongsgarden sin på Avaldsnes. Det var truleg i denne bygningen prestane til kongen skreiv desse breva, og det var her kongen heldt til når han var på besøk. Prestane var nemleg også skrivarane til kongen. Eg trur det er første gong sidan krigen at det er blitt funne ein kongeleg bygning i Noreg, seier prosjektleiar og professor Dagfinn Skre ved Kulturhistorisk museum, UiO til Uniforum.

I byrjinga av 1300-talet var fire av kongen sine kyrkjer såkalla kollegiatkyrkjer. Det vil seia at dei hadde fleire prestar, og dei var kongen sine administrative senter. Olavskyrkja var ei av desse fire, og den einaste som låg utanfor byane.

Frå 1200-talet

Både bygningsrestane og dei skriftlege kjeldene tyder på at bygningen blei reist på slutten av  1200-talet og riven i byrjinga av 1600-talet. Då trong nemleg den dåverande presten i Olavskyrkja ein ny bustad. Difor blei den gamle bygningen riven og fylt igjen med jord for å gi plass til renessansehagen til presten. 

– For oss var det ei stor overrasking at det var ein steinmur på akkurat denne plassen. Me er dei første på 400 år som ser restane etter denne mellomalderbygningen, konstaterer Dagfinn Skre.

Må stansa utgravinga

– Skal de grava ut heile bygningen?

– Nei, det har me faktisk ikkje tid til og det er heller ikkje innanfor den tidsperioden me har tatt på oss å kartleggja. Me kjem difor berre til å grava ut det som er naudsynt

for å konstatera at det er den bygningen me trur det er og samtidig få så mykje kunnskap som me kan om storleik og planløysing. Kongsgardprosjektet tar føre seg tida då det første kongsetet blei lagt her og fram til 1000-talet.

– Det er likevel eit viktig funn?

– Ja, det er klart. Det er ikkje funne kongelege bygningar i Noreg på mange tiår, slår Skre fast.

KJEMPESTORT: Det var utgravingsleiar Egil Marstein Bauer som først oppdaga murveggen frå mellomalderen. – Når me no truleg har funne ut kva det er, synest eg det er kjempestort å ha vore med på eit slikt funn.

 

Fakta om Kongsgardprosjektet:

Eit utgravingprosjekt ved Olavskyrkja på Avaldsnes, der Snorre meiner at kongsgarden til Harald Hårfagre låg. Den to år lange utgravinga er første del av eit sju år langt forskingsprosjekt som tar føre seg kongsgardane sin plass i det tidlege norske kongedømmet og i kongedømmet si førhistorie tilbake til tida rundt Kristi fødsel. Staden var viktig som kongssete fordi ein her kunne kontrollera all skipstrafikk med varer ut og inn av fjordane langs kysten og vidare til England.

Utgravinga er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Karmøy kommune. Karmøy kommune finansierer utgravinga med 30 millionar kroner. Kommunen har henta inn 10 millionar frå næringslivet i regionen og 5 millionar frå Rogaland fylkeskommune.

Alle gjenstandar som blir funne, blir sende vidare til Arkeologisk museum i Stavanger.

Professor Dagfinn Skre ved Kulturhistorisk museum på UiO er prosjektleiar for utgravingane.

Les meir om Kongsgardprosjektet

 

Held fram med utgraving av festningsverk

Tidlegare denne månaden blei det klart at Kongsgardsprosjektet og professor Dagfinn Skre hadde gjort eit anna banebrytande funn. Då kunne Aftenposten opplysa at dei hadde funne den aller første busetjinga i Noreg som låg innanfor festningsmurar. Nærare undersøkingar viste at busetjinga var frå år 400-500-talet e. Kr. 

– Utgravinga av dette festningsanlegget held me sjølvsagt fram med for å finna ut kor stort det var. Uansett er også det eit klart prov på at bygging av busetjingar med ei festning rundt begynte mykje tidlegare i Noreg enn det me tidlegare har trudd. Funnet er svært talande når ein skal freista å forstå kva slags plass dette var, seier Dagfinn Skre til Uniforum.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Kulturhistorisk museum, Museene, Historie, Arkeologi Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 25. juli 2012 10:27 - Sist endra 25. juli 2012 13:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere