Rettspsykiateren som nyttig idiot

Noreg er den staden i verda der det er størst tal på utilreknelege forbrytarar. Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt meiner at Breiviksaka er eit eksempel på at juristane flyktar frå vurderingsansvaret sitt og kan gjere psykiatrane til nyttige idiotar.

 

JURISTANE FLYKTAR FRÅ ANSVAR:  Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen meiner Breivik-saka er eit eksempel på at juristane flyktar frå vurderingsansvaret sitt.

Foto: Ola Sæther

Noreg er den staden i verda der det er størst tal på utilreknelege forbrytarar, noko som kan få oss til å lure på om juristane er dårlegare til å gjere moralske vurderingar her i landet. Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen meiner Breivik-saka er eit eksempel på at juristane flyktar frå vurderingsansvaret sitt.

– Juristar er mest komfortable med harde fakta, så når ei sak er uklar kontaktar dei sakkyndige som skal uttale seg. Når då dei sakkyndige heller ikkje kjem fram til eintydige fakta viser det den maktesløysa vi står ovanfor når vi har gjort oss så avhengige av ander sine vurderingar, seier Bernt ifylgje På Høyden.

Det er heilskapen i jus-systemet det er noko gale med, meiner Bernt. Juristane gjer berre jobben sin, men det politisk-administrative forvaltinga og universitetsjuristane har vore altfor prega av den gamle positivistiske tilnæringa som går ut på at juristar skal sky alt som heiter vurderingar.

Nyttige idiotar
I samarbeid med Studentersamfunnet i Bergen inviterte professor Frank Aarebrot til rettspsykiatrisk frukost på Studia førre veke. Han lånte fritt frå Lenin då han spurde Bernt, om ein kan tolke rettspsykiatrane som juristane sine nyttige idiotar.

– Ja, det kan ein godt seie. Mange psykiatrar eg har snakka med uttrykkjer ubehag ved bruken av det utdaterte diagnosesystemet for å avgjere så store og viktige spørsmål som kven ein kan rekne som ansvarlege personar, svarte Bernt.
 

Mekanisk bruk av omgrep
Bernt håpar at Breivik-saka vil bidra til å forandre korleis rettspsykiatrien vil bli brukt i retten i framtidige saker, men han poengterer at det er ein sterk konservatisme i både dei juridiske og politiske miljøa i Noreg.

– Eg meiner at norsk strafferett ikkje kan leve vidare med ein slik mekanisk bruk av det medisinske psykiatriomgrepet. Kor fort det kan skje endringar er ikkje så lett å seie, men om ti år trur eg situasjonen er ein anna, seier Bernt.

Vil fjerne diagnoseringa
I dag seier lova at  gjerningspersonen skal frikjennast  dersom vedkommande var ”bevisstlaus” under den kriminelle handlinga. Bernt ynskjer ei klargjering av omgrepet, og meiner vi treng ei ordning der det er slik at dei som på grunn av ei psykisk liding ikkje har forståing av handlinga si ikkje skal straffast.

– Spørsmålet ein stiller psykiateren skal ikkje vere kva diagnose gjerningspersonen har, men om psykiateren vurderer det slik at personen hadde ei rimelig adekvat forståing av kva han eller ho gjorde på handlingstidspunktet, og av skadeverkingane, seier han.

Betre oppfølging
Bernt meiner også at vi treng betre oppfølging av psykisk sjuke innsette.

– Når vi set folk i fengsel anten fordi dei er farlege, eller fordi ein meiner dei er psykotiske, så bør det vere  mykje strammare krav til kva behandling dei får når dei sit i fengselet, seier Bernt.  

– Men dette er noko som sit langt inne, og det er av den enkle grunnen at det som elles er Finansdepartementet som er den største trugselen mot rettssikkerheita, hevdar han.

 


 

Emneord: Jus, Medisin Av Ingvild Nilssen i På Høyden
Publisert 24. apr. 2012 09:48 - Sist endra 24. apr. 2012 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere