Tar vare på Kinas språkarv

- Kinesarane kan læra Vesten sansen for djup folkevisdom. Ein vanleg kinesisk lesar kan opptil 12 000 ordtak som ofte inneheld djupe sanningar Det fortel Christoph Harbsmeier , som er professor i klassisk kinesisk ved Universitetet i Oslo. Han er tildelt årets forskingspris av Universitetsstyret. Prisen er på 250 000 kroner og blir delt ut på UiOs årsfest 2. september.

GRUNNLAGET: - Klassisk kinesisk er grunnlaget for å forstå Kinas historie, meiner professor Christoph Harbsmeier, som får UiOs forskingspris for 2005.
Foto: Ståle Skogstad

Christoph Harbsmeier står ute på gata og tar imot oss i kinesiske tøflar og losar oss inn i hovudkvarteret til The Swedish Collegium for Advanced Study in the Social Sciences i Uppsala. Her leier han ei forskargruppe som ser på erkjenningsmessige (kognitive) system i kinesisk.

Han tar oss med opp ein etasje og opnar døra til kontoret sitt. Der har han allereie kopla opp dei to datamaskinene sine til ein framvisar som viser data frå det 18 år lange forskingsprosjektet hans, Thesaurus Linguae Sericae. An Historical and Comparative Encyclopedia of Chinese Conceptual Schemes."(TLS).

Heile prosjektet ligg tilgjengeleg på nettet for dei innvigde og blir rekna som ein milepæl både i studiet av kinesisk og når forskarar vil samanlikna den kinesiske omgreps- og idehistoria med den europeiske. Harbsmeier tar sete bak skrivepulten og demonstrerer databasen.

- Her ser du ordet "mei", som tyder vakker på klassisk kinesisk. Me interesserer oss for den prototypiske tydinga av dette ordet både når det gjeld estetikk og det kulinariske. Viss du legg markøren på dette ordet og trykkjer på datamusa, får du tolv forklaringar på engelsk av kva samanhengar dette ordet kan brukast i på klassisk kinesisk. Det kan forklara både ein vakker person, ein vakker ting i naturen eller ein vakkert dandert matrett.

- Målet vårt er ikkje å skriva ei lang avhandling om kvart ord, men me ynskjer å visa kva ein kinesisk fireåring må læra når han eller ho skal læra seg klassisk kinesisk. I denne databasen vil me skapa lenkjer mellom enkeltord innan det same semantiske feltet, altså synonym, antonym og hyponym og mellom enkeltord og dei tekstane der desse orda finst, forklarar han.

Vil dekka 3100 år

- Fram til i dag har me ord frå 36 000 digitaliserte band skrivne på klassisk kinesisk frå år 1200 før Kristus og fram til 1783. Databasen inneheld tekstar frå før-buddhistisk tid, frå mellomalderen og 2000 timar med lydopptak med ein person som forklarar over 100 000 ord frå moderne kinesisk slik den blir snakka av dei opphavlege innbyggjarane i Beijing. Dermed kjem databasen til å dekka 3100 år av kinesisk språkhistorie, fortel han.

Harbsmeier har knytt til seg forskarar frå blant anna prestisjeuniversiteta Harvard, Princeton, Berkeley, Oxford, Paris og Beijing til dette prosjektet.

- Målet vårt å gjera det mogleg å samanlikna klassisk kinesisk med andre gamle kulturspråk som gresk, latin, sanskrit og hebraisk. Omgrepsapparatet må vera tilstrekkeleg velorganisert for at det skal kunna finnast igjen. Difor må det setjast inn i eit slags språkleg hierarki. Etter kvart som Kina blir meir Midtens rike enn nokon gong før medan Europa blir mindre og mindre viktig, er det essensielt å inkludera kinesisk i idé- og omgrepshistoria i verdsbiletet vårt, seier han.

- Men korleis fekk du ideen til å laga denne databasen?

- Den kom vel litt etter litt, men det store vendepunktet kom då me fekk Forskingrådets forskingspris på 3,6 millionar kroner i 1989. Det var grunnløyvinga til det som blei starten på denne databasen. I det tilfellet var Forskingsrådet svært framtidsretta, seier han.

Frå Oxford til UiO

Det store gjennombrotet hans som forskar i klassisk kinesisk kom med utgjevinga av boka "Aspects of Classical Chinese Syntax "(1981). Boka er blitt eit standard referanseverk innan klassisk kinesisk lingvistikk. I 1998 gav han ut boka "Language and Logic in Traditional China." Denne boka utgjer det sjuande bandet av den britiske forskaren Joseph Needhams prestisjefylte verk "Science and Civilization in China."

Men det tok lang tid før Christoph Harbsmeier frå Göttingen i Tyskland blei ein av verdas leiande forskarar i klassisk kinesisk. Gymnaslæraren hans sende han til Oxford for å læra gresk, latin og analytisk filosofi. Men etter kvart fann han ut at han heller ville studera klassisk kinesisk. Etter å ha gifta seg med ei dansk kvinne slo han seg ned i Danmark, der han gjekk arbeidsledig i fire og eit halvt år.

- Det var då eg fekk tilbod om ei stilling som førsteamanuensis i kinesisk ved Universitetet i Oslo. Det er eg evig takksam for overfor universitetet og difor takka eg seinare to gonger nei til ei stilling ved Københavns universitet, sjølv om dei var innstilte på å tilby meg 1mange tusen kroner meir i årsløn, fortel han.

Fascinert av Kinas kultur

I dag er han gjesteprofessor ved fem kinesiske universitet, og han var den første utanlandske gjesteprofessoren i klassisk kinesisk ved Beijing-universitetet. Han er full av beundring for den kulturelle rikdomen han finn i det gamle Kina.

- Dei er no der me var på 1700-talet. Då kunne utdanna europearar mykje som var verdt å vita om klassisk gresk og latin som nettopp er grunnlaget for å forstå kulturen vår. På same måten er klassisk kinesisk grunnlaget for å forstå Kinas historie.

- Kunnskapen i klassisk kinesisk er i ferd med å gå tapt for kinesarane i konkurransen med Internett og fjernsynskanalar som sender program 24 timar i døgeret. Om to eller tre generasjonar vil denne kunnskapen vera heilt marginalisert. Difor seier eg at me som har studert klassisk kinesisk språk og kultur, kan seia korleis kinesarane var, men me kan ikkje seia korleis dei er.

- Kinesarane held på å gløyma det felles kulturelle minnet. Ein kan seia at dette er tragisk, men det legg uante framtidsperspektiv på Kinas modernisering også, meiner han.

Emneord: Forskning, Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 15. juni 2005 11:27 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere