UiO-rektor: - Positiv forskingsmelding

- Det er mykje positivt i forskingsmeldinga, men eg stiller meg tvilande til om det er mogleg å gjennomføra målet om at investering i forsking og utvikling skal utgjera tre prosent av bruttonasjonalproduktet i 2010, seier rektor Arild Underdal .

AMBISJONAR: - Meldinga viser at regjeringa har ambisjonar om å styrkja norsk forsking, seier Arild Underdal.
Foto: Ola Sæther

UiO-rektoren synest forskingsmeldinga "Vilje til forskning" er eit klart uttrykk for at regjeringa har ambisiøse mål for norsk forsking.

- For det første vil den satsa på så høg kvalitet på forskinga at Noreg kan gi eit bidrag til internasjonal kunnskapsutvikling. For det andre har regjeringa ein visjon om at forsking skal føra til nærings- og samfunnsutvikling i vid tyding. Dette viser at regjeringa har ambisjonar om å styrkja norsk forsking, seier Arild Underdal.

Tvilar

Samstundes tvilar han på at målet om at forsking og utvikling skal utgjera tre prosent av bruttonasjonalproduktet innan 2010 verkeleg blir nådd.

- Føresetnaden er jo at investeringane til det private næringslivet skal utgjera to prosent av BNP medan investeringane frå det offentlege skal utgjera ein prosent. Eg må vedgå at eg tvilar på at denne ambisjonen let seg realisera. Ikkje ein gong med dei nye stimuleringstiltaka, trur eg det vil vera mogleg å få norsk næringsliv til å investera så mykje i forsking og utvikling. Og urealistiske mål kan i verste fall verka demoraliserande, trur han. Han illustrerer det med eit bilete frå idrettsverda.

- Dersom eg skulle ha eit mål om å springa maraton på 2 timar og 20 minuttar, så ville alle sjå at det ville vera eit heilt urealistisk mål. Då er det betre å setja seg eit mål som er i ytterkanten av kva ein klarar, men som det er mogleg å nå. Regjeringa sitt mål om at den samla finansieringa av forsking og utvikling skal utgjera tre prosent av BNP, blir vanskeleg å nå utan større offentleg innsats, slår han fast.

Investerer i utlandet

Underdal viser til at norsk kunnskapsintensivt næringsliv har mange små selskap med få ressursar til å investera i forsking.

- Dei få store norske multinasjonale selskapa som Yara og Telenor tenkjer globalt og kan truleg like godt tenkja seg å investera i forsking og utvikling i Kina eller i India som i Noreg sidan det vil vera billegare der, konstaterer han.

- Clemet har lytta

Underdal er likevel glad for satsinga på internasjonalisering og på den styrkte finansieringa av forskinga.

- Det er tydeleg at Kristin Clemet har lytta til råda frå forskarane når det gjeld ynska om å få betre finansiering av kvardagsforskinga og drifta av den. Føresetnaden for at me skal få dette til, er eit nært samarbeid mellom Forskingsrådet og universitets- og høgskulesektoren, meiner han.

Dessutan synest han det er prisverdig av regjeringa å halda fram med dei same satsingsområda som den førre forskingsmeldinga gjekk inn for.

- Slike tematiske satsingar treng ein lenger tidsperiode enn fire til fem år for at me skal kunna hausta frukta av det. Enkelte politikarar prioriterer dei saksområda som dei sjølve interesserer seg mest for i staden for å tenkja langsiktig. Det har ikkje skjedd i dette tilfellet, synest han.

Nøgde studentar

Også Norsk Studentunion er nøgd med innhaldet i forskingsmeldinga til regjeringa. Organisasjonen er spesielt glad for den varsla satsinga på internasjonalisering, grunnforsking og nyskaping. Dessutan trekkjer den fram lovnaden om 350 nye stipendiatar kvart år.

- Det har lenge vore eit skrikande behov for auka forskingsmidlar og forskarar har i mange tilfelle brukt meir tid på å søkja etter pengar enn på å forska.. Det er difor gledeleg at regjeringa foreslår naudsynte grep ved å lova meir frie forskingsmidlar, seier Jørn A. Henriksen, leiar av Norsk Studentunion i ei pressemelding.

Ny optimisme

Noregs forskingsråds administrerande direktør, Arvid Hallén, tar godt imot forskingsmeldinga.
- Regjeringa legg fram ei positiv forskingsmelding som kan gi ny optimisme blant norske forskarar. Meldinga inneheld store ambisjonar med ei rekkje tiltak, som krev ein stor del oppfylging og konkretisering, seier Hallén.

Emneord: Forskningspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 18. mars 2005 15:41 - Sist endra 10. des. 2008 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere