Forskingsprisvinnar: - Kjempefin inspirasjon!

- Dette er ein kjempefin inspirasjon både for meg og forskargruppa mi. No blir det mogleg å få kjøpt inn ein god del av det utstyret me har gått og ynskt oss. Slik reagerer professor og fugleekspert Jan Terje Lifjeld ved Zoologisk museum på kunngjeringa om at han har fått Universitetets forskingspris for 2003. Prisen er på 250 000 kroner.

Jan Terje Lifjeld har akkurat kome tilbake frå eit to veker langt studieopphald i Heimdalen i Valdres. Denne bortgøymde dalen like ved Valdresflya er kjerneområdet for blåstrupen i Sør-Noreg. Det er forskinga på årsakene og konsekvensane av utanomekteskaplege forhold hos denne fuglearten som har gjort Lifjelds namn kjent blant lesarar av både Nature, National Geographic og Newsweek.

- Tidlegare var det vanleg å tru at ein fugleart som praktiserte monogami var trufaste mot kvarandre gjennom heile livet. Gjennom DNA-prøvar av blåstrupeungar og blåstrupeforeldre oppdaga eg at ein tredel av ungane berre hadde genetiske fellestrekk med mora og ikkje med ektemaken til mora. Konklusjonen var at hofuglen var utru med andre hannfuglar utan at ektemaken oppdaga at han ikkje var den rette faren til ungane han mata. Grunnen til dette er at mora heile tida er ute etter å betra immunforsvaret til ungane. Då er det ikkje sikkert at den hannfuglen som passar best som ektemake, er like passande som far til ungane hennar, forklarar Lifjeld.

Først i verda

I 2000 kunne Lifjeld og forskargruppa hans som den første i verda dokumentera genetiske effektar på immunforsvaret hos ungane gjennom hofuglen sitt val av barnefar. Arbeidet blei publisert i tidsskriftet Nature.

- Prosjektet gjekk ut på å injisera eit framand protein i ungane medan dei er i reiret. Proteinet utløyste ein betennelsesreaksjon. Deretter gjekk me til laboratoriet og gjorde ein farskapsanalyse av ungane etterpå. Hos dette ungekullet var mest alt likt, dei hadde same mor, same oppvekstvilkår, same foreldre, men dei hadde ulike gen frå far. Då klarte me å finna ut at dei uekte fugleungane hadde betre immunforsvar enn dei ekte ungane til det monogame fugleparet. Skilnaden på immunforsvaret mellom desse fugleungane hadde altså samanheng med farskapen, fortel Lifjeld.

- Kan dette funnet også overførast til andre dyr eller til mennesket?

- Konklusjonen må bli at det aller beste for å styrkja immunforsvaret hos ungane våre er å finna ein partnar som er mest mogleg genetisk ulik deg sjølv, svarar han.

- Når det gjeld utruskap i fugleverda, er det mest omfattande blant småfuglane eller songfuglane våre. Blant rovfuglane, som kongeørna og vandrefalken er hofuglen og hannfuglen trufaste mot kvarandre gjennom heile livet, understrekar Lifjeld.

Først med DNA-prøvar

På 1980-talet var han ein av dei første norske forskarane som tok i bruk DNA-prøvar for å kartleggja farskapsmønster hos viltlevande fuglar. Som postdoktor fekk han opplæring i DNA-analysar ved Rettsmedisinsk institutt ved Rikshospitalet i 1988/89.

- Det var ganske spesielt å analysera DNA-prøvar av fuglar medan dei andre forskarane dreiv på med DNA-prøvar frå kriminelle brotsverk, minnest han. Etter at han blei tilsett ved Zoologisk museum i 1992, bygde Lifjeld opp eit moderne DNA-laboratorium for ulike metodar for slektskaps- og farskapsanalyse.

- Hovudinteressa er blitt jobb

Heilt sidan oppveksten i Skien har han interessert seg for
fuglar.
- Ja, eg er ein av dei heldige som har klart å gjera hovudinteressa mi til jobb. Eg trur også det er naudsynt å vera både interessert og engasjert i eit fagfelt for å kunna gjera det best mogleg. Då kan du koma så langt du vil, berre du legg ned både innsats og tid i fagfeltet ditt. Det er betre å venta eitt år med å publisera ein artikkel for å få den så god at den kan bli publisert i Nature enn å publisera ein 0mindre god artikkel i eit mindre prestisjefylt tidsskrift, er han overtydd om.

Kritisk til SFF

Han var også ein av dei som søkte om å få etablera eit senter for framifrå forsking utan å vinna fram.

- Formålet var å fremja forskingskvalitet i grunnforskinga. For meg ser det likevel ut som om det er nytteomgrepet som har vore retningssnora for dei som plukka ut desse sentra. No ser eg at det skal vera ein ny utlysingsrunde i 2005, men eg kjem ikkje til å søkja om utlysingsteksten inneheld ord som "nytte" og "relevans", slår han fast. Akkurat no er han i ferd med å lesa siste korrektur på ein ny artikkel som skal publiserast i Nature til hausten.

- Eg får ikkje lov til å seia noko anna enn at den handlar om blåmeisen, avslører han med eit lurt smil.

GENETISK FLASKEHALS: - Vandrefalken er i dag prega av at den har vore gjennom ein genetisk flaskehals etter at den var truga av utrydding på 1970-talet, forklarar vinnaren av Universitetets forskingspris, Jan Terje Lifjeld.

Emneord: Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2003 12:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere