Klokka 13.30 i ettermiddag kunne Khamis Elessi, kona hans og barna hans endeleg setja beina på norsk jord. Då dei kom inn i ankomsthallen på Oslo lufthavn Gardermoen, blei dei tatt imot av vennen og medisinprofessoren Espen Bjertness. Då var gjensynsgleda stor:
– Dette kjennest uverkeleg. Eg kan nesten ikkje tru det er sant. Og eg føler ikkje at det er så kaldt her i Noreg. Kanskje det er på grunn av den varme velkomsten me får, seier Khamis Ellessi til Uniforum.
Vil fortelja om situasjonen i Gaza
Rett før har han og kona og seks av dei sju barna hans kome inn i ankomsthallen og blitt tatt imot av vennen og kollegaen Espen Bjertness.
Neste veke startar han i jobben som forskar på Det medisinske fakultetet.
– Eg vurderer framleis om eg skal begynna å fortelja om situasjonen i Gaza akkurat no eller om eg skal fortelja om akuttmedisin. Eg trur det helst blir å fortelja om korleis det er i Gaza, seier han til Uniforum. Der han han jobba både på Det islamske universitetet og på eit sjukehus i Gaza by.
Espen Bjertness har i fleire år jobba for å få Khamis Ellessi ut av Gaza saman med familien sin. Etter fleire år kunne Bjertness i dag sjå at innsatsen hadde bore frukter. Saman med Scholars at Risk har UiO oppretta ei eiga forskarstilling for Khamis Elessi på Det medisinske fakultetet. Det var sterkt for han å oppleva å få møta Khamis Elessi og familien på norsk jord nesten fem år sidan han såg Elessi sist gong på ein konferanse ved Dødehavet.

– Det er mange kjensler no. Og det er svært rørande å sjå han og familien i Oslo. No skal me ta dei med dit dei skal bu i Bærum. Eg synest naboane deira har vore heilt fantastiske med å koma med ting og tang som dei treng i heimen. Med ein gong dei høyrer dei kjem frå Gaza, vil dei hjelpa. Det viser kor gode og vennlege dei personane er, seier Espen Bjertness, like før han skal gå til maxitaxien som skal ta dei fram til den nye heimen deira. Der blir Khamis Elessi og familien nesten naboar med Espen Bjertness og familien hans.
– Universitetet i Oslo har også vore svært hjelpsam med å få lagt alt til rette for at Khamis Elessi får gode arbeidsforhold på Det medisinske fakultetet og at familien hans får det bra, får han tid til å seia før han må dra vidare.
Medisinprofessor Espen Bjertness har i mange år samarbeidd med lege Dr. Khamis Elessi i Gaza. Dei har skrive fleire vitskaplege artiklar saman som er blitt publiserte i det medisinske tidsskriftet The Lancet.
Ynskte å flytta til Noreg i 2021
Uniforum intervjua Khamis Elessi første gong på Skype under pandemien i juni 2021. Den gongen hadde folk i Gaza opplevd ti dagar med bombing frå det israelske forsvaret. Også den gongen var det tøft å vera både lege og palestinar i Gaza.
– No ynskjer eg og familien min å dra herifrå, og eg håpar det kan vera mogleg å få ei forskarstilling på Universitetet i Oslo, fortalde han til Uniforum den gongen. Då hadde 250 menneske blitt drepne i Gaza, medan 13 var drepne i Israel.
Etter at Hamas gjekk til åtak på Israel 7. oktober 2023 og drap rundt 1200 israelarar og kidnappa 250 personar, har 70 000 menneske blitt drepne i Gaza, mange tusen av dei barn og kvinner. Til saman er 1600 israelarar drepne. Dei aller fleste sjukehusa har blitt trefte av bomber, også sjukehuset der Khamis Ellessi har jobba som lege og professor.
Fekk endeleg klarsignal rundt juletider
I fjor haust drog Espen Bjertness til Jordan med pass til både Khamis Elessi og familen hans. Då hadde både han og The Lancet-redaktøren Richard Horton jobba for å få Elessi ut av Gaza og til Noreg gjennom Scholars at Risk-programmet. Då fekk han først beskjed frå Utanriksdepartementet at dei ikkje kunne garantere for eit visum, før dei hadde kontrollert identiteten til Elessi og familien hans. Det gjorde Espen Bjertness sint.
– Der sit han og ventar på å få komma ut. Håpet var der, og så blir det knust, sa han til Khrono. Rett før jul fekk Bjertness til slutt beskjed om at alt var i orden. Då kunne han tinga reisa og gjera klar husværet for Elessi og familien.
No er Khamis Elessi og familien hans klare for det nye livet i Noreg. For Khamis Elessi begynner det nye forskarlivet på måndag. Då skal han møta medisinstudentane på UiO for første gong.
Les meir i Uniforum:
Khamis Elessi kan gå inn i professorstilling ved UiO, men kjem seg ikkje ut av Gaza
Svein Stølen: – Me vil ta imot forskarar frå Gaza på same måten som forskarer frå Ukraina
(Uniforum skreiv først at Khamis Elessi kom med kone og fem av seks barn. Det korrekte er at han kom med kone og seks av sju barn. Korrigert 13. februar 2026 kl. 10:15)
Logg inn for å kommentere