Sigrun Aasland: – Eg meiner me har eit kjempegodt samarbeid med Statsbygg

 Ein ny finansieringsmodell for nybygg og rehabilitering av dei tradisjonelle universiteta er ikkje avgjort, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland

NØGD: Sigrun Aasland er glad for at talet på mellombels tilsette i universitets- og høgskulesektoren er gått noko ned.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var tre prioriteringar forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland trekte fram under Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning tysdag 20. januar. Det var å byggja den kompetansen Noreg har bruk for, forskingskraft og internasjonalt samarbeid. 

– Næringslivet må bidra meir

Ho peika på at tildeling til forsking og høgare utdanning i dag utgjer ein prosent av bruttonasjonalproduktet, medan målet er tre prosent.

 – For å oppnå det målet må næringslivet bidra endå meir, var oppfordringa ho kom med. Det meinte ho Noregs forskingsråd kunne vera ei brekkstang for å få til. 

– Derfor utfordrar eg Forskingsrådet til å oppretta ein heilt ny funksjon, sa ho frå scena i Radisson Plaza hotell i Oslo. 

Aasland var også opptatt av å få lagt forholda til rette for at dei 700 000 personane som i dag står utanfor utdanning og arbeidslivet, må få tilbod om fagutdanning eller etterutdanning.

Når ho er ferdig med opningstalen sin og har fått svart på spørsmål frå leiarar i universitets- og høgskulesektoren, stiller forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland opp for å svara på aktuelle spørsmål frå Uniforum.

– Skal ikkje gå utover universiteta sine kjerneoppdag

– I statsbudsjettet for 2026 kjem regjeringa med eit forslag om at dei fem tradisjonelle universiteta som fram til no har eigd bygningane sine sjølve, må betala leige for nye og rehabilerte bygg gjennom at de ligg inn eit kapitalelement i kostnadane, som de kallar for kapitalbelasting. Kva skjer med det forslaget?

– I statsbudsjettet skriv me at me jobbar med å greia ut dette. Dei betalar allereie for forvaltning, drift og vedlikehald, men spørsmålet er om dei også skal betala for kapitalelementet i bygga som dei byggjer eller rehabiliterer. Føresetnaden for det, som også går fram av proposisjonen, er at den i så fall ikkje skal belasta dei øvrige budsjetta slik at det ikkje skal gå utover universiteta sine kjerneoppdrag, understrekar ho.

– Formålet er å sørgja for at dei har gode insentiv til nøkternheit og god planlegging, legg ho til.

– Dette kan vera ein måte å gjera det på, men det kan vera andre måtar å gjera det på. Me har ein god dialog med U5 (dei fem universiteta som sjølve forvaltar bygningsmassen sin) om korleis me kan få til dette.

– Så det er ikkje heilt fastspikra enno?

– Nei.

– Statsbygg er ein veldig god byggherre

– Nokre meiner at Statsbygg tar marknadsleige for bygg på tomter som er øyremerkte til forskings- eller undervisningsbygg. Har de nokre føringar å gi til Statsbygg på det området?

IMPONERT: – Eg har i haust også vore med på flyttinga av vikingskip. Det er eit fantastisk prosjekt som også Statsbygg har ansvaret for, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Eg meiner me har eit kjempegodt samarbeid med Statsbygg. Og Statsbygg er ein veldig god byggherre på veldig mange prosjekt. No held me på med NTNU Campus-samling, der me også har fått ned kostnadane tydeleg gjennom prosjektet, seier ho. 

Aasland går deretter over til å snakka om bygginga av Noregs største forskingsbygg.

– Livsvitskapsbygget har av heilt andre årsaker enn på grunn av universiteta blitt dyrare enn føresett. Det handlar om grunnforholda og det handlar om krigen i Ukraina som påverkar materialkostnader. Det blir eit viktig bygg der eg trur me kan få til eit godt samarbeid med næringsliv og forsking, der det er gode labfasilitetar og gode undervisningsmoglegheiter. Statsbygg har gode prosjekt, synest ho.

Aasland viser til at ho også har observert det som skjer i Vikingtidsmuseet på Bygdøy.

– Eg har i haust også vore med på flyttinga av vikingskip. Det er eit fantastisk prosjekt som også Statsbygg har ansvaret for. Så dei har god erfaring og forståing med bygg også for denne sektoren, fortel ho.

– Gått frå 12 til under åtte prosent

– I førre veke kom det ei undersøking som viste at fast tilsette forskarar, men i enda større grad stipendiatar og postdoktorar slit med både angst, uvisse og mangel på svevn på grunn av arbeidssituasjonen sin. Nokre av stipendiatane må også gå på NAV før dei er ferdige med doktorgraden sin. Er det noko regjeringa kan gjera for å hjelpa denne gruppa?

– Fast jobb og tryggleik for økonomien er grunnleggjande for Arbeidarpartiet og derfor har me også jobba mykje med dette og fått resultat for mellombelse tilsetjingar i denne sektoren som eg er svært glad for. I 2025 ligg den på 8,8  prosent, og det er nærare 5 prosenpoeng lågare enn i 2019, peikar ho på.

– Så det er bra. Og det arbeidet held me fram med. Det er viktig at me dimensjonerer doktorgradsutdanninga slik at det er utsikter til jobb i den andre enden av ei doktorgradsutdanning. Me lever i ei tid der det er lett å bli uroleg for mykje av det me ser rundt oss. Og det forstår eg veldig godt, seier ho til Uniforum.

– Vil styrkja det internasjonale forskingssamarbeidet

– Mange forskarar har tradisjonelt dratt til USA for eit opphald på eitt av universiteta i det landet. Når du ser utvikinga i USA akkurat no, vil du oppfordra dei til å halda fram med det eller at dei skal venda blikket mot Europa?

– Eg vil at forskarane våre skal samarbeida internasjonalt. USA har nokre av verdas beste kunnskapsmiljø på veldig mange område. Forskingssamarbeid med USA er bra og viktig for Noreg. Men også samarbeid med Europa og våre allierte og andre er veldig viktig og noko av det eg ynskjer å styrkja framover, forsikrar Sigrun Aasland.

Les meir i Uniforum:

– Ingen kjem til å bli fortrengt i Livsvitskapsbygget

Midlertidig ansatte sliter mest

Fryktar fylgjene av ny finansieringsmodell for universitetsbygningar
 

 

Emneord: Forskingspolitikk, Universitetspolitikk, Statsbygg, Doktorgrader Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2026 00:13 - Sist endra 21. jan. 2026 10:33

Logg inn for å kommentere