– Ingen kjem til å bli fortrengt i Livsvitskapsbygget

– Det er eit superflott bygg, og det er gjort plass til heile biologi. Det blir plass til alle, og ingen kjem til å bli fortrengt, lovar UiO-rektor Ragnhild Hennum.

VIL RUSTA OPP EIGNE LOKALE: – Så langt som mogleg ynskjer me å ha som overordna prinsipp at me ikkje skal leiga dyre lokale. Derfor må me rusta opp våre eigne lokale og flytta verksemdene våre inn i dei lokala i staden for, seier UiO-rektor Ragnhild Hennum. 

Foto: Ola Gamst Sæther

No har Ragnhild Hennum vore rektor ved Universitetet i Oslo i fem månader. På den tida har ho mellom anna fått tid til å ommøblera rektorkontoret i niande etasje i Lucy Smiths hus, slik at det også er mogleg å ha møte der. 

Eit modernistisk måleri ho har arva frå forgjengaren Svein Stølen heng framleis på veggen bak kontorpulten. Men på hovudveggen har ho hengt opp fleire portrett av UiOs første kvinnelege rektor Lucy Smith. Og på bokhylla ligg også den siste boka til UiO-professor Tore Rem: «Tidligere frisk mann. En sykdomshistorie». 

– Den håpar eg at eg får tid til å lesa i ledige stunder, seier ho til Uniforum.

I løpet av dette året skal Hennum delta på opninga av det 14 milliardar dyre Livsvitskapsbygget. Mot slutten av 2027 skal også eit anna milliardbygg, Vikingtidsmuseet på Bygdøy, vera innflyttingsklart.

Før jul gjekk biologiprofessor Nils Chr. Stenseth hardt ut i Uniforum og sa at han ikkje ville flytta inn i Livsvitskapsbygget fordi han frykta at dei klassiske biologane ville bli fortrengte til fordel for dei som forskar på biomedisinske problemstillingar. 

UiO-rektor Ragnhild Hennum tar diskusjonen med knusande ro.

– Det er rom og plass for den klassiske biologien. Dei får no fantastiske laboratorium, oppgraderte fasilitetar og infrastruktur. Eg har merka meg dei svært få kritiske stemmene som er der, men eg har også merka meg synspunktet frå instituttleiaren som er svært positiv til innflyttinga. Eg er heilt sikker på at dei som har vore meir atterhaldne, også vil bli fornøgde med bygget og innretninga på bygget. Det er eit superflott bygg, og det er gjort plass til heile biologi. Det blir plass til alle, og ingen kjem til å bli fortrengt, lovar UiO-rektoren.

– Ein flyttekabal kan eg ikkje gi deg her og no

– Samtidig som mange flyttar inn i Livsvitskapsbygget, vil mange flytta ut av mellom andre Kjemibygningen. Kva vil du flytta inn der?

– No jobbar me med ein masterplan for eigedom. Det er ikkje berre Kjemibygningen. Farmasi har me også ein plan for. Og me har Kristine Bonnevies hus. Me har framleis ein del leigde lokale. Så langt som mogleg ynskjer me å ha som overordna prinsipp at me ikkje skal leiga dyre lokale. Derfor må me rusta opp vår eigne lokale og flytta verksemdene våre inn i dei lokala i staden for. Ein flyttekabal kan eg ikkje gi deg her og no, men me jobbar med det, varslar ho.

– I desember blei det avslørt at regjeringa i Kunnskapsdepartementets budsjettdokument hadde føreslått at det skulle innførast noko dei kalla for kapitalbelasting for dei fem tradisjonelle universiteta. Har du kviskra forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland noko i øyra når det gjeld desse planane?

– Eg trur både Kunnskapsdepartementet og forskings- og høgare utdanningsministeren er godt kjent med UiOs posisjon når det gjeld dette spørsmålet. Og me arbeider med å informera og fremja våre syn på dette. Kapitalbelasting høyrest litt utilgjengeleg ut, men i botn og grunn handlar det om husleige, slår ho fast.

Hennum blei heller ikkje overtydd av svaret frå statsråd Sigrun Aasland då ho fekk spørsmål om dette i Stortinget frå stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt frå Raudt.

– Der blei det sagt at ein skal kompenserast for dette. Så kan ein spørja seg om kva som er poenget med det. Det kjem til å blåsa opp budsjettdelen til denne sektoren, og det er ikkje ei ny krone i dette. Kva oppnår ein då med dette? Om dei ikkje vil ha store og vidløftige byggjeprosjekt, kan dei berre lata vera å vedta dei. Det er vanskeleg for meg å forstå grunngjevinga for dette, seier Hennum.

– Er i dialog for å finna ei løysing alle kan stilla seg bak

– Spørsmålet om akademisk boikott av Israel har vore oppe på i alle fall tre møte i universitetsstyret, og det kjem opp igjen på møtet i februar. Det har vore diskusjon om Horisont Europa-samarbeid med israelske forskarar er forskar-til-forskar-samarbeid eller eit institusjonelt samarbeid. Trur du det vil vera mogleg å koma fram til ei løysing på det?

GODT OG FORSVARLEG: – Me har tenkt å driva verksemda godt og forsvarleg, og det får me til med dei pengane me har, seier rektor Ragnhild Hennum ved Universitetet i Oslo. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Me ser at standpunkta står godt frå kvarandre. Om me klarar å finna ei løysing som alle vil vera einige i, det vil eg ikkje seia. Men me har ikkje gitt opp sidan me skal halda fram med å diskutera det.

– Så du har framleis eit håp om det?

– Uansett så går det ikkje an å ha ei samrøystes avgjerd i alle saker. Det går an å ta ei avgjerd der me faktisk er ueinige, og så stemma. Me skal diskutera det, og er i dialog i styret for å sjå om me klarer å få til ei løysing som alle vil stilla seg bak. Det er umogleg for meg å seia over bordet at ei slik løysing finn me, presiserer ho.

Les også: Strid i UiO-styret om Horisont Europa er forskar-til-forskar-samarbeid

Frå spørsmålet om akademisk boikott av Israel, går me til den dårlege økonomien for institusjonane. UiO har gjort nokre grep for å ha kontroll på pengebruken.

– Me lyser ut nokre stillingar, men ikkje så mange. Og dei tilsette merkar at det er færre pengar ute på einingane. Men me har tenkt å driva verksemda godt og forsvarleg, og det får me til med dei pengane me har. Så då må me bruka dei pengane så godt me kan, og då er det kjerneverksemda som me passar på, understrekar Hennum.

– På sett og vis er me i ein annan divisjon enn dei andre

Ho trekkjer fram at UiO også er flink til å få inn eksterne inntekter frå mellom anna Det europeiske forskingsrådet ERC.

– Der er me nest best i Norden etter Københavns Universitet. For moro skyld har eg også telt opp kor stor del av tildelingane frå FRIPRO til Forskingsrådet som går til UiO. Då har me altså to tredelar av alle tildelingane i landet i 2024 og 2025. Det er veldig bra. På sett og vis er me i ein annan divisjon enn dei andre, synest ho.

I desember blei det klart at UiO også fekk tildelt mange millionar til kvanteforsking. Sjansen til å trekkja fram dette, let Ragnhild Hennum heller ikkje gå frå seg.

– UiO er blant dei få institusjonane i Noreg som kan driva med dette. Der ser me at det no blir jobba med eit nordisk nettverk. Alle landa ser at det krev stor infrastruktur og er eit komplekst område å vera inne i. Saman i Norden kan me bli noko som har noko å seia, fortel Hennum.

– Eit fantastisk kompetent verktøy i forsking

UiO-rektoren klarer ikkje å skjula at ho ser nytta i kunstig intelligens.

– Det er eit fantastisk kompetent verktøy i forsking. I forskinga blir det no brukt på nesten alle fakulteta. På sjukehusa blir det lagt inn store biletmateriale for å bruka kunstig intelligens som hjelpeverktøy ved diagnostisering. Så har me fått to KI-senter på UiO. Eitt av dei,Trust, skal sjå på korleis det mogleg å laga påliteleg kunstig intelligens.

Ragnhild Hennum fortel at på utdanningsfeltet ser UiO at nokre eksamensformer er blitt sårbare for den nye teknologien, noko også Malthe-Sørensen-utvalet om kunstig intelligens har peika på.

– Nokre fakultet har også vurdert om eksamensformene deira er sikre nok. Nokre eksamenar har me prøvd å inkludera kunstig intelligens. I andre tilfelle har me endra heimeeksamen til å bli skuleeksamen. Nokre heimeeksamenar har me halde fram med, men me har gjort tilpassingar som gjer at det ikkje er mogleg å bruka kunstig intelligens. 

– Me prøver det ut for å finna ut korleis me kan klara å inkludera kunstig intelligens også i eksamensoppgåvene, legg ho til.

– Svært overraska over det som skjer i USA

Ragnhild Hennum lovar at UiO vil halda fram kampen for akademisk fridom for forskarar og studentar i andre land.

– Dei siste åra har me også styrkt ordningane med både Scholars at Risk og Students at Risk. Det skal me fylgja opp. Samtidig jobbar me for det gjennom dei internasjonale samanslutningane som me er med i. Det har på ingen måte blitt mindre aktuelt. Det som skjer i verda no, først og fremst i USA, det er svært overraskande at det kunne skje så raskt og med ei slik dramatisk vending, konstaterer ho.

Ho avsluttar med å framheva både Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet som i løpet av halvtanna år, begge skal opna dørene.

UTSIKT OVER BLINDERN: Frå kontoret i Lucy Smiths hus har rektor Ragnhild Hennum godt utsyn over Campus Blindern. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Dei får fantastiske moglegheiter til både å forska og å samarbeida i Livsvitskapsbygget. Det gjeld å få flyttinga organisert slik at det ikkje øydelegg for studia og passar for studentane og forskarane sine feriar og framdrift. Oslo som motor for livsvitskapsforsking, kjem til å bli forsterka med dette bygget, er ho overtydd om.

Også Vikingtidsmuseet, som no har fått taket kledd med 57 000 skiferfliser, er ho imponert over.

– Det blir eit fantastisk museum som me ikkje har noko liknande av her i landet, og det er langt mellom dei også internasjonalt. Me håpar me får mange besøkjande både av turistar og skuleklassar som skal læra om vikingtida og læra kulturhistorie. Me må også få på plass den siste delen av finansieringa, slik at me opnar på den planlagte datoen, håpar Ragnhild Hennum.

Les meir om Ragnhild Hennum i Uniforum: 

Hennum støtter anbefalinger fra  Malthe-Sørensen-utvalg

No har Ragnhild Hennum overtatt roret på UiO

Ragnhild Hennum i fløyel og fuskepels

Kusina til Supermann

Emneord: Universitetspolitikk, Livsvitenskapsbygget, Vikingtidsmuseet, Kunstig intelligens Av Martin Toft
Publisert 15. jan. 2026 04:30 - Sist endra 15. jan. 2026 09:15

Logg inn for å kommentere