No har Ragnhild Hennum overtatt roret på UiO

I dag hadde jussprofessor Ragnhild Hennum sin første arbeidsdag som rektor ved Universitetet i Oslo.  – Eg håpar heile institusjonen vil merka ein open og demokratisk leiarstil, seier ho.

VIL IKKJE STYRA ALT:  Ragnhild Hennum vil helst ikkje at studentar og tilsette skal merka at UO har fått ny rektor: – Og dei vil ikkje oppleva ei direktestyring frå rektor av fakulteta. Det er ei leiingsform som eg ikkje er tilhengjar av, seier ho. Her står ho på Frederikkeplassen på Blindern. 

Foto: Martin Toft

Den 4. april i år var det klart at jussprofessor Ragnhild Hennum hadde vunne rektorvalet over motkandidatane medisinprofessor Hanne Flinstad Harbo og direktør for Kreftregisteret Giske Ursin med 53 prosent av alle stemmene.

• Les meir: Ragnhild Hennum vann rektorvalet på Universitetet i Oslo

Fredag 1. august er hennar første arbeidsdag som rektor. No har ho overtatt rektorstolen etter Svein Stølen som hadde rektorvervet i åtte år.

Me har eigentleg avtalt å møta henne på kontoret. Men rektorkontoret er enno ikkje heilt klart til bruk.  Folk frå Eigedomsavdelinga er i gang med å setja inn kontaktar og anna teknisk infrastruktur. Derfor tar me intervjuet i eit av møteromma i 9. etasje i Lucy Smiths hus. 

– Gratulerer med første dag som rektor! ­

 – Takk.

– Korleis har dagen vore så langt?

– Det har berre vore små, hyggelege møte førebels, heilt til du dukka opp då, spøkjer ho.

Heile teamet er på plass på måndag

Så avslører Ragnhild Hennum at ho tidlegare på dagen har hatt møte både med kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné, universitetsdirektør Arne Benjaminsen og dei frå rektorlaget hennar som er på jobb saman med henne denne dagen.   

Måndag 4. august vil ho ha heile teamet sitt på plass i Lucy Smiths hus.

– Då skal me ha ein del interne møte måndag, tysdag og onsdag, før eg og universitetsdirektøren skal dra til opninga av kammermusikkfestivalen i Rosendal, fortel ho. 

– Litt trange tider i heile sektoren

No gler ho seg til å ta tak i andre viktige saker for Universitetet i Oslo, eit universitet som ho er veldig glad i, og som ho viser til har ein god administrasjon.

– Me er inne i to store byggjesaker, både Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet. Begge går bra og er i rute.  Det er store saker å fylgja opp. Så har alle sikkert fått med seg at det er litt trange tider i heile sektoren. Det merkar me også på UiO. Å jobba saman med fakulteta og administrasjonen med økonomien trur eg blir viktige saker som vil prega oss denne hausten, seier ho.

Ragnhild Hennum har heller ikkje gløymt studentane. 

– Me har på nytt hatt ein sommar der me har sett flotte opptakstal for UiO. Sånn sett har me ikkje noko å vera bekymra for.

Me har sjølvsagt ting å fylgja opp på studiesida, samtidig som me skal fylgja tett opp på forsking og innovasjon. I sommar og på forsommaren har me igjen fått flotte tildelingar frå blant andre ERC, men når det gjeld å ta kunnskapen i bruk, har me, slik som Per Morten Sandset  (avgått viserektor for innovasjon/red.merknad) nyleg skreiv i ein kronikk, potensial til å bli  betre og meir effektive, understrekar ho.

Håpar på løysing for husleiga for Livsvitskapsbygget

– Nokon fryktar at Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet vil ta masse ressursar frå andre delar av universitetet. Kva vil du seia til dei?

– Finansieringa av husleiga til Livsvitskapsbygget er eit politisk spørsmål. Det har UiO spelt inn, og me er i god dialog med departementet om dette. Det har me ikkje noka løysing på enno, men det som er det viktigaste for oss no, er å oppretthalda den dialogen og planleggja  slik at me får til ei vellykka flytting og vellykka arealbruk for å få fram dei synergiane som bygget er meint å gje for dei fagområda som flyttar inn der. Leiinga sin viktigaste jobb er å halda dialog med departementet, og me reknar med at me har presentert gode argument for dei løyvande styresmaktene slik at dette finn ei løysing, er håpet hennar.  

Når det gjeld Vikingtidsmuseet er ho glad for at finansieringa er nært målet takka vera bidrag både frå offentlege og private kjelder. 

– Det er i rute. Og med dei siste bidraga får me realisert meir av potensialet i det bygget, er ho overtydd om.

IKKJE KLART: Då rektor Ragnhild Hennum kom på jobb i dag, var rektorkontoret enno ikkje klart til bruk. Men ved vindaugsposten var det mogleg å fotografera henne utan å forstyrra arbeidet til teknikarane inne på kontoret.  (Foto: Martin Toft)

– Ingen dramatiske endringar

– Korleis vil tilsette og studentar på UiO merka at du har blitt rektor og har overtatt etter Svein Stølen? 

– Eg og teamet mitt har ikkje gått til val på at me skal gjera dramatiske endringar. Me håpar at ingen vil merka nokre dramatiske endringar, for då er det ikkje me som har stelt dei i stand. Då blir det veldig skummelt, for då vil det koma frå ein annan stad.  Eg vil vera ein rektor som vil vera opptatt av alt, også studiesakene, lovar ho.  

– Og dei vil ikkje oppleva ei direktestyring frå rektor av fakulteta. Det er ei leiingsform som eg ikkje er tilhengjar av. Eg håpar heile institusjonen vil merka ein open og demokratisk leiarstil som inviterer til innsyn, openheit og debatt,  seier ho. 

– Ingen revolusjon

Ein ting kan ho i alle fall garantera:

– Eg håpar ingen vil merka ein revolusjon for den kjem verken frå meg eller mitt team. Så då vil det skje ein stille revolusjon utan eg har høyrt om det. Og det vil vera litt førurolegande, ler ho.

Og då me tar henne me ut på Frederikkeplassen for å ta bilete framfor Lucy Smiths hus, har ho konklusjonen klar.

– Eg trur eg klarer å gjennomføra den første arbeidsdagen som rektor på ein heilt grei måte, seier ho.

• Les meir om rektor Ragnhild Hennum: 

Ragnhild Hennum i fløyel og fuskepels

Kusina til Supermann

Ragnhild Hennum vann rektorvalet på Universitetet i Oslo

Ragnhild Hennum stiller som rektorkandidat ved UiO

 

 

 

 

 

 

Emneord: Rektorvalget 2025, Universitetspolitikk, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 1. aug. 2025 16:50 - Sist endra 6. aug. 2025 10:58

Logg inn for å kommentere