For nøyaktig ein månad sidan føreslo museumsdirektør og tidlegare teologidekan Aud Tønnessen Ragnhild Hennum som kandidat under rektorvalet ved UiO i 2025. Då kunne ikkje Ragnhild Hennum svara på om ho ville ta imot utfordringa. Men no ser ho annleis på det.
– Eg bestemte meg for at eg ville seia ja sist helg, seier Ragnhild Hennum til Uniforum. Og ho er ganske klar på kvifor ho ynskjer å bli rektor ved UiO.
– For det første trur eg at eg har noko å bidra med, for eg kjenner UiO veldig godt frå ulike roller. Det er heller ikkje til å stikka under ein stol at eg har blitt oppfordra til å stilla. Det er hyggeleg, synest ho.
• Les også i Uniforum: Aud Tønnessen vil ha Ragnhild Hennum som rektorkandidat
Ragnhild Hennum legg heller ikkje skjul på at det at ho tidlegare har vore prorektor ved UiO, har spelt inn på avgjerda hennar.
– For å seia det sånn, det gjer at ein både kan få litt lyst, samtidig som ein kan bli litt i «tvende sinn». For eg veit jo kor krevjande stillinga er, peikar ho på.
– Ein føresetnad var eit godt team
Som prorektorkandidat har ho noverande prodekan Bjørn Jamtveit ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Dei andre i teamet hennar er medisinprofessor Jens Petter Berg, prodekan Mathilde Skoie på Det humanistiske fakultetet og professor Berit Karseth frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet.
– Ein føresetnad for å stilla var at eg vllle få med meg eit godt team. Når det kom på plass, tenkte eg at då kunne eg melda meg. For eg har lyst til å bidra, fortel ho.
Hennum fortel av det ikkje var ein hard jobb å få sett saman eit godt team.
– Me diskuterte litt fram og tilbake kva som var mest formålstenleg, vedgår ho.
Sist Uniforum spurte henne om ho kunne tenkja seg å bli rektorkandidat visste ho ikkje kva ho ville gjera.
– Då hadde eg ikkje bestemt meg, understrekar ho.
– Eg håpar og trur det blir fleire
Ragnhild Hennum håpar at ho ikkje blir den einaste rektorkandidaten.
– Eg håpar og trur det blir fleire, men kor mange veit eg ikkje, seier ho.
No har ho ei oppfordring til alle tilsette og studentar på UiO under rektorvalet i 2025.
– Det er å stemma og delta. For det har vore eit press utanfrå for at universitetet skal ha ei anna styreform. Mange andre universitet går i den retninga, men UiO har levd godt med vald leiing i alle desse åra som det har eksistert. Det trur eg eit fleirtal av dei tilsette ynskjer, er ho overtydd om.
Men ho meiner at det også krev at alle tar ansvaret for demokratiet ved å delta i det.
– Så eg oppfordrar alle som vil stilla til å stilla slik at me får ein ordentleg valkamp. Og eg håpar sjølvsagt at alle tilsette og studentar stemmer sånn at universitetsdemokratiet er levande, er bønna hennar til alle på UiO.
Rektorvalet tar til den 24. mars klokka 08.00 og skal vera avslutta 4. april klokka 08.00. Den endelege fristen til å melda seg som kandidat blir truleg den 8. januar 2025.
• Les meir om rektorvalet 2025 i Uniforum:
Rektorkandidatar får kortare frist: – Gir meir tid til valkamp
Aud Tønnessen vil ha Ragnhild Hennum som rektorkandidat
Logg inn for å kommentere