I Klimahuset på Naturhistorisk museum er det no opna ei utstilling som viser oss kva som skjedde i Noreg i Den vesle istida mellom 1500 og 1850. Forskarar frå Klimakulturer. Noreg under den lille istiden ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) på Universitetet i Oslo har slått seg saman med forskarar frå The Nordic Little Ice Age hos Senter for grunnforsking på Vitskapsakademiet. Saman har dei kuratert utstillinga i Klimahuset i samarbeid med seniorrådgjevar Ellen Munden Paalgard ved Naturhistorisk museum.
– Møtt med skepsis
I det aller minste utstillingsrommet kan folk få eit lite innblikk i korleis folk måtte omstilla seg i ei tid då kornavlingane kunne svikta, samtidig som det til tider også var handelsblokade av Noreg.
Då blei det innført nye typar produkt i det norske matfatet, som til dømes poteta.
– Til å begynna med blei den møtt med skepsis fordi den såg både rar og rukkete ut for folk. Derfor blei den laga om til potetmjøl for å kunne brukast i brød og i tradisjonelle kornrettar, fortalde postdoktor Ingar Mørkestøl Gundersen frå Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKHU) under opninga av utstillinga måndag ettermiddag.
I Noreg levde folk under tøffe kår på den tida.
– Det var eit udemokratisk samfunn underlagt framande kongar. Og den vesle istida skapte ustabilt vêr, fortalde han.
I utstillinga blir det også vist til korleis Den vesle istida og nauda og svolten i dei åra danna grunnlaget for bondeopprøret til Kristian Lofthus i Agder og Telemark.
– Noreg er ikkje sjølvforsynt med korn i dag
Då forskingsprosjektet starta opp i 2023, var det svikt i kornavlinga på Eidsvoll der Gundersen sjølv bur.
– Om våren tok eg eit lite aks frå ein kornåker, og det minner meg om at kornet aldri blei klart til å kunna haustast på grunn av den kalde sommaren det året. Derfor har eg tatt vare på dette akset, sa han og viste det fram til publikum. Han peika også på paradokset i at eit kornlager i Oslo blei omgjort til Grünerløkka studenthus på byrjinga av 2000-talet. Utstillinga viser også korleis folk i Den vesle istida blei dei meir merksame på kor viktig dette var, og derfor bygde dei fleire kornlager som skulle brukast blant dei fattigaste og mest naudlidande dersom kornavlinga skulle svikta eit år.
– Noreg er ikkje sjølvforsynt med korn i dag, og var det heller ikkje på 1700-talet under Den vesle istida. Russlands invasjon av Ukraina i 2022 påverka også kornprisen, konstaterte han.
Den vesle istida skjedde i ei førindustriell tid. Den gongen førte klimaendringane til naud og fattigdom.
– Men det finst ikkje ein bestemt fasit for løysing på klimaendringane. Oppgåva vår er også å hindra klimaangst hos dei yngre, sa han.
Viser fram ekstreme klimahendingar
I prosjektet viser forskarane også fram fleire klyngar med ekstreme klimahendingar som skjedde på 1690-, 1740-. og 1770-talet. Dette var klimahendingar som førte til svolt og fattigdom i dei nordiske samfunna, men som også førte til nye initiativ på område som velferd og folkehelse, står det på prosjektsida til forskargruppa.
Men dei vil også sjå kva folket som levde under Den vesle istida lærte av det tøffe klimaet.
– Dei lærte å gjera seg nytta av nye matvekstar som poteta, nye fyringsmetodar og så starta utviklinga av meteorologien på den tida med presten Jacob Nikolaj Wilse som initiativtakar. Det meinte Gundersen gjekk i direkte linje til FNs klimapanel (IPPC) som er avhengig av vêrdata for å kunna vurdera klimaendringane.
Og så kom han tilbake til poteta.
– Sjølv om poteta blei møtt med skepsis, blei den ein uerstatteleg del av norsk matkultur. Skepsisen kan kanskje samanliknast med måten me møter forslaget om at me må eta insekt på i dag, trekte han fram.
– Den fortel om levde liv i Noreg
Professor Jens Dominik Collet har leia prosjektet om natur og samfunn i Noreg under Den vesle istida 1500-1800. Han har også forska på Den vesle istida i Norden (1300 til 1900) på Senter for grunnforsking ved Vitskapsakademiet. Collet peika på korleis dette ikkje var ei heilt tradisjonell utstilling.
– Den fortel om levde liv i Noreg under Den vesle istida og ikkje om folk i Langtvekkistan. Ynsket vårt er også å gjera noko med fatalismen, om at me ikkje kan gjera noko med det som skjer. Me kan snakka om val som folk kan ta, slo han fast.
Prodekan for forsking og forskarutdanning ved HF Mathilde Skoie syntest det var bra å kunna visa fram eit slikt døme på at eit tverrfagleg prosjekt kan lykkast.
– Det er ikkje ofte HF er representert i Klimahuset. Men dette viser også den grøne satsinga hos oss gjennom klimakulturgruppa på IAKH, fortalde ho. Skoie peika på at vanlegvis er ikkje fakultetet ho er med og leier, først ute når det handlar om klimaforsking eller kriser.
– Det er ikkje oss dei ringjer for å få tak i ein covid-ekspert. Men under covid-epidemien var dei mest søkte orda svartedauden og spanskesjuka. Og også den gongen kom folk opp i dilemmaet om kven dei skulle redda først: Dei yngre eller dei gamle, Då er det viktig å sjå til fortida og korleis dei gjorde ting før, meinte ho.
– No står me oppe i noko av det same
Også museumsdirektør Brit Lisa Skjelkvåle tykte dette var ei utstilling heilt i tida, sjølv om den handlar om Den vesle istida.
– Det var handelsboikott under Den vesle istida. No står me oppi noko av det same. Så finn me gamle ting i nedsmelta isbrear og tykkjer det er fint, samtidig som det også er trist, syntest ho.
Men ho hadde tru på at denne utstillinga i alle fall kunne ha eit viktig formål.
– Eg håpar den peikar i retning av at det er mogleg å gjera noko, understreka ho.
• Les meir om klima:
Skal læra unge i Oslo om klima og klimaendringar
Snart åpner Klimahuset opp dørene for publikum
Brita Slettemark vil nå de unge med klimahuset
Ho var med og la ned symbolsk grunnstein for klimahuset i Botanisk hage
Nytt klimahus skal spre forskningsbasert kunnskap om klimaendringer
Logg inn for å kommentere