NTL UiO ber UiO innføra akademisk boikott av Israel

– Israelske lærestader har vore delaktige i okkupasjonen og gjort den mogleg. Det pålegg derfor UiO eit etisk ansvar å kutta samarbeidet på institusjonsnivå, seier nestleiar Axel Hjelme i NTL UiO.

MEIR AKADEMISK FRIDOM: – Eigentleg er dette eit tiltak for å auka den akademiske fridomen, ikkje minst for palestinske akademikarar som har eit totalt fråver av akademisk fridom, seier nestleiar Axel Hjelme i NTL UiO. Årsmøtet i fagforeininga vedtok å be UiO innføra akademisk boikott av  israelske institusjonar. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 7. oktober gjekk Hamas til åtak på Israel. 1200 personar blei drepne og 242 blei tatt som gissel og tatt med til Gaza-stripa. Israel sette i gang ein militæraksjon mot Hamas som til no har ført til at 33 000 palestinarar er drepne og over 75 000 er hardt skadde.  Både sjukehus og universitet og anna sivil infrastruktur er øydelagt av det israelske militæret. 

Krav om akademisk boikott frå akademikarar i Norden og UiO

I november i fjor kom det i krav om akademisk boikott av Israel frå 939 tilsette ved høgare utdanningsinstitusjonar i Norden, melde Universitetsavisa.  Samtidig kom det i eit lesarinnlegg i Khrono eit liknande krav frå 315 tilsette ved norske institusjonar. Seinare kom det ein lokal aksjon på UiO med krav om innføring av akademisk boikott. Den fekk 537 underskrifter. 

• Les også: UiO-rektor fekk 537 underskrifter med krav om akademisk boikott av Israel

Spørsmålet om akademisk boikott kom også opp i Universitetsstyret, men som ein prinsipiell diskusjon om dei etiske retningslinjene til UiO opna for ein akademisk boikott utan å nemna enkeltland. 

I ei sak til eventuelt bad styrerepresentantane Ingrid  Lossius Falkum og Finn-Eirik Johansen om at det kunne gjennomførast ein økonomisk boikott av israelske leverandørar og selskap.  Administrasjonen blei dermed beden om å koma med eit oversyn til eit seinare møte.

På det møtet kom administrasjonen opp med ei liste på fire selskap og institusjonar i  Israel som UiO hadde samarbeidd med, men som det ikkje lenger hadde noko samband med.  Etter fleire meiningsutvekslingar blei styret einig om å ta opp heile spørsmålet om akademisk boikott av Israel i heile si breidde på møtet den 14. mai.

• Les også: Akademisk boikott av Israel blir diskusjonssak i UiO-styret i mai

Viser til at universitet har deltatt i utvikling av militært utstyr

No har også NTL UiO  kome på bana. For det var eit overveldande fleirtal på årsmøtet til NTL UiO som vedtok å oppfordra UiO til å innføra akademisk boikott av israelske institusjonar. I vedtaket står det at israelske institusjonar for høgare utdanning  i lang tid har vore delaktige i å mogleggjera okkupasjon og krig, anten gjennom aktiv deltaking eller gjennom ein passiv aksept.  Det blir også vist til at fleire universitet har deltatt direkte i utvikling av militært utstyr brukt av den israelske hæren i Palestina, i tillegg til at det er blitt utvikla eit juridisk rammeverk og strategiske doktrinar som har gjort det mogleg å gjennomføra okkupasjonen.  Vedtaket peikar også på at fleire lærestader i samarbeid med det israelske forsvaret har lagt til rette for utdanning for soldatar i aktiv teneste.

– Me har respekt for at det er fleire syn på det

–Israelske lærestader har vore delaktige i okkupasjonen og gjort den mogleg. Det pålegg derfor UiO eit etisk ansvar å kutta samarbeidet på institusjonsnivå, seier nestleiar Axel Hjelme i NTL UiO. Han er glad for at eit stort fleirtal på årsmøte stemte for forslaget til vedtak, noko han meiner gode diskusjonar i styret for NTL UiO før årsmøtet, medverka til.  – Derfor hadde me ikkje eit samla styre, men eit stort fleirtal i styret som stod bak forslaget, opplyser han til Uniforum.

 – Me har respekt for at det er fleire syn på det,  legg  han til.

Axel Hjelme viser til den prekære situasjonen for innbyggjarane på Gaza-stripa og håpar at vedtaket til NTL UiO kan vera med på å få slutt på krigshandlingane.

– Det pålegg alle å gjera sitt for å pressa Israel til forhandlingsbordet rett og slett,  seier han.

– Me er ei viktig stemme

– Kva konsekvensar trur du vedtaket til NTL UiO vil få for til dømes diskusjonen om akademisk boikott av Israel i Universitetsstyret i mai?

Isolert sett så er det kanskje ikkje det heilt store, men det går jo inn i den pågåande debatten. Og me representerer 1400 tilsette på UiO, så eg tenkjer at me er ei viktig stemme når me går ut og tar stilling og landar på dette vedtaket. Eg håpar og trur at det kan vera med på å påverka situasjonen i Universitetsstyret, seier han.  

Sjølv vil han gjerne understreka at boikottvedtaket også er eit resultat av eit ynske frå palestinarar i og utanfor Israel. 

– Dette er eit initiativ som kjem frå det palestinske sivilsamfunnet som nettopp har ynskt støtte til akademisk boikott frå fagrørsla og ulike universitetsorganisasjonar. Me fylgjer opp oppfordringa derifrå, slår han fast. Då viser han til Call for an Academic and Cultural Boycott of Israel frå 2004, som BDS-rørsla står bak. 

Israel-Hamas-krigen i tal:

33 000 døde i Gaza

1200 døde i Israel etter åtaket frå Hamas

242 gissel hos Hamas i Gaza

2 millionar personar er internt fordrivne i Gaza

200 000 israelarar er evakuerte til trygge område.

Aktuelt: NTL UiO har vedtatt å be UiO om å innføra akademisk boikott av Israel

(Kjelder:OCHA/FN  FactCheck.org,)

Vedtaket går ut på å boikotta akademiske institusjonar i Israel som tar aktivt del i okkupasjonen og krigshandlingane, og dei som passivt aksepterer det som skjer. NTL UiO trekkjer fram Universitetet i Tel Aviv, Det hebraiske universitetet i Jerusalem, Bar-Ilan-universitetet, Ben-Gurion, Technion og Universitetet i Haifa som døme på institusjonar som aktivt har støtta opp om krigen i Gaza ved å setja i gang innsamlingsaksjonar for stridande studentar, og som i tillegg har gått ut med støtteerklæringar til krigen. Også kunstakademiet Bezalei si involvering av studentar og tilsette i produksjonen av uniformar og anna utstyr til bruk i krigen er eit anna døme NTL UiO viser til.  Fagforeininga peikar på at fleire israelske lærestader etter 7. oktober også har sanksjonert studentar og tilsette som har kome med kritikk av krigen og uttalt støtte til Palestina.

– Det gir ikkje meining å snakka om akademisk fridom om du er død

Axel Hjelme veit at nokon vil kritisera vedtaket for å vera eit brot på den akademisk fridomen.

– Og til ein viss grad vil det innskrenka den akademisk fridomen til forskarar på UiO. Me har jo forskingsetiske retningslinjer som alle er einige om at me må ha, og som også innskrenkar denne fridomen. Eigentleg er dette eit tiltak for å auka den akademiske fridomen, ikkje minst for palestinske akademikarar som har eit totalt fråver av akademisk fridom. Det gir ikkje meining å snakka om akademisk fridom om du er død eller alvorleg skadd. Gjennom ei minimal innskrenking i vår akademiske fridom, kan det vera ei positiv utvikling for akademisk fridom som ein heilskap,  synest Axel Hjelme.
Heller ikkje NTL UiO vil stansa forskar-til forskar-samarbeidet mellom tilsette ved UiO og tilsette ved israelske institusjonar. 

– Det vil vera mogleg å gjennomføra, sjølv om det blir vedtatt å innføra ein akademisk boikott av israelske institusjonar, forklarar han. Men rektorar og dekanar ved desse israelske institusjonane vil vera omfatta av ein boikottt, står det i vedtaket. 

Der går det også fram at NTL UiO vil ha boikott av israelske institusjonar som ikkje aktivt tar stilling mot okkupasjon, apartheid og krigsbrotsverk.  "Vi krever at norske læresteder ikke inngår i utvekslingsprogrammer, felles forskningsprosjekter eller annet formelt samarbeid på institusjonsnivå med institusjoner som nå omfattes av boikotten", heiter det i vedtaket frå NTL UiO. 

– Formålstenleg å innføra boikott av israelske institusjonar

– Saudi-Arabia er eit anna land i regionen der det ikkje er særleg akademisk fridom, og heller ikkje Kina står i fremste rekkje når det gjeld graden av akademisk fridom. Vil det vera på tale for NTL UiO også å vedta akademisk boikott av institusjonar i desse landa?

 – No ligg det føre ei oppfordring av akademisk boikott frå det palestinske sivilsamfunnet. Det er utgangspunktet til at ein går for det. Boikott er eit verkemiddel, ikkje eit prinsipp. Så må ein vurdera om akademisk boikott er formålstenleg frå situasjon til situasjon. Slik det står no, er det formålstenleg å innføra boikott av israelske institusjonar. Så langt eg kjenner til, finst det ikkje noka oppfordring av boikott av institusjonar i Saudi-Arabia og i Kina. Om det skulle koma, får me heller gjera konkrete vurderingar i dei tilfella,  seier Axel Hjelme.

Dette er heile vedtaket til NTL UiO, 

• Les meir om situasjonen Israel og dei palestinske områda: 

KRONIKK: Massegrusomhetsforbrytelsene i Gaza kan og må etterforskes og straffeforfølges i Norge

Akademisk boikott av Israel blir diskusjonssak i UiO-styret i mai

Professor advarer mot å gjøre UiO til politisk aktør

 Kristin Clemet opplevde seg overrumplet og satt i forlegenhet i UiO-styret

 UiO-styret ville ikkje ha akademisk boikott, men vil vurdera boikott av leverandørar

Bjørn Olav Utvik:– Å bli aktivist krasjar litt med rolla som undervisar og Midtausten-ekspert

UiO-rektor fekk 537 underskrifter med krav om akademisk boikott av Israel

Dei har samla inn 500 underskrifter for akademisk boikott av Israel

UiO-tilknyttet forsker drept i Gaza

Studentparlamentet demonstrerte for Palestina-flagging på UiO

UiO-studentar i Israel er evakuerte til ein tryggare stad

Svein Stølen: – Me vil ta imot forskarar frå Gaza på same måten som forskarar frå Ukraina

Israelsk forskar: – Hamas skapte ei kjensle av at dei var nær å få inn eit avgjerande slag mot israel

Erik Fosse om Gaza: – Slik som det ser ut i dag, vil helsevesenet bryta heilt saman

Ni UiO-studenter i Israel - blir ikke hentet hjem nå

Israelsk professor: – Den akademiske fridomen vår er truga

Emneord: Israel, Palestina Av Martin Toft
Publisert 3. apr. 2024 15:52 - Sist endra 24. apr. 2024 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere