UiO-styret ville ikkje ha akademisk boikott, men vil vurdera boikott av leverandørar

UiO innfører som venta ingen akademisk boikott av Israel. Men fleirtalet i Universitetsstyret fekk i dag medhald i å få ei kartlegging av UiO  sine leverandørar som til dømes også leverer utstyr til israelske soldatar i  Gaza. 

Ei kvinne og ei mann rundt eit bord

KARTLEGGING: Ingrid Lossius Falkum bad om ei kartlegging av innkjøpsavtalar UiO har med selskap som er tett involverte i den israelsk-palestinske konflikten. Rektor Svein Stølen lova å koma med eit oversyn til UiO-styret. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var etter den prinsipielle diskusjonen om akademisk boikott som verkemiddel, at det blei klart at representantane for dei faste vitskaplege tilsette, Ingrid Lossius Falkum og Finn-Eirik Johansen, hadde meldt ei relatert sak inn til eventuelt. 

Dei bad om at saka skulle gå for open mikrofon, noko dei fekk medhald i. Ingrid Lossius Falkum som tidlegare har skrive under på eit nasjonalt opprop om innføring av akademisk boikott av Israel, stod fast på at UiO burde ta eit tydeleg standpunkt til krigen i Gaza. 

– Hundrevis av norske næringslivsleiarar har nettopp gjort det. Nokre meiner at Israels krigføring er eit pågåande folkemord. Næringslivsleiarane seier at ikkje å gjera noko, også er å ta standpunkt, viste ho til.

– Frå rektoratets side har me tatt standpunkt mot brot på Folkeretten

Universitetsstyret hadde tidlegare på dagen diskutert effekten av akademisk boikott. 

– Kanskje økonomiske verkemiddel kan vera like effektive?, spurte ho.

Rektor Svein Stølen ville ikkje lata synspunktet om at UiO ikkje hadde reagert mot krigshandlingane i Gaza bli ståande. 

– Frå rektoratets side har me tatt standpunkt mot brot på Folkeretten, slo han fast. 

Finn-Eirik Johansen prøvde å gjera det endå klarare kva han og Ingrid Lossius Falkum ville føreslå at UiO kunne ta i bruk som eit alternativt verkemiddel. 

 

OVERSYN: – Kan me gå gjennom innkjøpsavtalane våre og fjerna dei selskapa som støttar krigen?  Me treng derfor eit oversyn, understreka styrerepresentant Finn-Eirik Johansen. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther) 

– No har me vedtatt at innkjøpa våre skal vera etisk berekraftige, det har ikkje minst kome fram gjennom cateringavtalane, peika han på.

– Kan me gå gjennom innkjøpsavtalane våre og fjerna dei selskapa som støttar krigen?  Me treng eit oversyn, understreka han. 

Trekte fram HP

Ingrid Lossius Falkum trekte fram eit selskap som Hewlett Packard. 

– UiO har kjøpt  IT-utstyr frå Hewlett Packard som også er leverandør til israelske soldatar på Gaza, sa ho. 

Både dei to representantane for dei faste vitskaplege tilsette og rektor Svein Stølen fekk støtte frå  Marianne Midthus Østby, som representerer dei teknisk-administrative tilsette.  

INSPIRASJON: – Er det mogleg å bruka innkjøpsmakta vår? Me treng eit kunnskapsgrunnlag for det. Det vil sjølvsagt berre vera ein drope i havet, men det vil kunna vera ein inspirasjon, meinte Marianne Midthus Østby (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther) 

– Svein Stølen meiner at rektoratet har gitt klart uttrykk for kva det meiner. Eg støttar opp om det som Finn-Eirik Johansen og Ingrid Lossius Falkum er inne på. Er det mogleg å bruka innkjøpsmakta vår? Me treng eit kunnskapsgrunnlag for det. Det vil sjølvsagt berre vera ein drope i havet, men det vil kunna vera ein inspirasjon, meinte ho. 

Stølen minna samtidig om at dette ikkje var ei vedtaksak, berre ei sak under eventuelt.  

Studentrepresentant Sivert Arntzen tykte også ideen frå Finn-Eirik Johansen og Ingrid Lossius Falkum var god. 

– Ein økonomisk boikott av selskap som støttar opp om okkupasjonen av palestinske område, var ein tanke han tykte hadde noko føre seg. 

– Me må også vurdera forholdet vårt til dei ulike institusjonane, og om dei samarbeider med det israelske forsvaret eller held til på okkupert palestinsk område, føreslo han. 

Her kom rektor Svein Stølen med ei saksopplysning: 

– UiO har ingen utviklingsavtalar med israelske universitet. Men me deltar med israelske forskarar i fire store EU-prosjekt, hadde han fått informasjon om. 

– Det er ein god idé med økonomisk boikott

Isabel Viola Kreis, som er representant for dei mellombels vitskaplege tilsette, støtta også forslaget frå Falkum og Johansen. 

– Det er ein god idé med økonomisk boikott. Og det handlar ikkje om stor eller liten effekt, men at me ikkje skal vera medskuldige, sa ho. 

Ekstern styrerepresentant Kristin Clemet var ikkje einig i at UiO skulle ta standpunkt i krigen mellom Israel og Hamas. Ho meinte det også var feil å dra parallellar mellom Russland og Israel.

IMOT: – Eg er imot akademisk boikott og at institusjonen skal ta stilling i denne konflikten, sa Kristin Clemet. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– Eg er imot akademisk boikott og at institusjonen skal ta stilling i denne konflikten. Forholdet til Russland kan ikkje samanliknast . Eg kan ikkje vera med på at institusjonen skal ta stilling i ein slik konflikt, gjorde ho klart.

Ho fekk sterk støtte frå ekstern representant Maria Strömme.  

– Eg er hundre prosent einig med Kristin Clemet. Kven har rett til å ta politisk standpunkt her? Det er klart at me skal fordømma drap på sivile, slo ho fast. 

Både Clemet og Strömme fekk svar frå Finn-Eirik Johansen. 

– Dette er ikkje akademisk boikott, men at innkjøp også skal vera etisk berekraftig, på same måten som matleveransane frå cateringleverandørane, forklarte han.

– Skal me bruka innkjøpsmakta vår til å slutta å handla med selskap som har støtta eit pågaande folkemord? var spørsmålet han stilte.

Kristin Clemet var like klar.

– Eg var tydeleg på at me ikkje skal ta stilling, sa ho. 

– Ikkje uvanleg

Ekstern styrerepresentant  Qaisar Farooq Akram var like klar på at etisk vurdering av selskap er noko som skjer i næringslivet. 

– Det er ikkje uvanleg at store selskap trekkjer ut investeringane frå selskap som bryt etiske retningslinjer, minna han om. 

Ordvekslinga mellom styrerepresentantane fekk universitetsdirektør Arne Benjaminsen til å koma med eit forslag.

– Eg har inntrykk av at styret vil ha eit oversyn over kva innkjøp som har direkte tilknyting til Israel-Hamas-krigen. 

Ekstern styrerepresentant Eirik Frantzen ynskte likevel å koma med eit synspunkt.

– Anten det er akademisk boikott eller økonomisk boikott, så handlar det om å ta stilling. Og Svein Stølen understreka at det har UiO gjort. 

TATT STILLING: – Me har tatt tydeleg stilling ved å kritisera brot på menneskerettane. No har me fått ei tinging av omfanget av innkjøp relatert til Israel, sa rektor Svein Stølen i Universitetsstyret. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther) 

 

– Me har tatt tydeleg stilling ved å kritisera brot på menneskerettane. No har me fått ei tinging av omfanget av innkjøp relatert til Israel. Takk til dykk, avslutta han, før heile styret tok  til å handsama dei siste sakene bak stengde dører. 

– Det var eit pålegg frå staten

Under diskusjonen om akademisk boikott som verkemiddel kom styrepresentant Ingrid Lossius Falkum inn på forholdet UiO i dag har til russiske institusjonar. 

– Eg synest det er fint at denne saka kjem opp. I praksis har det vore boikott av russiske institusjonar. Kva vurdering blei gjort då? ville ho vita.  

Ho fekk svar frå Svein Stølen: 

– Det var eit pålegg frå staten. Og universitetsdirektør Arne Benjaminsen utbroderte det litt  meir. 

– Det kom melding om at all institusjonelt samarbeid mellom Noreg og Russland skulle frysast. Det gjald både studentutveksling og forskingssamarbeid. Unntaka var fiskerisamarbeid og arbeidet for atomtryggleik, trekte han fram.  

Lossius Falkum meinte det var viktig å undersøkja kva fylgjer det har fått for russiske tilsette på UiO. Studentrepresentant Solveig Martha Tynkkynen lurte på om det no i praksis er ei institusjonell frysing mellom Noreg og Russland.

Qaisar Farooq Akram tykte UiOs etiske retningslinjer kunne brukast som ei rettesnor i dei aller fleste tilfelle.

– Men det er ei sjølvmotseiing  å visa til etiske retningslinjer for å grunngi samarbeid med akademiske miljø som  vert skulda for å støtta alvorlege brot på menneskerettar og krigføringskonvensjonar. Det strir med sjølve fundamentet for dei etiske retningslinjene: respekt for menneske og deira rettar.

– Ein kan heller ikkje visa til dei etiske retningslinjene for å avbryta samarbeid med anerkjente akademiske miljø, som sist i tilfellet med Russland, la han til.

– For å vera konsistent over tid, så bør me vurdera å ta med ei setning om at UIO som eit offentleg universitet vil følgja norsk utanrikspolitikk ved brot på internasjonale lover og konvensjonar. Ei slik grunngjeving vil kunna vera enklare å forstå og forholda seg til i unntakstilfella, sa Akram.

Styrerepresentant Finn-Eirik Johansen tykte det var ein viktig diskusjon.

– Men det er altfor kort tid å setja av 30 minutt til ein slik diskusjon, syntest han.

Så kom han inn på dei etiske retningslinjene til UiO.

– Ei rettesnor er ei rettesnor. Når skal me diskutera dei, og når skal me gå gjennom dei for å sjå om kriteria er oppfylte? Eg meiner styret bør kunna gjera ei vurdering av ei konkret sak, framheva han.

– Og er det berre oljeboikott som vil verna om akademisk fridom? spurte han.

– UiO er ikkje ein politisk organisasjon

Ekstern styrerepresentant Maria Strömme var ikkje i tvil om kva ho meinte om spørsmålet om akademisk boikott.  

 

KONSISTENT: – For å vera konsistent over tid, så bør me vurdera å ta med ei setning om at UIO som eit offentleg universitet vil følgja norsk utanrikspolitikk ved brot på internasjonale lover og konvensjonar. Ei slik grunngjeving vil kunna vera enklare å forstå og forholda seg til i unntakstilfella, føreslo Qaisar Farooq Akram. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther) 

– Eg kan ikkje sjå at eit universitet skal ta ei avgjerd om akademisk boikott. Me må fylgja norsk lov og utanrikspolitikk. Det var eit direktiv frå Noreg når det gjaldt Russland. Me fylgjer det. UiO er ein forskingsinstitusjon, og ikkje ein politisk organisasjon, konstaterte ho. 

Også representant for dei teknisk-administrative, Marianne Midthus Østby, tykte spørsmålet om akademisk boikott var eit viktig tema.

– Det er viktig at me i styret tar oss tid til å gå inn i dette. Er det ei oppgåve for oss å gå inn i ein konflikt? Overordna sett er eg einig i dei etiske retningslinjene. Dei står seg godt. Det er ikkje behov for å endra på dei, meinte ho.

Når det gjaldt spørsmålet om akademisk boikott, så trudde ho det kunne vera andre metodar som kunne verka betre. 

Ekstern styrepresentant Kristin Clemet gav full støtte til rektoratet sitt syn.

– Eg støttar prinsippet i dei etiske retningslinjene. Om me innfører akademisk boikott, så er spørsmålet kven som skal bestemma det. Eg er imot det. Ein forskingsinstitusjon skal ikkje driva med akademisk boikott. Og det finst veldig mange krigar i verda, konstaterte ho.

Skal få eit oversyn over innkjøpsavtalar relaterte til Israel

Etter den prinsipielle diskusjonen om akademisk boikott som verkemiddel, kom Israel-Hamas-krigen i Gaza opp som eit konkret døme. Det skjedde altså i eventuelt-saka der spørsmålet om UiO skal bruka innkjøpsmakta si til å kunna fjerna leverandørar som er djupt involverte i krigen i Gaza eller i okkupasjonen av dei palestinske områda. Universitetsstyret vil dermed få eit oversyn over kor stort omfanget av innkjøp med slike selskap er på UiO.  Når det vil skje, er enno ikkje klart. 

UiO boikotta selskap på grunn av oppdrag i okkuperte palestinske område

Det er likevel ikkje første gong spørsmålet om å kutta ut eit selskap UiO har innkjøpsavtale med, på grunn av at det også har hatt oppdrag i okkuperte palestinske område, kjem opp. Sist det skjedde var i 2013, då vaktselskapet G4S, ikkje lenger fekk delta i tilbodsrunden om vakttenester på UiO.

BOIKOTTA: Det dansk-britiske selskapet G4S blei boikotta av UiO etter at det blei kjent at det hadde hatt oppdrag på okkuperte palestinske område (Arkivfoto) 

Grunnen var at det også hadde oppdrag for den israelske staten på den israelsk-okkuperte delen av Vestbreidda. Avgjerda til UiO blei klaga inn for  Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA). Dei gav G4S medhald. Like etterpå blei den norske delen av selskapet kjøpt opp av NOKAS. Dermed blei floken løyst i den omgangen.  Den gongen var det Studentparlamentet og Palestinakomiteen i Noreg som var pådrivarar for ein boikottaksjon mot selskapet G4S. 

• Les meir om situasjonen i Israel og i dei palestinske områda: 

Akademisk boikott blir diskusjonssak i Universitetsstyret

 Bjørn Olav Utvik:– Å bli aktivist krasjar litt med rolla som undervisar og Midtausten-ekspert

UiO-rektor fekk 537 underskrifter med krav om akademisk boikott av Israel

Dei har samla inn 500 underskrifter for akademisk boikott av Israel

UiO-tilknyttet forsker drept i Gaza

Studentparlamentet demonstrerte for Palestina-flagging på UiO

UiO-studentar i Israel er evakuerte til ein tryggare stad

Svein Stølen: – Me vil ta imot forskarar frå Gaza på same måten som forskarar frå Ukraina

Israelsk forskar: – Hamas skapte ei kjensle av at dei var nær å få inn eit avgjerande slag mot israel

Erik Fosse om Gaza: – Slik som det ser ut i dag, vil helsevesenet bryta heilt saman

Ni UiO-studenter i Israel - blir ikke hentet hjem nå

Israelsk professor: – Den akademiske fridomen vår er truga

 

Emneord: Universitetsstyret, Israel, Palestina Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2024 18:10 - Sist endra 7. feb. 2024 00:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere