Det er eit innspel frå Statsbygg som har fått universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen til å senda inn eit notat med eit svært dramatisk innhald til Kultur- og likestillingsdepartementet.
For Statsbygg har på vegner av nettopp det departementet gjennomført ein moglegheitsstudie for nytt teaterbygg på Tullinløkka og vil etter planen senda inn planinitiativ til Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune i første kvartal av 2024. I det aktuelle forslaget vil også Nasjonalgalleriet inngå som ein del av areala til det nye teaterbygget, går det fram av notatet som Uniforum har fått ein kopi av. Det er datert 25. januar i år.
I strid med tidlegare utgreiingar
På vegner av UiO meiner dei to direktørane dette er i strid med tidlegare utgreiingar for dette omstridde området midt i Oslogryta. Dei viser til at både framtidig bruk av Nasjonalgalleriet og nybygg på Tullinløkka tidlegare har vore greidd ut for å løysa behovet Kulturhistorisk museum har for areal i sentrum. Det har den dåverande regjeringa kome med ei stadfesting av i 2013 i samband med 3-lokasjonsmodellen, ein modell der Kulturhistorisk museum skulle ha tre lokale, eitt på Bygdøy (Vikingtidsmuseet), eitt i sentrum (Historisk museum), og eitt på Økern (magasinbygg). I brevet skriv dei: "VI ønsker å understreke at disse utredningene fremdeles representerer UiOs interesser i området og viser til Masterplan for UiOs eiendommer (kap. 6.2 og 8.1-4)"
I 2012 vedtok også Universitetsstyret at dei ynskte eit nybygg for Kulturhistorisk museum på Tullinløkka.
• Les meir: Ønsker nybygg for Kulturhistorisk museum på Tullinløkka
Ikkje plass til både teaterbygg og utvida museum
Den masterplanen som dei omtalar, skildrar korleis ei rehabilitering av Historisk museum med nye areal under bakken og overtaking av Nasjonalgalleriet vil kunna løysa Kulturhistorisk museum sine plassproblem i sentrum, og kunna inngå ei heilskapleg utvikling av Tullinløkka og Campus sentrum. Eit nytt teaterbygg på Tullinløkka vil derfor bli dramatisk for det er ikkje plass til både eit nytt teaterbygg og ei utviding av Historisk museum.
"UiO ønsker derfor å gjøre oppmerksom på at nytt teaterbygg på Tullinløkka innebærer en arealkonflikt med hensyn til tidligere utredninger om bruk av Tullinløkka ettersom det ikke er plass til både nytt teaterbygg og utvidelse av Historisk museum slik gjeldende reguleringsplan tilrettelegger for", skriv universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen.
Dei understrekar at UiO ikkje ynskjer at denne arealkonflikten skal vera tema i ein eventuell reguleringsplan og ber derfor om at notatet dei har skrive fylgjer saka til politisk handsaming slik at arealkonflikten kan avklarast før Statsbygg sender inn planinitiativet til Plan og bygningsetaten i Oslo kommune.
Utfordrande grunnforhold
I notatet kjem dei også inn på dei vanskelege grunnforholda i Tullinløkka-området som Uniforum tidlegare har skrive om.
• Les meir:
Historisk museum har sokke med ein halv meter- kan kosta 1,5 milliardar å fiksa bygningen
Dei peikar på at grunnforholda er utfordrande og at Mulitconsult på vegner av UiO har utarbeid ein rapport om dei pågåande setningsskadene ved Historisk museum i Frederiks gate 2. I konklusjonen står det at bygningen må refundamenterast innan fem til ti år, om det ikkje skal oppstå uoppretteleg skade på bygget.
Uansett kven som skal byggja ut på Tullinløkka, så må dette verta koordinert med refundamenteringsarbeidet for Historisk museum, understrekar dei to toppdirektørane i notatet dei har sendt til Kultur- og likestillingsdepartementet.
Statsbygg har tinga oppstartsmøte med Oslo kommune
Uniforum har også vore i kontakt med Kultur- og likestillingsdepartementet i denne saka.
Kommunikasjonseininga opplyser at Statsbygg i januar 2024 har tinga oppstartsmøte for reguleringsplanarbeidet hjå Oslo kommune, for å undersøkja handlingsrommet for å skipa ein ny moderne scene for Nationaltheatret på Tullinløkka og i Nasjonalgalleriet.
I ein e-post Uniforum har fått frå departementet, blir det vist til at dette er ein del av det utgreiingsarbeidet Statsbygg gjer i prosjektet om Nationaltheatret, og i tråd med oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet.
Statsbygg og universitetet har god dialog
Etter deira meining har Universitetet i Oslo og Statsbygg vore i nær kontakt med kvarandre om planane for området.
• Les meir om Kulturhistorisk museum:
Logg inn for å kommentere