UiO rehabiliterer fasaden på Historisk museum

I sommar starta UiO med rehabiliteringa av fasaden på Historisk museum i sentrum. Arbeidet skal halda på fram til september neste år, men museet vil ha vanlege opningstider i heile anleggsperioden.

GODT SKJULT: Hovudinngangen til Historisk museum  er godt skjult av stillas under rehabiliteringa av fasaden på bygningen.

Foto: Ola Sæther

Historisk museum er ein av få bygningar i jugendstil i Noreg. No er det heilt umogleg å beundra fasaden til den vakre bygningen,for no har Eigedomsavdelinga sett opp stillas rundt heile bygningen. Grunnen er at fasaden skal rehabiliterast.

   • Les også i Uniforum: Myke kurver, drager og gull

                                          Eit passeleg stort museum

I fylgje nettsidene til Eigedomsavdelinga har prosjektet som mål å reetablera klimaskal og halda vatn ute av bygningen sin fasade. Under arbeidet skal det mellom anna utførast omlegging og reparasjon av tak. Dessutan skal vindauge og fuger både rehabiliterast og vedlikehaldast.  I tillegg skal både sandstein og teglstein reparerast. Det skal utførast rehabilitering på Historisk museum for til saman 100 millionar kroner, går det fram av eit tidlegare oppslag i Uniforum.

Heile bygningen er altså kledd med stillas, og derfor er det blitt laga tunnellar for inngang og utgang. Men parkeringsplassen bak museet mot Tullinløkka vil vera reservert for entreprenøren. Dei tilsette vil jobba på vanleg måte under arbeidet. Dersom det er naudsynt, vil dei måtte flytta mellombels til andre rom inne i  bygningen. Om det er behov for det, vil også utstillingane i museet verta flytta på, går det fram av ei driftsmelding på nettsidene til Eigedomsavdelinga ved UiO.

 

Emneord: Bygninger, byggeprosjekter, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 10. aug. 2018 13:11 - Sist endra 10. aug. 2018 13:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere