Eit passeleg stort museum

Eit dødsfall førte til at arkitekt Henrik Bull fekk oppdraget med å teikna Historisk museum. Resultatet blei Noregs flottaste byggverk i jugendstil. I år er det 100 år sidan det opna dørene. - Museet har ei overkommeleg samling av gjenstandar frå ulike tidsperiodar, synest Egil Mikkelsen , som er direktør for Kulturhistorisk museum, UiO.

PÅ UTSTILLING: Museumsdirektør Egil Mikkelsen har funne plass ved sidan av ein figur av mor og barn frå Palmyria i Syria frå mellom 251 og 261 e.Kr.
Foto: Ola Sæther

Museumsdirektør Egil Mikkelsen er stolt over kronjuvelen blant dei ti bygningane som til saman dannar Kulturhistorisk museum.

- Eigentleg var det arkitekt Karl August Henriksen som vann konkurransen om å få teikna Historisk museum. Han døydde i 1892, like etter at han var ferdig med teikningane. Seinare vedtok byggjekomiteen å overlata oppdraget til Ole Bulls nevø, Henrik Bull, som tidlegare hadde vore arkitekt for Paulus kirke på Grünerløkka, Nationaltheatret og den gamle regjeringsbygningen, som i dag husar Finansdepartementet, fortel Mikkelsen.

Stortinget hadde i 1892 kalkulert byggjekostnadane til rundt 640 000 kroner. Det ferdige resultatet viste at Bull i det store og heile hadde halde seg til Henriksens grunnplanar. Det einaste han hadde endra, var hovudtrappa og avrundinga av dei ytre hjørna på bygningen. I 1902 stod bygningen ferdig og to år seinare var alle samlingane flytta inn og bygningen kunne opna dørene for publikum.

Norsk antiquarisk Musæum

- Sant å seia hadde det eksistert eit historisk museum i Kristiania like lenge som det hadde eksistert eit universitet, altså sidan 1811. Det var eigentleg Selskapet for Norges Vel som tok initiativet til å etablera eit Norsk antiquarisk Musæum. Difor oppfordra dei alle som eigde eller fann oldsaker, om å senda dei til hovudkvarteret til dette selskapet i staden for å senda dei til København slik dei eigentleg var pålagde av den dansk-norske kongen, seier Egil Mikkelsen.

Den første samlinga blei lagt til Christiania Katedralskole der det frå før fanst ei samling av oldsaker, myntar og mineral, som kanselliråd Carl Deichman allereie i 1780 hadde testamentert til Christiania by saman med biblioteket sitt. I 1811 blei Det Kongelige Frederiks Universitet etablert, og i 1817 tilbaud Selskapet for Norges Vel å overlata samlingane sine til universitetet slik at det kunne danna grunnlaget for eit "Universitetets nasjonalsamling".

- Men det var først i 1828 at universitetet såg seg i stand til å tilby eit lokale i Universitetsgården i Prinsens gate. I 1829 opna Rudolf Keyser den første Samlingen av nordiske Oldsager for publikum, og i 1835 fylgde Myntkabinettet opp med si første utstilling. Grunnlaget for Myntkabinettet var oppkjøpet av 6300 greske og romerske myntar hausten 1817. Og det var universitetets første professor i gresk, Georg Sverdrup, som kunne kjøpa desse myntane for 1600 speciedaler gjennom ei statleg løyving i 1816, føreles Egil Mikkelsen, og viser at han kan historia til Historisk museum. Mange av desse myntane er no på jubileumsutstillinga til museet.

Kong Krøsus

Museumsdirektør Egil Mikkelsen viser oss rundt og stansar opp ved ein mynt frå regjeringstida til Kong Krøsus.

- Me har ting både frå gresk og romersk historie, men me har heller ikkje gløymt norsk historie. Difor kan folk her få sjå funn frå det eldste funnet frå norsk steinalder, frå Komsakulturen i Finnmark, side om side med myntar frå Romartida og frå den arabiske stordomstida. Og så midt i mellom dette, kan folk få sjå kuriositetar som Fridtjof Nansens fredsprismedalje og ein kopi av Svartemosverdet som blei gitt i gåve til Vidkun Quisling under Den andre verdskrigen. Det originale sverdet klarte norske motstandsfolk å redda frå klørne til dei nazistiske styresmaktene, og i dag ligg det trygt i samlingane våre, fortel Mikkelsen.

- Overkommeleg samling

Han er glad for at Noreg ikkje har vore blant stormaktene som har sendt ut store ekspedisjonar som har kome heim med store samlingar.

- Berre sjå korleis det har gått med British Museum og liknande samlingar. Dei har så mange ulike fornminne at du blir utsliten før du har kome til samlingane frå mellomalderen. Historisk museum har stort sett tatt imot samlingar misjonærar, vitskapsfolk på feltstudium og nordmenn i utanlandsk teneste. Det var faktisk ein del nordmenn som tente til livets opphald som offiserar for den kinesiske keisaren på byrjinga av 1900-talet. Ein av desse samla på kinesiske betalingsmiddel gjennom tidene. Det er ei samling me har fått overta. Dette var jo i ei tid då musea ikkje fekk krav om at oldsaker skulle sendast tilbake til landet dei eigentleg kom frå, understrekar han.

- På den måten har Historisk museum ei overkommeleg samling av gjenstandar frå ulike tidsperiodar, legg han til. Og når det gjeld kuriøse samlingar, så er det vel ein ting som overgår alle dei andre.

- Ja, heile hundespannet som Roald Amundsen brukte på ekspedisjonen gjennom Nordvestpassasjen, er utstoppa og har fått plass blant våre samlingar, smiler han. No ser han fram til ei ny flytting av Historisk museum.

- I 2011 skal alle samlingane til Kulturhistorisk museum vera samla på Sørenga i Gamlebyen, er han brennsikker på.

- Det har jo vore mykje fram og tilbake når det gjeld flyttinga av musea. Du trur ikkje at Historisk museum blir her i 100 år til?

- Det håpar eg inderleg ikkje, seier Mikkelsen.

Det er Nasjonalmuseet for kunst som skal overta museumsbygningen den dagen Historisk museum flyttar til Sørenga og museumsdirektør Egil Mikkelsen får samla Kulturhistorisk museum til eitt rike. Jubileumsutstillinga "Ikke sant? Historisk museum 100 år" skal stå fram til 13. mars 2005.

(Kjelder: Museumsdirektør Egil Mikkelsen og bokverket "Kulturhistorier i sentrum. Historisk museum 100 år"av Jostein Bergstøl, Arne Aleksej Perminow og Ann Christine Eek, utgitt av Kulturhistorisk museum.)

Emneord: Museene Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2004 09:59 - Sist endra 10. des. 2008 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere