Dei prøver å pusta nytt liv i debatten om framtida til Nasjonalgalleriet

Skal Nasjonalgalleriet bli eit museum for samisk kunst, ein filial av Nationaltheatret eller eit museum for mellomalderkunsten til UiO?

Fire kvinner og ein mann  langs eit bord.

BREITT PANEL: Frå venstre: Heidi Anett Øvergård Beistad, Nina Refseth, Karin Hindsbo, Bjørne Grimsrud og Hanne Geiran.

Foto: Martin Toft

Meiningane var mange då tidsskriftet «Museumsnytt» på tysdag inviterte til ein samtale om Nasjonalgalleriet.

Nasjonalgalleriet står framleis tomt og majestetisk midt i Oslo sentrum. Det har ikkje mangla på idear til kva bygningen bør fyllast med.  Sist ute var «Mulighetsstudien» frå Sparebankstiftelsen DNB og prosjektleiar Martin Eia-Revheim. Ein arena for forsking og kunnskapsutveksling for forskarar, kuratorar og kunstnarar frå heile landet er hovudideen. 

Ein annan idé er å flytta delar av Guttom Guttormgaards arkiv inn i bygningen. Tidlegare direktør for Nordnorsk kunstmuseum Jérémie McGowan føreslår eit mellombels samisk kunstmuseum i delar av Nasjonalgalleriet.

Den siste ideen som har kome opp er at Nationaltheatret flyttar inn etter at Statsbygg stansa den planlagde oppussinga av den gamle teaterbygningen. 

Ville lata UiO overta Nasjonalgalleriet

Universitetet i Oslo har også spelt ei rolle når det gjeld den framtidige bruken av Nasjonalgalleriet.  I februar 2010 kom dåverande rektor Ole Petter Ottersen med eit forslag om å ha felles vitskapsutstillingar i Historisk museum og i Nasjonalgalleriet. I 2016 var han igjen på bana. Den gongen føreslo han at Nasjonalgalleriet kunne bli ein stad der mellomaldersamlinga til UiO kunne stillast ut. 

To månader seinare kom Statsbygg med ei eiga utgreiing om den framtidige bruken av Nasjonalgalleriet. Den konkluderte med at det beste for Nasjonalgalleriet ville vera å bli overtatt av Kulturhistorisk museum, som altså er ein del av Universitetet i Oslo, og bli eit byuniversitet. Leiaren for utgreiinga var Bjørne Grimsrud, som den gongen var direktør for strategi- og utvikling i Statsbygg, men som no er direktør for Transportøkonomisk institutt og eksternt medlem av styret for Kulturhistorisk museum.

I Nasjonalgalleriet sat han i eit panel med riksantikvar Hanna Geiran, direktør for Nasjonalmuseet Karin Hindsbo, direktør for Norsk Folkemuseum Nina Refseth og direktør for Stiklestad Nasjonale Kultursenter Heidi Anett Øvergård Beistad.

Debattleiar Agnes Moxnes ville gjerne vita kvifor utgreiinga konkluderte med at Nasjonalgalleriet ville få det best saman med Kulturhistorisk museum.

– Det var for å finna nokre eigarar som hadde rygg til å eiga det. Det var ingen mangel på gode idear den gongen heller, men det var mangel på finansiering. I dag har det kome forslag som vil innebera minst ein halv milliard kroner for staten. Kven er det som er nærmast til å skape offentleg liv i dette bygget, og ha økonomisk moglegheit til å gjera det. Seinare er eg blitt spurt om å sitja i styret for Kulturhistorisk museum, og der er ikkje interessa for dette så stor lenger. Det er altså eit spørsmål om pengar, og når dei ikkje får pengar til Vikingtidsmuseet, så er prioriteringa temmeleg klar, slo han fast.

– UiO hadde mest potensial

Bjørne Grimsrud kom også inn på ein annan grunn til at Universitetet i Oslo burde overta Nasjonalgalleriet.

– UiO har ein drifts- og forvaltningsorganisasjon her i sentrum til dei andre bygningane som ligg rundt. Dessutan har universitetet ei genuin interesse i å utvikla området. Slik me såg det, var det UiO som hadde mest potensial til å få verdi ut av bygget.

Agnes Moxnes lurte då på om faktum var at UiO som kunne hatt rygg til å bera det, likevel ikkje hadde rygg til å bera det? 

– No i 2022 er det ingen pengar på bordet nokon stad som gjer at me kan realisera nokon av forslaga som har kome. Det er trist, for så vidt, og det har ikkje blitt meir pengar å rutta med dei siste åra. Det har skjedd ein ting her sidan me kom med utgreiinga vår. Der føreslo me at den gamle bygningen til Noregs geografiske oppmåling (NGO) skulle brukast til studenthus. Den gongen valde regjeringa å selja det for 345 millionar kroner, langt over den prisen me hadde kalkulert med på 145 millionar kroner, konstaterte han.

AVGRENSA PLASS: Berre dei første som melde seg på, fekk vera blant eit publikum som var avgrensa til 70 personar. (Foto: Martin Toft) 

– Slit ganske mykje med ganske mange bygg

Sidan ingen politikarar eller statsrådar hadde takka ja til å delta i debatten, fekk Bjørne Grimsrud også i oppgåve å setja seg inn i korleis dei tenkjer om Nasjonalgalleriet.

– Eg trur dei slit ganske mykje med ganske mange bygg. Det trur eg dei tenkjer mykje på.  Nasjonalmuseet har nokre målsetjingar om å formidla kunst, ta vare på kunst og så skal dei kjøpa inn kunst. Eg trur dei tenkjer at alle desse måla blir godt nådde med det nye bygget til Nasjonalmuseet på Vestbana. Då er det ikkje der me skal putta pengar nett no.

– Eg trur heller dei har meir uro rundt Nationaltheatret. Og det å grava på Tullinløkka er dei heller ikkje så ivrige på. Dei har gravd i tjukkleire no på tomta til Livsvitskapsbygget. Det har kosta enormt med pengar. Det går ein bekk, Bislettbekken, over her. Derfor er det ein krevjande stad. Eg trur ikkje det er noko stor interesse for å utvikla prosjekt rundt det. Dette er ikkje noko som skapar partystemning, merkar eg. Det var vel heller ikkje grunnen til at eg blei invitert, smilte han.

– Bygget er viktig i forteljinga om Noreg

I dag er Nasjonalgalleriet framleis ein del av Nasjonalmuseet. Og Statsbygg leiger ut bygget til Nasjonalmuseet fram til nyttår. Karin Hindsbo, direktør for Nasjonalmuseet, var også med i panelet.  Og debattleiar Agnes Moxnes ville gjerne vita kor viktig tilknytinga til Nasjonalgalleriet er for Nasjonalmuseet.

– Det er viktig for oss. Bygget er ein viktig del i forteljinga om Noreg. Det er også historien om Nasjonalmuseet og utviklinga av eit nasjonalt kunstmuseum. Den samlinga som me no har bygd opp på Nasjonalmuseet, og som folk frå heile verda kjem for å sjå, er også bygt opp på Nasjonalgallieriet og er ein viktig del av utviklinga til Nasjonalgalleriet, sa ho. 

– Vanskeleg å vera heilt ueinig

Heidi Anett Øvergård Beistad er direktør for Stiklestad Nasjonale  Kultursenter.  Ho var ei motstemme til dei andre i panelet. For ho var ikkje så begeistra for tanken om at all kunst skulle sendast inn til Oslo og ikkje ut til heile landet slik Riksutstillingane tradisjonelt har gjort.

– Det er vanskeleg å vera heilt ueinig i kor viktig det er å ta vare på eit bygg som er uhyre viktig, og har mykje å seia symbolsk posisjon i Noreg, og bør halda fram me å ha det.  At det skal bli eit sentrum for forsking, formidling og samarbeid mellom alle musea, stiller eg meg skeptisk til. For det blir det jobba svært godt med på musea  i Noreg allereie.

– Eg ynskjer ikkje å vera ei distriktsvennleg, sur kjerring frå Trøndelag. For dette handlar ikkje om distriktspolitikk, men heller om korleis musea bør jobba.  I denne diskusjonen ligg det ein sentraliseringstanke som eg synest er problematisk. Er det ein viktig ting for musea å flytta forskinga ut og inn på ei slik fellesarena? Korleis skal me få medskaping med nærmiljøa våre om kunnskapslaben skal flyttast hit? Skal dei nye historiene flyttast inn her, eller er det viktig at dei blir gjort synlege på alle dei andre arenaene der ute, lurte ho på.

 – Vil berre bli utgifter med bygningen etter nyttår

MØTEPLASS: Prosjektleiar Martin Eia-Revheim har leia Mulighetsstudien til Sparebankstiftelsen DNB. Det blir det føreslått å gjera Nasjonalgalleriet til  ein arena der forskarar, kunstnarar og kuratorar kan møta kvarandre og utveksla kunnskap.  (Foto: Martin Toft)

Prosjektleiar Martin Eia-Revheim har  på vegner av Sparebankstiftelsen DNB målbore  tanken om at Nasjonalgalleriet skal bli ein arena der forskarar, kunstnarar, konservatorar og kuratorar frå forskjellige fagmiljø kan dra nytte av kunnskapsdeling og samarbeid. Han minna om at Statsbygg står som formell eigar av bygget i dag, og får inn leigeinntekter frå Nasjonalmuseet fram til nyttår.

– Deretter vil det ikkje vera leigetakarar her, og det vil berre vera reine utgifter med bygningen. Så å leiga ut bygningen for 1 krone mot at den som leiger tar på seg ansvaret og kostnader knytt til det, treng ikkje vera så dårleg reknestykke for Statsbygg, peika han på.

– Det er ikkje meininga vår at forsking og kompetanse skal flyttast ut frå distriktet og til hovudstaden.  Det hadde vore direkte provoserande, slo han fast.

Ynskte nasjonalt senter for skeiv kunst og kultur

Heidi Anett Øvergård Beistad let seg ikkje likevel ikkje overtyda. På direkte spørsmål frå Agnes Moxnes om kva ho kunne tenkja seg å fylla Nasjonalgalleriet med, tok ho ein liten kunstpause,  før ho smalt til med ein konkret idé.

– Det er ei rørsle som arbeider for å få dei som fortel nye historier til å få ein felles arena. Kva med eit nasjonalt senter for skeiv kunst og kultur ? Det hadde gjort meg veldig glad,  sa ho.

 

FOLK KJEM: - Er utstillingane gode nok, vil publikum koma, trudde Nina Refseth, direktør for Norsk folkemuseum. Ho er nummer to frå venstre i panelet. (Foto: Martin Toft)

Nina Refseth som er direktør for Norsk Folkemuseum, frykta ikkje at fleire museumstilbod ville føra til færre besøkjande. 

— Me har aldri hatt så mange besøkjande som etter pandemien. Er utstillingane gode nok vil publikum koma, var ho heilt viss på. 

Riksantikvar Hanna Geiran ville ikkje uttala seg om innhaldet i  Nasjonalgalleriet. 

– Det er berre om freding av bygg eg kan ta ordet. Men me har ein unik historisk bygning, og det aller viktigaste er at den blir tatt i bruk, understreka ho. 

Erik Collett i Nasjonalgalleriets venner var ikkje interessert i at Nationaltheatret skal inn i Nasjonalgalleriet.

– Nei, det teatret må halda seg i Nationaltheatret. Førebiletet vårt er Nasjonalmuseet i Stockholm. Der har dei kvitta seg med arkivrom og kontor for administrasjonen i hovudbygningen. Alt blir brukt til kunsten, slo han fast.

Det var rundt 70 personar til stades. Fleire var det ikkje tillate å ta inn i Nasjonalgalleriet på grunn av brannføreskriftene. Det er framleis politikarane som har siste ordet når det gjeld kva Nasjonalgalleriet skal brukast til i framtida. I denne debatten ville dei, ifylgje arrangøren ikkje stilla opp fordi dei enno ikkje har bestemt seg.

 

Emneord: Kunst, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. okt. 2022 17:39 - Sist endra 17. okt. 2022 11:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere