Historisk museum har sokke med ein halv meter - kan kosta 1,5 milliardar å fiksa bygningen

Det er blitt oppdaga setjingsskader på Historisk museum. Dei må reparerast i løpet av fem eller ti år for å hindra uopprettelege skader på bygget, står det i ein rapport som Multiconsult har laga for UiO. 

Ein museumsbygning i Oslo

DYR REDNINGSAK; Historisk museum har sige med ein halv meter sidan bygningen stod ferdig i 1903. 

Foto: Narve Skarpmoen/Nasjonalbiblioteket

Historisk museum blei renovert for 300 millionar kroner mellom 2017 og 2022. No kan det visa seg at ein del av renoveringa kan bli øydelagt av at grunnen under bygget er i rørsle.  Så langt viser målingar konsulentselskapet Multiconsult har gjort, at bygningen har sokke med over ein halv meter frå langsida mot Slottet til langsida mot Nasjonalgalleriet sidan bygningen stod ferdig i 1902-03.

 – Det vil me snart få merka ved at vindauge sprekk og dører blir vanskelege å få igjen, seier eigedomsdirektør John Skogen ved Universitetet i Oslo.

Saman med plan- og prosjektdirektør Leif Johnny Johannessen og arkitekt og prosjektleiar Jostein Eidsvåg, legg han på bordet ein rapport frå Multiconsult. Den forklarar kva som er i ferd med å skje med den gamle art noveau-bygningen i Oslo sentrum.

PROSJEKT:– Ved UiO er det ei erkjenning av at dette ikkje kan gjerast innanfor UiOs eigen økonomi. Derfor må me levera inn eit kostnadsoverslag og på vanleg måte melda det inn som eit prosjekt til Kunnskapsdepartementet, seier eigedomsdirektør John Skogen (i midten). Her sit han saman med plan- og utviklingsdirektør Leif Johnny Johannesssen (t.v) og prosjektleiar og arkitekt Jostein Eidsvåg. (Foto: Martin Toft).  

« vil dette kunne påføre uopprettelige skader på bygget»

Konklusjonen i den er heilt klar: «Vi er av den oppfatning at dersom påvist setningsutvikling for Historisk Museum får utvikle seg, vil dette kunne få store konsekvenser for bygget. Våre beregninger tilsier at dersom setningsutviklinger får fortsette med nye setninger, i størrelsesorden 50-60mm, vil dette kunne påføre uopprettelige skader på bygget. Høyst sannsynlig vil en betydelig del av skader på bygget, som nå har vært gjenstand for utbedring, kunne gjenoppstå.»

Med andre ord kan bygningen bli heilt øydelagt, dersom noko ikkje blir gjort for å hindra at desse skadene får utvikla seg. Og dessutan vil det visa seg at ein del av renoveringa som blei fullført i 2022, kan vera gjort til fånyttes, sidan dei gamle skadene kan gjenoppstå.  

Tilrår ei refundamentering

Multiconsult rår derfor til at arbeidet med å redda bygget må gjerast i løpet fem eller ti år.  Det må gjerast gjennom ei refundamentering, går det fram av rapporten.  Det blir vist til at Nationaltheatret i Oslo blei refundamentert i samband med etablering av tog- og T-banestasjonen. I rapporten vert det trekt fram at både Nationaltheatret og Historisk museum har ein tilnærma lik konstruksjon med fundamentering i form av svevande trepålar under ei overliggjande betongplate.

Eigedomsdirektør John Skogen orienterte Universitetsstyret om setjingssskadene på Historisk museum i førre veke.  Då gjorde rektor Svein Stølen det klart at dette var ein kostnad som  Kunnskapsdepartementet må ta. Og John Skogen stadfestar det overfor Uniforum.

– Me har orientert Kunnskapsdepartementet om denne saka også.  Kostnadene med å reparera skadane kan koma på 1,5 milliardar kroner, opplyser Skogen. 

– Oppstår store vridingskrefter

Plan- og prosjektdirektør LeifJohnny Johannessen forklarar at opphavet til problema starta etter at bygningen stod ferdig i 1902-03.

– Då blei det planta svære pålar ned i bakken med ei svær betongplate på toppen. Kvart år sidan den gongen har bygget sokke nokre få millimeter i året på grunn av setjingsskader. Frå 1903 til no har det sokke med ein halv meter.  Setjingsforløpet har likevel vore lineært slik at bygget ikkje er blitt utsett for store vridingskrefter. Det som har skjedd de siste åra og som er bekymringsverdig er at nordenden av bygningen har begynt å siga meir enn sørsida, og då oppstår det store vridingskrefter som kan skape uopprettelege skader på konstruksjonen dersom det får lov til å halda fram, konkluderer han med og viser til rapporten. 

I den går det fram at årsaka til setjinga på Historisk museum ikkje er heilt klar, men at  det kan skuldast seinking av nivået på grunnvatnet, at grunnen har dårleg bereevne eller at det er ujamn djupn til fjell.

Vil laga sin eigen vurderingsrapport

Eigedomsavdelinga skal no gå i gang med vidare utgreiingar for å få eit reelt kostnadsbilete av kva refundamenteringa vil kosta. Det første tiltaket er at dei vil laga sin eigen vurderingsrapport. Arkitekt Jostein Eidsvåg er blitt prosjektleiar for dette arbeidet. 

– Ved UiO er det ei erkjenning av at dette ikkje kan gjerast innanfor UiOs eigen økonomi. Derfor må me levera inn eit kostnadsoverslag og på vanleg måte melda det inn som eit prosjekt til Kunnskapsdepartementet, seier John Skogen.  

Prosjektleiarar Jostein Eidsvåg viser også til at det ikkje er mogleg å heva seinkinga av bygningen.

– Jekking av bygget vil vera vanskeleg og vil truleg medføra nye skadar på bygget. Multiconsults klare tilråding er at bygget vert fundamentert til fjell slik at setjingane stoppar.  Bislettbekken renn også under Tullinløkka. Så langt er tilstanden på treverket i pålane god. Men om det blir ei endring på nivået til grunnvatnet, kan dette endra seg, peikar han på.

– Det er viktig at dei må sjå prosjekta i samanheng

Nationaltheatret har planar om å byggja to små scener under Tullinløkka som eit supplement både før og etter at hovudbygningen i Stortingsgata er ferdig renovert. Det kan også få fylgjer for korleis skadane på Historisk museum skal utbetrast. 

SKADER: I denne rapporten påviser Multiconsult nokre av skadene som er påført Historisk museum fordi bygningen har sige med ein halv meter sidan den stod ferdig i 1903. (Foto frå rapport frå Multiconsult)

 

– Det er Statsbygg som skal finna ut korleis ei eventuell utbygging av desse scenene under Tullinløkka skal gjerast. Og det kan få konsekvensar for Historisk museum. Staten eig både Nationaltheatret og Historisk museum. Det er viktig at dei må sjå prosjekta i samanheng, synest Leif Johnny Johannessen. 

Han viser til at også i masterplanen til Eigedomsavdelinga, går det fram at det kan bli nødvendig å gjera noko med setjingsskadar på bygningen til Historisk museum. Multiconsult skriv i rapporten sin at dei allereie har oppdaga ting som kan få store konsekvensar for bygningen. «Vridning på bunnplate påfører bygget horisontale bevegelse, som på sikt kan få konsekvenser for etasjeskillere.» Det blir også peika på at store rørsle i innbygde takkonstruksjonar kan øydeleggja kvelvingar og mura konstruksjonar.

Vil få store konsekvensar

Eigedomsdirektør John Skogen legg ikkje skjul på at når det blir sett i gang arbeid med refundamentering av bygningen, så vil det få store konsekvensar. 

– Då kan store delar av verksemda i Historisk museum stansa opp. Heile kjellaren må tømmast, slår han fast. 

Men det er likevel ikkje heilt klart om alle dei tilsette må ut av bygget. 

– I Domus Bibliotheca klarte dei å bli verande i bygningen, då den blei refundamentert, men det var mykje bråk, konstaterer han. 

Startar opp utgreiingar på nyåret

Eigedomsavdelinga skal i samarbeid med Kulturhistorisk museum setja i verk eit felles prosjekt for å finna ut korleis problemet skal løysast med ein best mogleg metode. Dei skal også vurdera kostnader og andre ting ved den tilrådde refundamenteringa.

– Vidare utgreiingar for å få eit reelt kostnadsbilete startar opp på nyåret. varslar prosjektleiar Jostein Eidsvåg. 

Og Leif Johnny Johannesen supplerer.

– Det mest avgjerande blir då kva me kjem fram til saman med Kunnskapsdepartementet når det gjeld finansiering, trekkjer han fram.

– Når me har utgreidd saka og avklart finansiering, vil me bestemma  korleis sjølve gjennomføringa av utbetringa skal organiserast, seier John Skogen.

Dei tar fram bilete og teikningar frå rapporten til Multiconsult og peikar ut bilete av skader på Historisk museum. Nokre av veggane har allereie fått store sprekker.

– Dører og vindauge vil merka det først. No har Historisk museum sokke ned i fleire retningar, og om det held fram, kan det øydeleggja heile bygningen,  konstaterer John Skogen, Jostein Eidsvåg og Leif Johnny Johannessen i Eigedomsavdelinga. 

 

 

Emneord: Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 15. des. 2023 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere