UiO set i gang redningsaksjon for Norsk senter for molekylærmedisin

Frå 2025 trekkjer både Forskingsrådet og Helse Søraust den økonomiske støtta til Norsk senter for molekylærmedisin. Universitetsstyret har derfor sett ned ei arbeidsgruppe som skal føreslå korleis senteret likevel kan drivast vidare på UiOs budsjett.

MÅ REDDAST: UiO arbeider hardt for å finna ut korleis Norsk senter for molekylærmedisin i Forskningsparken kan koma på UiOs budsjett. Grunnen er at Forskingsrådet ikkje lenger vil støtta senteret økonomisk frå budsjettåret 2025. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det var i 2008 Norsk senter for molekylærmedisin blei etablert på Universitetet i Oslo. Det ligg formelt under Det medisinske fakultetet, men Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har også vore delaktig i forskinga på senteret. Senteret utgjer den norske noden i eit nordisk partnarskap med European Molecular Biology Laboratory (EBML) som er eit europeisk samarbeid innanfor molekylærbiologi. I 2015 blei senteret evaluert, og det blei bestemt å driva senteret vidare i fem nye år.

Norsk senter for molekylærmedisin:

- er eit nasjonalt forskingssenter som skal fungera som eit drivhus for unge, talentfulle forskarar innanfor molekylærmedisin, bioteknologi og translasjonsforsking.

- senteret er eit viktig element i UiOs strategiske satsing på livsvitskap

- ligg formelt under Det medisinske fakultetet, men har også nært samarbeid med fagmiljø på MN-fakultetet.

Talande tal for senteret:

- 54 vitskaplege tilsette personar

-15 teknisk tilsette personar

- 9 administrativt tilsette personar

- 23 ph.d.-kandidatar registrerte på MN-fakultetet

- 72 millionar i inntekter i 2022

- 46 prosent av budsjettet er eksternt finansiert.

(Kjelder NCMMs nettside, Cristin og Database for statistikk om høgre utdanning, nettsida til Det medisinske fakultetet)

Forskingsrådet og Helse Søraust har heile tida spelt ei sentral rolle i finansieringa. Men tidlegare i år fekk UiO ein beskjed som dei hadde håpa aldri kom, men likevel var førebudd på. Forskingsrådet ville trekkja seg ut, og dermed vil også Helse Søraust gå ut av prosjektet. Det går fram av eit referat frå eit IDF-møte som UiO-leiinga hadde med fagforeiningane og hovudverneombodet på UiO den 25. august i år.  

– Kan ikkje forventa ei vidareføring av løyvinga

Avdelingsdirektør Petter Helgesen i Banebrytande forsking i Forskingsrådet stadfestar at pengetildelinga frå Forskingsrådet vil ta slutt frå og med budsjettåret 2025.

– Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) har fått finansiering frå Forskingsrådet heilt sidan 2008 då senteret vart etablert. Dei er no i sin tredje femårsperiode (2020-2024), og Forskingsrådet har presisert i den siste kontrakten med NCMM at dei ikkje kan forventa ei vidareføring av denne løyvinga utover perioden 2020-2024, skriv Petter Helgesen til Uniforum i ein epost.

Han viser til at senteret  totalt har fått 182 millionar kroner frå Forskingsrådet sidan 2008.

– NCMM har fått særskilde tildelingar av forskingsmidlar frå Forskingsrådet i 15 år etter å ha vore eksternt evaluert to gonger,  understrekar han. 

Ber senteret om å søkja SFF-status

Avdelingsdirektør Helgesen vil be senteret om å søkja pengar frå andre finansieringsordningar.

– Forskingsrådet konkurranseutset generelt forskingsmidlar, og det er ikkje lenger mogleg å finansiera senteret utan ei slik utlysing. Derfor har me oppmoda NCMM som andre forskingsmiljø, til å søkja blant anna Forskingsrådets andre finansieringsordningar til dømes større langsiktige forskingssenter som Senter for framifrå forsking (SFF) med varigheit opp til 10 år, er rådet frå avdelingsdirektør Petter Helgesen i Forskingsrådet.

Vil få 17,5 millionar mindre i årlege inntekter

I eit vedlegg til økonomirapporten frå Norsk senter for molekylærmedisin datert den 22. januar 2022, går det fram at senterleiinga allereie då frykta for eit bortfall av inntekter frå Forskingsrådet og Helse Søraust. Det ville då utgjera 17,5 millionar kroner, går det fram av skrivet som er forfatta av administrerande direktør  Janna Saija Saarela og kontorsjef Ingvild Gjelsvik. 

«Det er en risiko for at Forskningsrådet og Helse Sør-Øst trekker seg ut av samarbeidet fra 2025. Det vil i så fall bety en nedgang i NCMMs inntekter på 17,5 millioner kroner per år. Det er usikkert om UiO vil kompensere for at slikt bortfall av inntekter, eller om det vil bli aktuelt å kutte i forskningsaktiviteten for å nedskalere virksomheten til et nytt inntektsnivå»

I fjor hadde senteret samla inntekter på 72 millionar kroner, og 46 prosent av budsjettet er eksternt finansiert, går det fram av senterets nettsider. Derfor svir det hardt når to av dei viktigaste eksterne bidragsytarane vil trekkja all pengestøtte frå og med 2025.

Har sett ned ei arbeidsgruppe

I IDF-møtet den 25. august blei det også presentert eit forslag til vedtak om at det skal setjast ned ei arbeidsgruppe som skal utvikla eit forslag til vidareutvikling av eininga. Hovudtillitsvald Sarah Younes i Akademikarane vil representera fagforeiningane i arbeidsgruppa, som elles vil vera sett saman av forskingsdekanane frå Det medisinske fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og ein representant frå Det odontologiske fakultetet. I tillegg vil også administrerande direktør Janna Saija Saarela i NCMM og "to faglig aktive og relevante professorer" vera med i gruppa, ifylgje eit styrenotat frå 6. september, då saka også var oppe i Universitetsstyret. 

Då blei den handsama bak stengde dører. Det endelege vedtaket som Uniforum no har fått innsyn i, fylgjer opp vedtaket frå IDF-møtet. Dermed er det sett ned ei arbeidsgruppe.

Uniforum har vore i kontakt med universitetsdirektør Arne Benjaminsen. Han stadfestar at det no blir arbeidd for å finna ei løysing.

"UiO har nedsatt en arbeidsgruppe for å få på plass et forslag til en faglig profil, organisering og styringsstruktur basert på UiOs budsjett for senteret. Det ønskes fremdeles tilknytning til European Molecular Biology Laboratory, og vi håper på vedtak i saken våren 2024," opplyser Arne Benjaminsen i ein epost.

– Mindre ressursar

Når Livsvitskapsbygningen opnar dørene i 2027, er det meininga at heile organisasjonen til Norsk senter for molekylærmedisin skal flytta inn der. I dag er mesteparten av senteret lokalisert i Forskingsparken, medan ein mindre del held til i Kristine Bonnevies hus på Blindern. Sidan verken Forskingsrådet eller Helse Søraust vil vera med og gi pengar til senteret etter 2025, kan det skapa vanskar for UiOs planar for både senteret og Livsvitskapsbygget. Det er ei av problemstillingane arbeidsgruppa no får mandat til å koma med eit forslag til løysing på. 

Rektor Svein Stølen  seier at UiO no jobbar for å finna ut korleis senteret kan utviklast i tida framover etter at støtta frå Forskingsrådet har falle bort.

– Konsekvensane er mindre ressursar. Derfor arbeider me no med å vurdera korleis me på best mogleg måte kan utvikla NCMM vidare, skriv han til Uniforum i ein epost.

– Vil det framleis vera plass til Norsk senter for molekylærmedisin i Livsvitskapsbygget? 

– Ja, det er tanken.

• Les meir om Norsk senter for molekylærmedisin

Ombygging i Forskningsparken fører til spittelse av toppforskingssenter

Asbestfunn gjorde at forskargruppe måtte ut av nyinnflytta lokale

Molekylærmedisinsk senter får toppkarakter i evaluering

Fra forskningsresultat til medisinsk behandling

Emneord: Arbeidsforhold, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2023 04:30 - Sist endra 28. okt. 2023 14:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere