Molekylærmedisinsk senter får toppkarakter i evaluering

Ein internasjonal evalueringskomité gir Norsk senter for molekylærmedisin ved Det medisinske fakultetet, UiO svært god skår for fagleg forsking, for god rekruttering og for godt internasjonalt samarbeid for å styrke den pasientnære forskinga.

TOPP SENTER: Norsk senter for molekylærmedisin får toppkarakter i den siste evalueringa frå Forskingsrådet. Senteret held til her i Forskingsparken i Gaustadbekkdalen.

Foto: Ola Sæther

Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) ved Det medisinske fakultetet, UiO er evaluert i regi av Forskingsrådet. Evalueringskomiteen er imponert over det senteret har fått til så langt, og gir senteret vurderinga Very good/Excellent, der Excellent er høgste skår, melder Forskingsrådet i ei pressemelding.

Evalueringa skal gi Forskingsrådet og dei to andre som  finansierer senteret, UiO og Helse Sør-Aust, innsikt i kvaliteten på forskinga som blir utført der. Generelt er det svært høg kvalitet i forskinga ved senteret. Komiteen merkar seg at NCMM har oppnådd fleire milepålar, som til dømes etableringa av ei solid teknologisk plattform som er nødvendig for translasjonell forsking som senteret driv med. Det handlar mellom anna om å utvikla nye medisinar og nye behandlingsformer.

NCMM har også lukkast med å rekruttere mange framifrå forskarar. Og dei har ikkje minst etablert gode kontaktar og samarbeid med både nasjonale og internasjonale sjukehus for å styrke den pasientnære forskinga. 

Nokre av tilrådingane frå evalueringskomiteen

  • NCMM bør utvide rekrutteringsstrategien sin for å tiltrekke seg kliniske forskarar til å jobbe under same tak som gruppeleiarane ved NCMM. Senteret kan utformast slik at det samlar multidisiplinære team av klinikarar og forskarar for effektivt å overføre vitskaplege funn til potensielle behandlingar/fordelar for pasientane.
  • Senteret bør etablere ein klar temabasert forskingsstruktur for å legge til rette for raskare og meir effektiv integrering av gruppeleiarane i aktivitetar innanfor translasjonsforsking og i tillegg auke det interne og institusjonelle samarbeidet.
  • Trass i at senteret har lukkat med å tiltrekke seg framifrå gruppeleiarar, er det eit fråver av ERC-finansiering, noko som kan tyde på behovet for å etablere ei rettleiingsordning for gruppeleiarar og deira karriereutvikling, ERC-finansiering og publikasjonsstrategi. Komiteen tilrår tett samarbeid mellom gruppeleiarar og norske og europeiske forskarar som har motteke ERC-midlar slik at dei kan lære av deira erfaringar.
  • Det er viktig å utarbeide ein strategi for å behalde talenta. Ein slik strategi vil også vere med på å oppretthalde dei spesialiserte teknologiplattformene som er etablerte av gruppeleiarar som har avslutta sine periodar.

Evalueringskomiteen har hatt desse medlemmane:

  • Professor Mimoun Azzouz, University of Sheffield, Storbritannia
  • Professor Sirpa Jalkanen, University of Turku, Finland
  • Professor Yvonne Jones, University of Oxford, Storbritannia
  • Professor Thomas Sinkjær, Lundbeckfonden, Danmark

Komiteen merkar seg også at NCMM har følgt opp tilrådingane frå den førre evalueringa i 2013.

NCMM har litt over 100 tilsette frå 33 forskjellige land. 70 prosent av dei tilsette har ikkje norsk statsborgarskap og 59 prosent av alle tilsette er kvinner. I tillegg er 55 prosent av gruppeleiarane kvinner, så kjønnsbalansen ved NCMM er veldig god, konkluderer evalueringa med.

Komiteen trur NCMM vil få ei spennande utvikling når dei flyttar inn i det nye "Life science"-bygget i Gaustadbekkdalen, som skal stå ferdig i 2024.

Emneord: Medisin, Forskning, Bioteknologi
Publisert 3. okt. 2018 11:14 - Sist endra 3. okt. 2018 11:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere