Det var direktør for UiO:Norden, Tore Rem som helsa ein nesten fullsett aula velkomen til arrangementet i Aulaen, som markerte at den sju år lange forskingssatsinga no er over. Frå i år er UiO:Norden blitt omdanna til UiO:Demokrati der Tore Rem held fram som direktør. Samtidig som alle dei nordiske landa no er i ferd med å bli samla i NATO, medan Noreg og Island framleis står utanfor EU, legg UiO altså ned det som Tore Rem kalla “den verdsleiande forskinga på Norden.”
Både utviklinga av nordiske velferdsstatar, ekspertane sin påverknad på nordisk politikk, kva som definerer nordisk oppvekst og den nordiske responsar på klimakrise og naturtap er tema som UiO-forskarar som Kalle Moene, Cathrine Holst, Elisabeth Staksrud og Marius Timmann Mjaaland har forska på under paraplyen UiO:Norden. Under avslutningsmarkeringa fekk dei høve til å presentera smakebitar av funna dei hadde gjort.
– Me må få nokon til å gi oss ei klimaforståing
Det var eit panel sett saman av Sveriges ambassadør Cecilia Björner, presidenten for Nordisk Råd Jorodd Asphjell (Ap), Gina Gylver, leiar for Natur og Ungdom, den finske Norden-forskaren Peter Stadius og stortingsrepresentant Ola Elvestuen (V) som fekk rolla med å vurdera dagens situasjon for Norden.
UiO: Norden-direktør Tore Rem leia debatten og ville gjerne ha Sveriges ambassadør Cecilia Björners svar på kva me har lært av dei to pandemiåra.
– Folket vil ikkje ha grenser. Det lærte me, slo ho fast.
Og ho trudde at også situasjonen på arbeidsmarknaden snart ville vera tilbake der den var før pandemien.
– Den vil venda tilbake til dei gode tidene både i Sverige og i Danmark, var ho viss på.
Leiaren for Natur og ungdom Gina Gylver meinte me alle hadde lært ein viktig ting.
– Me har kasta om på heile samfunnet for å få til eit felles prosjekt slik som det skjedde under koronapandemien. Det vil me også klara når det gjeld å redda klimaet. Men me må få nokon til å gi oss ei klimaforståing, la ho vekt på.
Gylver brukte seg sjølv som døme på ein russ som måtte sitja heime under heile russetida i 2020.
– No treng me unge dei vaksne med oss i klimadugnaden også, slik som me sat heime for å verna dei eldre mot pandemien, var oppfordringa ho kom med.
Norden-forskar Peter Stadius drog ei samanlikning mellom dei nordiske landa under pandemien.
– Nordiske land hadde ulike løysingar for å stansa pandemien. Det var størst skilnad mellom Sverige og Finland. Og Finland har heile tida hatt ein større grad av beredskap enn dei andre landa i Norden. Det er det historiske grunnar til, men akkurat no er det svært viktig, konstaterte han.
– Det må me aldri gjera igjen
Venstres Ola Elvestuen kunne aldri tenkja seg at grensa mellom Noreg og Sverige skal bli forsøkt hermetisk lukka ein gong til.
– Det kan aldri meir bli slik at to tvillingbrør som bur i kvar sitt land må feira fødselsdagen sin midt på Svinesundsbrua. Når regjeringa ikkje visste kva den skulle gjera under pandemien, blei den beden om å stengja grensa til Sverige. Det må me aldri gjera igjen, formante han.
Også dagens president i Nordisk Råd Jorodd Asphjell skildra spesielle år under pandemien.
– Alle møta me hadde på nordiske språk, blei flytta inn i digitale rom, fortalde han.
Asphjell sette stor pris på den handsrekninga Noreg fekk frå Sverige.
– Sverige var storebror og fekk skaffa vaksinar til Noreg. Og sidan me stod saman fekk me vaksinane til ein lågare pris. Samtidig kunne ikkje dei unge dra til andre nordiske land, peika han på.
– Det var ein “game changer”
Tore Rem tok også opp ynsket frå både Finland og Sverige om å bli med i NATO etter Russlands invasjon av Ukraina.
– Det er det mest dramatiske som har skjedd i Europa sidan Berlinmurens fall. Og det klarte over natta å snu eit fleirtal mot finsk NATO-medlemskap, til eit stort fleirtal for at Finland skal bli med i NATO. Det var ein “game changer” som amerikanarane ville ha sagt, understreka han.
Også diskusjonane i Nordisk Råd er blitt endra samanlikna med tidlegare.
– Tidlegare diskuterte me aldri forsvars- og tryggingspolitikk. Det vil no bli endra, sa Jorodd Asphjell. Og Sveriges ambassadør Cecilia Björner peika på at mykje allereie er skjedd på det området.
– Våre respektive forsvar held på med å bli integrerte. USA vil sjå på oss som eit felles forsvarsområde på den nordiske halvøya, varsla ho.
Ola Elvestuen var svært positiv til at Finland og Sverige vil gå inn i NATO.
– Det er ein stor fordel for Noreg at dei er med. Til saman bur det 27 millionar personar i dei nordiske landa. Forventingane er at me må klara oss meir sjølve, med tanke på ei mogleg uro på Taiwan, trekte han fram.
– Forsking på global oppvarming er også svært viktig
På eit område meinte Gina Gylver at Noreg var ein versting i Norden.
– Då Erna Solberg var statsminister, sa ho at den personen som skulle sløkka oljeflammane enno ikkje var fødd. Noreg er ikkje noka leidestjerne på dette området. Noreg har ein jobb å gjera for å gå over til grøn energi og samtidig skal me sikra at den ikkje går utover andre sine rettar, slo ho fast.
Ola Elvestuen gav henne mykje rett i det.
– Kvar gong me diskuterer klimamåla, peikar andre land på norsk olje- og gassproduksjon. Det er EUs pålegg som fører til at klimamåla kan bli nådde. Me må også sjå på dei internasjonale klimaavtalane. Forsking på global oppvarming er også svært viktig, slo han fast.
Sveriges ambassadør meinte at det var andre enn politikarane som går i brodden for eit grønt skifte.
– I dag er det næringslivet som fører an, meinte Cecilia Björner.
Arrangementet blei ramma inn musikalsk med Det norske jentekor, jazzmusikaren Ellen Andrea Wang og slampoeten Guro Sibeko.
• Les meir om Norden i Uniforum:
UiO-prosjekt får millionar til å forska på natur og sivilsamfunn i Norden
UiO-satsing er verdsleiande på Norden-forsking
Tore Rem overtar som direktør for UiO:Norden
Karolinska Institutet best og UiO på sjuandeplass i Norden
De yngre akademiene i Norden og Baltikum går i bresjen for likestilling
UiO er det tredje mest nyskapande universitetet i Norden
Tilstandsrapporten 2019:UiO på sjetteplass i Norden som mottakar av ERC-stipend
Disse vil bli direktør for UiO:Norden
• Les nettsida til UiO: Norden:
Logg inn for å kommentere