Marianne Aasen om målet med nytt opptakssystem: – Å få dei rette studentane inn på dei rette studia

Eitt minutt på midnatt i morgon går søknadsfristen til høgare utdanning ut. I formiddag deltok utdanningsaktørar i ein debatt  i Domus Bibliotheca om forslaget til framtidas opptakssystem. 

Portrett av ei kvinne og ein mann

OPPTAKSUTVALET: Den 1. desember overrekte leiaren for Opptaksutvalet, Marianne Aasen rapporten "Veier inn - ny modell for opptak til unversiteter og høyskoler"  til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. I dag deltok ho i ein debatt i Domus Bibliotheca om forslaga til utvalet. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I morgon vil  rundt 130 000 ungdommar senda inn søknad om opptak til høgare utdanninng. Nokre vil koma rett inn på draumestudiet, medan andre vil inn på studium som det også er mogleg å koma inn på utan toppkarakterar i alle fag. Ifylgje Samordna opptak kan dei velja mellom  1332 studium ved 27 universitet og høgskular, og 467 studium ved 24 fagskular. Til saman er det 76 000 studieplassar. 

Rett før jul  overleverte Opptaksutvalets leiar Marianne Aasen sin rapport til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Dette er tiltaka opptaksutvalet føreslår:

- Ein felles karakterkvote

Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote skal erstattast med éin karakterkvote der alle konkurrerer med karakterane frå den første gongen faga blei bestått. Denne kvota skal gjelda 80 prosent av studieplassane. Karakterar frå vidaregåande har sterk samanheng med gjennomføring i høgare utdanning, og er ein effektiv og enkel måte å rangera på, står det i rapporten.

- Søkjarar som treng ein ny sjanse skal få ta ein opptaksprøve

20 prosent av plassane blir sette av til desse søkjarane

- Vil fjerna alle tilleggspoeng

Alders- og tillegspoeng fell bort

- Ikkje mogleg å forbetra karakterane, men mogleg å ta nye fag

Forbetra karakterar skal ikkje telja i opptaket, men søkjarar kan ta ein opptaksprøve. Det skal vera mogleg å ta nye fag etter vidaregåande, men ikkje å forbetra karakterar.

- Kjønnspoeng blir erstatta med kjønnskvotar

Utvalet føreslår å føra dagens ordning med spesielle kvotar for nordnorske søkjarar og søkjarar med samisk språkkompetanse. Kjønnspoeng blir erstatta med kjønnskvotar på nokre studium.

- Føreslår å fjerna serskilde karakterkrav

Moglegheita til å setja karakterkrav for å koma inn på til dømes lærarutdanningar og sjukepeiarutdanningar blir føreslått avvikla.

- Utvalet blei sett ned i april 2021 av statsråd Henrik Aasheim, og fekk i oppdrag å gå gjennom regelverket for opptak til høgare utdanning. Målet var å foreslå eit forståeleg og fleksibelt opptaktsregelverk.

- Utvalsleiar: Marianne Aasen. leiar for Simula School of Research and Innovation, tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (2005-2017)

(Kjelder: Kunnskapsdepartementet, NOU- Veier inn –ny modell for opptak til universiteter og høyskoler)

I rapporten blir det føreslått å fjerna alle typar tilleggspoeng for alder, avtent verneplikt og folkehøgsskule.

Og dei som ikkje kjem inn på draumestudiet sitt i første omgang fordi dei ikkje har gode nok karakterar, skal kunna ta ein standardisert opptaksprøve med heilt nye fag, men dei vil også bli testa i norsk, engelsk og matematikk samtidig. Dermed blir det berre den prøven. Fram til no har mange tatt opp nesten alle faga frå den vidaregåande skulen for å forbetra karakaterane sine. 

20 prosent av studieplassane skal fordelast gjennom ein opptaksprøve

I framlegget frå Opptaksutvalet vil rundt 20 prosent av studieplassane bli sette av til dei søkjarane som  må gjennom den standardiserte opptaksprøven for å få  ein ny sjanse. 80 prosent av studieplassane skal fordelast til dei som kjem inn på studia på grunnlag av karakterane frå den første gongen faga blei bestått.

Utvalet føreslår også å innføra kjønnskvotar i staden for kjønnspoeng. Dagens ordning med spesielle kvotar for nordnorske søkjarar og søkjarar med samisk språkkompetanse, meiner utvalet skal førast vidare. Moglegheita til å setja karakterkrav for å koma inn på til dømes lærarutdanningar og sjukepeiarutdanningar blir føreslått avvikla.

Diskuterte kva opptakssystemet skal løysa

Grytidleg i dag deltok leiar for Opptaksutvalet, Marianne Aasen, medlem av Opptaksutvalet, førsteamanuensis Astrid Marie Jorde Sandsør frå UiO, direktør  Sveinung Skule i Direktoratatet for høgare utdanning og kompetanse og NIFU-forskar Siv Elisabeth Skjelbred i ein panelsamtale om kva eit opptakssystem skal løysa. Sistnemnde gav innspel til ulike tema, og deltok ikkje direkte i samtalen. 

Ordstyrar var Ingvild Reymert, instituttleiar ved Handelshøgskolen OsloMet. 

– Å få dei rette studentane inn på dei rette studia

Leiaren for Opptaksutvalet Marianne Aasen var ikkje i tvil om kva oppgåve eit opptakssystem skal løysa. 

 – Det er å få dei rette studentane inn på dei rette studia og sørgja for at dei eignar seg for arbeidslivet, slo ho fast.

Og så peika ho på  oppdraget utvalet ho leia, måtte gjera. 

– Det me var nøydde til å gjera var å gå inn i systemet og gjera nokre radikale grep, understreka ho.

For henne var det vanskeleg å forstå at mange meiner at dei har rett til å ta opp igjen alle fag frå vidaregåande. 

– Mange tar opp igjen fag som ikkje er relevante for studiet. Ingen andre land har eit system der det er mogleg, trekte Aasen fram. 

– Det går til kjernen

Til sjuande og sist vil forslaga frå Opptaksutvalet hamna på bordet til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, etter ei handsaming i Stortinget. Bak det bordet sit direktør Sveinung Skule. I hovudsak er han positiv  til forslaga frå Opptaksutvalet.

– Ja, eg synest utvalet har mange gode forslag. Det går til kjernen.  

Sveinung Skule tykte likevel mange hadde svært store ambisjonar på vegner av Opptaksutvalet.  

– Det er store forventingar til kva det skal løysa. Fordi me har samordna opptak i Noreg er det lett å kjøpa seg tid.  Skule illustrerte det med å visa til at opptakssystemet i Noreg har mange spakar som ein kan gripa til, og at det derfor er lett for politikarane å gjera det,

– Det har Opptaksutvalet tatt på alvor, understreka han. 

– Me må ha eit minimumskrav

Når det galdt spørsmålet om framtidige kvalifikasjonskrav, ville ordstyrar Ingvild Reymert gjerne ha svar på om det er naudsynt med så strenge krav som Noreg har i dag. 

– Ja, det må me, meinte førsteamanuensis Astrid Marie Jorde Sandsør frå Universitetet i Oslo.

–  Alle i utvalet er einige om at me må ha eit minimumskrav. Elles vil ingen forstå kvifor dei skal ta vidaregåande utdanning. Derfor skal lærarane førebu deg til det, minna ho om.

Også Sveinung Skule slutta seg til det synspunktet. 

– Eg er einig i at det må vera kvalifikasjonsskrav. Og det er ikkje sikkert at alt det eg seier her, er det direktoratet meiner, bad han tilhøyrarane om å merka seg.  

– Direktoratet kjem nok til å slutta seg til tilrådingane frå Opptaksutvalet, var han viss på.

For han var det viktigaste at systemet måtte vera oversiktleg og lett å forstå for søkjarane. 

– Det overraskar meg

Den siste delen av panelsamtalen handla om forslaget om å innføra ein standardisert opptaksprøve som vil gi ein ny sjanse for dei som ikkje kjem inn på det studiet dei vil inn på på grunnlag av karakterane frå den vidareregåande skulen.

For Marianne Aasen var det ikkje lett å forstå kritikken mot forslaget .

– Det overraskar meg at mange synest det er betre å ta opp igjen fag som er tilrettelagde for 17-18-åringar i staden for å ha ein opptaksprøve. Det vil vera meir relevant for det som dei skal studera etterpå. Derfor er det ei meir logisk tilnærming med ein opptaksprøve. 

– Spennande

Sveinung Skule gav også godt skussmål til forslaget om å ha ein opptaksprøve.  

– Det er spennande. For dei må alle ha gjennomført den vidaregåande skulen før dei skal kunna ta prøven, sa han.

Likevel var han litt i tvil, for han trudde det ville bli svært arbeidskrevjande. 

– Om det er nokre tusen som skal gjennomføra prøven kvart år, må me ha mange personar som kan laga ein ny prøve kvart einaste år. Og om me skal hengja heile opptakssystemet på dette, vil det ta lenger tid enn me eigentleg vil å få ein ny opptaksmodell, frykta han. 

Førsteamanuensis Astrid Marie Jorde Sandsør trudde at ein standardisert opptaksprøve kunne gi ein ny vår for folkehøgskulane. 

– Dei kan trena elevar opp til å gjennomføra den. 

Marianne Aasen angra ikkje på at utvalet la fram forslaget om ein opptaksprøve. 

– Me føreslo det som eit spor. No overlet me det til direktoratet. 

Ordstyrar Ingvild Reymert oppsummerte panelsamtalen slik: 

– Her trengst det meir forsking. 

 

• Les meir om Opptaksutvalet: 

UiO støttar nye opptakskrav, men vil halda på realfags- og språkpoeng

Opptaksutvalet vil ikkje at alder skal trumfa karakterar ved opptak til høgare utdanning

De minst populære UiO-studiene – Må bedre rekrutteringen

I Norge tjener du minst på å ta høyere utdanning

– Alderspoeng bidrar til en mer mangfoldig studentmasse

SSB-funn: Studenter må jobbe for å dekke nødvendige utgifter

Honoursprogrammet  realfag er blant de mest populære studiene på UiO

Medisin på UiO kan få 230 nye studieplassar i 2027

Emneord: utdanningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. apr. 2023 16:35 - Sist endra 17. apr. 2023 08:34

Logg inn for å kommentere