Oslo kommune seier nei til å reisa namnesak for Oslo Science City

Oslo kommune vil ikkje fylgja Språkrådets oppfordring om å finna eit nytt norsk namn på Oslo Science City. Språkdirektør Åse Wetås vil no sparka ballen vidare til byrådsleiar Raymond Johansen.

HEILT TIL TOPPS: Språkrådet ber Oslo kommune gi Oslo Science City eit norsk namn.  – Det konkrete me kjem til å gjera er å venda oss på nytt til Oslo kommune, og denne gongen heilt til topps til byrådsleiaren. For me vil ha denne saka på det nivået den høyrer heime, understrekar språkdirektør Åse Wetås. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var i august 2021 Språkrådet først kom med kravet til Oslo kommune om å gi innovasjonsdistriktet Oslo Science City eit norsk namn. Det gjorde språkdirektør Åse Wetås gjennom ein artikkel i Uniforum.

• Les meir: Språkrådet ber Oslo Science City om å skaffa seg eit norsk namn

Ho vende seg først direkte til leiinga for Oslo Science City der UiO-rektor Svein Stølen er styreleiar. Etter at ho ikkje kom nokon veg der, tok ho kontakt med byrådsavdelinga for kultur, idrett og frivillighet i Oslo kommune. Saka kom opp i Byrådet den 16. august 2022, og bystyrepolikarane konkluderte med at Oslo kommune ikkje ville føreslå endring i namnet på medlemsforeininga Oslo Science City.

Dette er Oslo Science City:

Oslo Science City er Noregs første innovasjonsdistrikt. I området frå Majorstua via Marienlyst og Blindern til Gaustad og Ullevaal stadion og vidare til Radiumhospitale,t er det 30 000 studentar og 7500 forskarar, landets beste universitet, universitetssjukehus, forskingsinstitutt i verdsklasse og over 300 bedrifter.

Målet er at Oslo Science City skal bli eit verdsleiande innovasjonsdistrikt som bidrar til eit berekraftig og moderne Noreg. Det blei etablert i mars 2019 om lag samtidig med Oslo kommunes vedtak frå våren 2019 om å etablera Campus Oslo. Det inneber å etablera innovasjonsdistrikt.

Administrerande direktør er Christine Wergeland Sørbye

Styreleiar:UiO-rektor Svein Stølen.

Dette er medlemane:
• Oslo kommune

• Universitetet i Oslo (UiO)

• Oslo universitetssykehus HF

• Helse Sør-Øst RHF

• Oslo Cancer Cluster

• Forskningsparken i Oslo

• NGI (Norges Geotekniske Institutt)

• SINTEF

• Studentsamskipnaden SiO

• Oslo Pensjonsforsikring

• Ferd

• Opplysningsvesenets fond

Bertel O. Steen

(Kjelde: Oslo Science City)

I vedtaket heiter det at « i stedet vil kommunen fremme forslag i styret for OSC om at det etableres en tydeligere praksis rundt kommunikasjon av OSC som satsing, sett i relasjon til de historiske og godt etablerte stedsnavnene i området.»

Byrådsavdelinga for kultur, idrett og frivilligheit skriv i eit svar til Språkrådet at avdelinga  derfor meiner at det ikkje skal setjast eit eige namn på området. Avdelinga understrekar at Oslo Science City ikkje er ein bydel, men berre namnet på ei medlemsforeining med aktørar som skal samarbeida og utvikla området til eit innovasjonsdistrikt.

– Me er ikkje einige

Språkdirektør Åse Wetås er ikkje imponert over argumentasjonen til Oslo kommune i denne namnesaka.

– Me er ikkje einige i at dette er den endelege konklusjonen. Og det grunngjev me med at dei sjølve brukar Oslo Science City som områdenamn på denne medlemsforeininga sine nettsider. Der står det mellom anna at «Oslo Science City er ein pulserende bydel», siterer ho.

 Åse Wetås konstaterer derfor at språkbruken til medlemsforeininga Oslo Science City  sjølv styrkjer bruken av dette namnet som eit områdenamn.

– Så der er me rett og slett ueinige i konklusjonane til Oslo kommune, slår ho fast.

– I strid med språklovgjevinga

Men når Språkrådet insiterer på at Oslo Science City må ha eit norsk namn, peikar ho også på ein annan viktig grunn.

– Både Oslo kommune og eit fleirtal av dei andre medlemane i denne foreininga er offentlege verksemder  eller verksemder under offentleg kontroll, og dei har ei sjølvstendig plikt til å fylgja reglane som ligg i Språklova. Og der står det at det offentlege har ei særleg plikt til å bruka og styrkja og utvikla norsk som  samfunnsberande språk. Denne plikta meiner me også gjeld i denne samanhengen. Å kalla dette området for Oslo Science City, slik som dei gjer på eigne nettsider, er dermed i strid med hovudformålet i språklovgjevinga som er å styrkja norsk blant anna i møte med engelsk, seier Åse Wetås til Uniforum.

– Det vil seia at offentlege institusjonar som Universitetet i Oslo og Opplysningsvesenets fond, ikkje kan gøyma seg bak at dette er ein medlemsforeining?

– Nei. Og dessutan er det sånn at då me sette juristen vår til å sjå på samansetjinga av denne medlemsforeininga, så var det ei overvekt av medlemar frå offentleg sektor, og då gjeld pliktene i Språklova for dei.

Dette er Språkrådet:

Språkrådet samarbeider med offentlege og private aktørar om språkpolitiske tiltak, blant anna om klarspråk i det offentlege og i næringslivet; fagspråk, terminologi og formidling på norsk; fordeling av nynorsk og bokmål i staten og norskspråkleg teknologi. Språkrådet arbeider for at språkopplæringa  skal byggja på språkpolitikken. Språkrådet  fører tilsyn med mållova og gir råd om stadnamn.

Hovudmåla:

Styrkja norsk språk sin status og bruk på utsette samfunnsområde

  • Fremja norsk som eit godt og velfungerande kultur- og bruksspråk
  • Ta vare på det språklege mangfaldet og interessene til språkbrukarane

Språkrådet vert leia av språkdirektør Åse Wetås. 

Styreleiar er Erik Ulfsby, som også er teatersjef ved Det Norske Teatret

(Kjelde: Språkrådet)

 

Oslo kommune har også to andre innovasjonsdistrikt. Dei er Innovasjonsdistrikt Hovinbyen og Innovasjonsdistrikt Sentrum. Begge er altså kalla opp etter området dei ligg i og berre den sistnemnde blir kalla for medlemsforeining.

– Det forsterkar inntrykket av Oslo Science City som eit stadnamn. Og det er veldig rart å kalla eit innovasjonsdistrikt for ei medlemsforeining. Eg trur ikkje det gir noka språkleg meining for så mange, seier Åse Wetås.

– Heilt til topps til byrådsleiaren

– Korleis kjem Språkrådet til å gå vidare med denne saka?

– Me har vendt oss til Oslo kommune fordi Universitetet i Oslo, som me begynte å ta opp denne saka med sidan styreleiaren er rektor ved Universitetet i Oslo, peika på Oslo kommune som ansvarleg for namnet Oslo Science City. Dei viste til at det var Oslo kommune som hadde tatt ei avgjerd om Oslo Science City som namn på innovasjonsdistriktet. Me ser at Oslo kommune ikkje meiner å ha gjort noko formelt vedtak om dette. Dermed er det merkeleg at UiO dyttar ansvaret for namnet over på Oslo kommune. Det konkrete me kjem til å gjera er å venda oss på nytt til Oslo kommune, og denne gongen heilt til topps til byrådsleiaren. For me vil ha denne saka på det nivået den høyrer heime, understrekar ho.

Brevet til byrådsleiar Raymond Johansen har ho enno ikkje skrive, men det vil bli gjort og så sendt vidare om kort tid. For dette er ei sak som Språkrådet ikkje har tenkt å gi seg på.

– Oslo Science City er heilt klart eit namn som er i strid med intensjonane i språkpolitikken, språklova og stadnamnlova, konstaterer Åse Wetås.

• Les meir om Språkrådet og Oslo Science City i Uniforum: 

Språkdirektør Åse Wetås rosar NTNU for namnet Norsk havteknologisenter

Ocean Space Centre har fått nytt navn

Nye Oslo Science  City Arena lansert på UiO

Mannstungt i Oslo Science City

Oslo Science City stasjon provoserer språkdirektør Åse Wetås

Svein Stølen: – Dette er bra for Oslo og viktig for Noreg

Språkrådet ber Oslo Science City skaffa seg eit nytt namn

 

 

 

 

 

 

Emneord: Språkpolitikk, Innovasjon, Oslo Science City Av Martin Toft
Publisert 5. jan. 2023 16:24 - Sist endra 30. mars 2023 17:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere