UiO vil at dei eldste universiteta får eit ord med i laget om festetomtmodellen til Opplysningsvesenets fond

Universitetet i Oslo ber no Kunnskapsdepartementet om å involvera alle dei sjølvforvaltande universiteta og deira syn på modellen der dei må betala festeavgift til Opplysningsvesenets fond.

FESTETOMTER: Dette er universitetsbygningane på Nedre Blindern. Dei som er merka med raudt står på tomter som UiO betalar festeavgift for til Opplysningsvesenets fond. 

Foto: Illustrasjon med foto av Arthur Sand/UiO og ThingLink

Det var i førre månad Uniforum kunne melda at Barne- og familiedepartementet seier nei til at UiO vederlagsfritt kan overta dei tomtene på Nedre Blindern som universitetet festar av Opplysningsvesenets fond. Det er Barne- og familiedepartementet som forvaltar Opplysningsvesenets fond i avdelinga for forbrukar-,trus- og livssynssaker. 

Desse bygningane på Nedre Blindern står alle på tomter eigde av Opplysingsvesenets fond:

Farmasibygningen

Geologibygningen

ZEB- bygningen

Helga Engs hus

SiOs barnehage Bamsebo

Desse bygningane står delvis på tomtene til Opplysningvesenets fond:
Fysikkbygningen

Kjemibygningen

(Kjelde: UiO)

Det skjedde etter at UiO den 6. juli i år sende ein førespurnad til Kunnskapsdepartementet med ei oppfordring om å få grønt lys til å overta fleire tomter som UiO i dag må betala 9 millionar kroner i årleg festeavgift for til Opplysningsvesenets fond.

Kontrakten mellom UiO og Opplysningsvesenets fond er evig og kan ikkje seiast opp. Først i 2040 vil det vera mogleg å forhandla om storleiken på festeavgifta. Om UiO hadde kome seg ut av festekontrakten i 2023, og fått overtatt dei festa tomtene vederlagsfritt, ville UiO har spart 162 millionar kroner fram til 2040.

• Les også: UiO vil ut av festekontrakt - kan spara 162 millionar kroner

Avviste førespurnad frå UiO

Til saman  står det universitetsbygningar som utgjer 70 000 kvadratmeter på desse tomtene på Nedre Blindern. Blant dei bygningane som står heilt eller delvis på desse tomtene, er Helga Engs hus, Geologibygningen, Farmasibygningen,  ZEB-bygningen, Fysikkbygningen og Kjemibygningen. Sjekk alle bygningane her: 

Førespurnaden frå UiO om universitetet kunne få overta desse tomtene utan å betala for dei, blei kontant avvist av avdelingsdirektør Ellen Ur i Barne- og familiedepartementet. Det er det departementet som forvaltar Opplysningsvesenets fond, og derfor kom brevet frå UiO til Kunnskapsdepartementet til slutt på deira bord. 

Festeavtalen mellom UiO og Opplysningsvesenets fond:

- etter eit forlik i 2015 betalar UiO 9 millionar kroner i festeavgift årleg til Opplysningsvesentets fond

- avtalen er evigvarande, uoppseieleg og festeavgifta kan reforhandlast kvart trettiande år

- for den noverande festeperioden 2010-2040 vil UiO betala til saman 270 millionar kroner i festeavgift.

Aktuelt: UiO ber no Kunnskapsdepartementet om å løysa dei frå festekontrakten og overføra tomtene vederlagsfritt til staten v/Kunnskapsdepartementet slik at UiO kan forvalta dei på same måten som dei andre tomtene på universitetsområdet.

- ei fersk vurdering frå Barne- og familiedepartementet går imot UiOs argument for å overta festetomtene gratis.

- UiO ber KD om å involvera alle dei sjølvforvaltande universitet og deira syn på modellen.

(Kjelder: UiO, Uniforum, Kunnskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet) 

I brevet Barne- og familiedepartementet har sendt til Kunnskapsdepartementet, og som Uniforum har fått ein kopi av, går det altså klart fram at det ikkje vil vera mogleg for UiO å overta desse tomtene vederlagsfritt frå Opplysningsvesenets fond. Det gjeld berre for dei eigedomane fondet har som har kyrkjeleg verdi, medan andre delar av grunnkapitalen i fondet ikkje kan gjevast bort eller brukast opp, er vurderinga i brevet Forbrukar-, trus- og livssynssavdelinga i Barne- og familiedepartementet har sendt til Kunnskapsdepartementet etter at UiO bad om ein slik gjennomgang i juli i år.

• Les også: UiO får ikkje grønt lys til å overta festetomter på Nedre Blindern gratis

Etterlyser formelt svar frå Barne- og familiedepartementet

Brevet har enno ikkje formelt kome  UiO i hende, men på grunnlag av saka i Uniforum etterlyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen svaret frå Barne- og familiedepartementet i eit nytt brev til Kunnskapsdepartementet.  Samtidig nyttar dei seg av høvet til å kommentera svaret dei formelt sett ikkje har fått frå Barne- og familiedepartementet via Kunnskapsdepartementet, men som dei har fått vita innhaldet i gjennom Uniforum. 

I kommentaren peikar dei på at departementet har sagt nei til å overdra dei festa tomtene vederlagsfritt til UiO. «Til dette vil vi bemerke at Barne- og familiedepartementet viser til lov om Opplysningsvesenets fond ved tolkning av Grunnlovens §116. Videre kan vi ikke se at departementet har kommentert spørsmålet om hvorvidt en overføring av tomtene til Opplysningsvesenets fonds eier, staten, omfattes av bestemmelsen i lovens §4 om at grunnkapitalen i fondet ikke kan gis bort.»

Universitet må få seia sitt før handsaming i Stortinget

Det er den eine grunnen til at dei to toppdirektørane på UiO no ber Kunnskapsdepartementet involvera både UiO, NTNU, UiT Noregs arktiske universitet og NMBU i prosessen, og melder inn universiteta sitt syn på modellen om at sjølvforvaltande universitet må betala festeavgift til Opplysningsvesenets fond, som  frå 1. januar er eit statleg eigd fond.

Dette er Opplysningsvesenets fond (OVF): 

Ei stifting som eig og forvaltar eigedomane og finanskapitalen til Den norske kyrkja.

Den blei oppretta i 1821 og forvaltar verdiar som historisk har vore knytte til presteembetet i Noreg.  I 2021 blei desse verdiane rekna til 8,5 milliardar kroner.

I 2019 kom det ei Stortingsmelding om fondet som viser at verdiane bør delast mellom kyrkja og staten, sidan Statskyrkja blei oppheva i 2017 og blei ei folkekyrkje. Den nye lova begynte å verka frå 1. januar i år. Der går det også fram at staten forpliktar seg til å bruka ein sum tilsvarande dei verdiane som blir verande hos staten til eit program for restaurering og vedlikehald av dei gamle kyrkjene i Noreg.

(Kjelde: Opplysningsvesenets fond)

Den andre grunnen er opplysninga om at Stortinget har bede regjeringa om å koma tilbake med ei sak om vidare forvaltning av fondseigedommar som staten overtar. UiO ber om at alle desse sjølvforvaltande universiteta får meldt synet sitt på denne modellen til Barne- og familiedepartementet før saka går til Stortinget. Det går fram av brevet som universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen sende  til Kunnskapsdepartementet den 28. november.

• Les meir om Opplysningsvesenets fond og UiO: 

UiO får ikkje grønt lys til å overta festetomter på Nedre Blindern gratis

UiO vil ut av festekontrakt - kan spara 162 millionar kroner

Eiendomsgigant vil bygge på UiO-områder: Dette vet vi om planene

Staten vil gi Nedre Blindern til kirken

UiO inngår festeforlik med kyrkjestifting

Korrigerende svar til Uniforum

Står fast på sjokkrekninga til UiO

UiO fekk sjokkrekning for festetomter

 

 

 

Emneord: eiendom, Universitetspolitikk, Bygninger Av Martin Toft
Publisert 13. des. 2022 16:20 - Sist endra 13. des. 2022 17:20

Logg inn for å kommentere