UiO-styret delte seg i synet på innføring av studieavgifter for studentar utanfor EØS

Tre av medlemane i Universitetsstyret meinte det bør innførast studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits. Dei åtte andre medlemane frykta det kan gå utover internasjonalt samarbeid med det globale sør. 

Mange personar sit rundt eit bort

DELT: Tre stemte imot og åtte stemte for UiO-leiingas utkast til høyringstekst mot innføring av studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Før helga blei det kjent gjennom Uniforum at UiO-leiinga hadde gjort klar eit utkast til ei  høyringsfråsegn der dei gjorde det klart at UiO ville gå imot forslaget frå regjeringa om å innføra studieavgifter for studentar som kjem frå land utanfor EØS og Sveits.

I teksten gjekk det fram at UiO fryktar at innføring av studieavgift også vil føra til store utfordringar når det gjeld rekrutteringa av internasjonale studentar. Samtidig understrekar UiO at forslaget har svært store økonomiske og administrative konsekvensar for sakshandsaminga og studentoppfylginga. Desse fylgjene er ikkje komne godt nok fram i lyset, slår UiO fast i utkastet til høyringsfråsegn.

– Eg er for innføring av studieavgift for studentar frå tredjeland

Då heile utkastet til høyringsfråsegn blei lagt fram i Universitetsstyret i dag, flagga dei tre eksterne medlemane Maria Strømme, Kristin Clemet og Eirik Frantzen straks at dei ikkje kunne støtta framlegget slik det låg føre. 

– Eg er for innføring av studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits, gjorde Maria Strømme klart. Ho peika på at også andre nordiske land som Sverige, Danmark og Finland hadde innført studieavgifter for studentar frå dei landa det gjeld.  

– Etter litt startvanskar har det gått heilt fint, trekte ho fram. 

Også Kristin Clemet gjorde det klart at ho ville støtta innføring av studieavgifter for studentar frå tredjeland. 

– Det går ikkje imot gratisprinsippet, for det spikra eg fast medan eg var statsråd,  sa ho.

Og Eirik Frantzen peika på at det er viktig at Noreg ikkje har andre reglar enn nabolanda. 

– Trygdeordninga i Europa er tilpassa Europa, og det er greitt å harmonisera reglane med dei som er rundt oss, meinte han. 

Utkastet fekk støtte frå fleirtalet

Begge studentreprentantane gjorde det klart at dei ville støtta den originale versjonen av høyringsfråsegna. 

– Eg kan ikkje vera med på eit høyringssvar som går inn for studiepengar for studentar utanfor EØS og Sveits, sa Robert Granlund og fekk full støtte frå studentrepresentant  Ada Lassen-Urdahl.

Også representanten for dei teknisk-administrative tilsette Marianne Midthus Østby gav full støtte til utkastet til høyringstekst. 

– At alle andre gjer ein bestemt ting, er ingen grunn til at me må gjera det. Eg støttar høyringsfråsegna, slo ho fast. Det gjorde også representantane for dei vitskaplege tilsette Ingrid Lossius Fallkum og Finn-Eirik Johansen:

– Eg støttar studentane og Marianne. På Harvard seier dei at ingen som er gode nok, skal bli hindra i å gå der. Det same prinsippet må UiO bruka, meinte han. 

– Eg saknar heilskapen i denne politikken

Også UiO-rektor Svein Stølen var oppriktig fortørna over regjeringas forslag til studieavgift for studentar frå tredjeland. 

– Eg saknar heilskapen i denne politikken. Det er ikkje umogleg å ha studieavgift, men då skulle dei hatt ei stipendordning på plass, understreka han. 

Kompromissforslag møtte motbør

Etter at diskusjonen hadde bylgja litt fram og tilbake, prøvde Universitetsstyret å koma fram til eit kompromiss som alle medlemane kunne støtta.  Etter at ekstern representant Kristin Clemet hadde sydd saman ei endring av det opphavlege forslaget til ein tekst som ho og dei to støttespelarane hennar kunne stå bak, møtte forslaget motbør blant tilhengjarane av utkastet frå UiO-leiinga.   

Tre eksterne stemte for eige forslag

Derfor la dei tre eksterne medlemane Maria Strømme, Eirik Frantzen og Kristin Clemet fram sitt eige forslag til høyringstekst og forklaring på kvifor dei ikkje kunne støtta framlegget til vedtak: 

"Styrets medlemmer Maria Strömme, Eirik Frantzen og Kristin Clemet mener at studieavgifter for studenter fra tredjeland utenfor EØS/Sveits bør innføres. Disse medlemmer deler imidlertid flertallets bekymringer knyttet til manglende utredning og implementering på kort sikt og mener at det parallelt med slike studieavgifter må innføres stipendordninger som sikrer søkningen til Universitetet i Oslo. Disse medlemmer forutsetter også at man forbedrer gjeldende programmer for studenter fra fattige land"

Forslaget fekk berre dei tre stemmene frå forslagsstillarane. Dermed fall forslaget, medan den originale teksten fekk støtte frå dei åtte andre medlemane i Universitetsstyret. 

Dermed blei det originale høyringsutkastet vedtatt av fleirtalet av Universitetsstyret. 

Der argumenterer UiO med  at forslaget frå regjeringa vil øydeleggja det internasjonale samarbeidet særleg med tanke på  institusjonar i det globale sør.  UiO fryktar at innføring av studieavgift også vil føra til store utfordringar når det gjeld rekrutteringa av internasjonale studentar. Samtidig understrekar UiO at forslaget har svært store økonomiske og administrative konsekvensar for sakshandsaminga og studentoppfylginga. Desse fylgjene er ikkje komne godt nok fram i lyset, slår UiO fast i høyringsfråsegna.

UiO meiner det er kritikkverdig at budsjettkutt knytte til studentar frå land utanfor EØS/Sveits vert diskuterte, før endringar i universitets-  og høgskulelova vert handsama av Stortinget. UiO meiner likevel forslaget er mest uheldig for dei nye internasjonale studentane som har måtta søkt om opptak for hausten 2023 under svært uklare vilkår, går det fram av fråsegna.

Fristen for å senda inn teksten er i morgon 7. desember. 

Heile høyringsteksten kan lesast på sakslista til Universitetsstyret. 

• Les meir om Universitetsstyret i Uniforum: 

UiO-ledelsen vil etablere et Bærekrafthus - fagforening reagerer på prosessen

UiO vil fordela reduksjonen på 86,2 millionar i antatt budsjett på alle einingar

UiO går kraftig imot studieavgifter 

 

 

 


 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Studentforhold. Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2022 16:44 - Sist endra 7. des. 2022 17:44

Logg inn for å kommentere