Det er tidleg morgon då Uniforum møter festivalsjef Kristin Bech i Kunstpassasjen mellom det vestgåande og det austgåande sporet på T-banestasjonen på Oslo S. På begge sider er det hengt opp svære plakatar med kunnskap om korleis språk har lånt ord frå kvarandre og kva det fortel om kulturkontakt mellom folkeslag. Og i kvar ende står det ein plakat med programmet og QR-koden til Ordfestivalen, som begynner på måndag. Temaet for festivalen er «kulturkontakt». Alle språka har tilknyting til Det humanistiske fakultetet på UiO.
– Denne utstillingsplassen, her i Kunstpassasjen, og også nede på sjølve t-baneplattformene, har me fått gratis av Sporveien, etter søknad. Om me skulle ha betalt for tilsvarande areal hadde prisen nok vore sekssifra, fortel språkprofessor Kristin Bech til Uniforum.
Ordfestivalen kom i hamn like før pandemien
Dette blir andre gongen ho slår til med Ordfestivalen på UiO.
– Den første var i mars 2020, og deretter starta pandemien, seier Kristin Bech nokre dagar tidlegare, då Uniforum besøkjer henne på kontoret ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS). Under den første Ordfestivalen var det liveutgåva av Eides språksjov som blei aller best besøkt i festivallokalet i HumSam-biblioteket i Georg Sverdrups hus. Då var det også ein populær samtale med Helene Uri og ein artig ein om banning med Ruth Vatvedt Fjell.
• Les meir i Uniforum: Eides språksjov blei publikumsvinnar på Blindern
– Det aller viktigaste den gongen var utstillinga som viser alt me har av språkfag på HF.No er språkfaga truga, så denne gongen har eg laga ei ny utstilling, med materiale frå mange gode fagfolk på fakultetet, og det er den folk no kan sjå på Jernbanetorget, fortel ho. Den finst også digitalt og er til fri bruk for alle.
Kristin Bech er til dagleg professor i engelsk språkvitskap. Ho var svært nøgd med oppslutnaden under den første Ordfestivalen, og derfor vonar ho folk vil besøkja årets festival også.
– Eg er spent og håpar folk både på og utanfor Universitetet i Oslo finn vegen til arrangementa til Ordfestivalen. Etter pandemien er det meir fleksibilitet i arbeidslivet. Kanskje kan ein seia til arbeidsgjevaren at her er det eit arrangement klokka 15 som eg skulle ha vore med på, og så kan eg jobba det inn seinare på heimekontoret. Eg har eit lite håp om at det skjer, seier ho.
– Begynte som ein god idé og heldt fram på grunn av irritasjon
Ideen til å setja i gang med ein Ordfestival fekk Kristin Bech under ein lunsj med ein spansk forskarkollega.
– Ho fortalde meg at dei hadde arrangert ein ordfestival på fakultetet hennar. Med ein gong eg høyrde ordet ordfestival, så tenkte eg at dette var ein heilt fantastisk idé. Så tok eg berre den ideen, og gjorde den stor, som kollegaen min i Spania seier, ler ho.
– Dette er jo eit språkfakultet, så ein språkfestival høyrer jo heime på HF, legg ho til.
• Les også i Uniforum: Podkasten Saklig!: Et humørfylt og retorisk blikk på aktuelle saker
Etter at den første Ordfestivalen blei så vellykka, fekk ho inspirasjon til å arrangera ein ny etter at pandemien var over. Det ynsket blei ikkje mindre etter at ho for ei tid sidan las ein artikkel i ei hovudstadsavis.
– Ein artikkel i Klassekampen definerte humaniora som litteratur, historie og filosofi. Då blei eg så irritert at eg sette meg ned for å lesa universitetshistoria i ni band. Tanken var å spora heile språkfaghistoria på HF. No sit eg her med 20 sider med notatar om den historia. Dei håpar eg å få brukt til noko ein gong seinare, fortel ho.
– Derfor kan me seia at Ordfestivalen begynte som ein god idé og heldt fram på grunn av irritasjon, seier ho og flirer godt.
– Det handlar om kulturforståing
Men det er ikkje det einaste som har irritert henne når det gjeld omtalen av språkfag.
– Eg likar ikkje heilt måten å sjå på språkfag på som noko instrumentelt, spesielt frå politisk hald. Ein tenkjer på språk som noko som er nyttig, og noko som me skal bruka for å snakka med næringslivet i andre land. Språkfaga på universitetet er mykje meir enn det. Det handlar om kulturforståing. Utan å kunna språka, vil det ikkje vera mogleg å forstå kulturane fullt ut. Det handlar om språk som vitskapsobjekt. Det handlar om vitskaplege fagfelt der me jobbar og finn ut nye ting i grunnforskinga. Og det fortel oss noko om korleis hjernen fungerer og korleis me lærer språk, understrekar ho. Kristin Bech gjer oss også merksam på at språkfaga på HF for øvrig også har litteratur og områdestudiar.
– Dei høyrer til under språkfaga. På denne festivalen fokuserer me på språk, men me går også inn på andre ting som er knytte til språk. Til dømes vil samtalen om slaviske språk også handla om korleis politiske endringar påverkar språk og kva som vert definert som språk.
– Språk har mykje med identitet å gjera
Kristin Bech trekkjer fram korleis språk også har andre kvalitetar.
– Språk har mykje med identitet å gjera og kor viktig det er for folk. No kjem den tidlegare sametingspresidenten Aili Keskitalo ned hit til opningsarrangementet. Det gjorde eit sterkt inntrykk på meg då eg snakka med henne på førehand om kva forhold ho har til språk. Ho klarer nesten ikkje å snakka om sitt samiske språk utan at det rører seg sterke kjensler hos henne. Det er eit truga språk. Kor mykje identitet som ligg i eit språk, tykkjer eg det er viktig å få fram, understrekar Kristin Bech.
Første tekst som nemner Noreg er på gammalengelsk
Så kjem ho inn på sitt eige fagfelt.
– Det er språkhistorie og der er me opptekne av å halda kontakt med historia. For då kan me lesa dokument på originalspråket frå 1000 år tilbake. Ein viktig tekst i norsk historie handlar om nordmannen Ottar som drog ned til kong Alfred og snakka med han i ca. år 890 i England. Den teksten er skriven på gammalengelsk, og det er den første teksten der stadnamnet «Noreg» dukkar opp, som «Norðweg». Den som kan gammalengelsk, kan gå direkte inn og lesa denne kjelda og sjå akkurat kva dei skreiv, fortel ho.
– Vil visa verdien av det me har, før me mister det
Kristin Bech vonar at Ordfestivalen kan føre til noko bra for språkfaga.
– Poenget mitt er å løfta fram rikdommen i språkfaga på heile HF. I utstillinga vår er alle språka våre representerte, og så har me tatt med nokre språk som me hadde tidlegare, til dømes samisk. Eg vil visa verdien av det me har, før me mister det. For slik finansieringssystemet er no, fryktar eg at me i framtida mister dei fleste.
Håpet til Kristin Bech er at Ordfestivalen kan heva refleksjonsnivået over kva språk faktisk er og få folk til å tenkja over det, sånn at det blir meir enn at det er greitt å kunna spansk fordi me skal til Syden.
– Alt kan likevel ikkje dekkjast på ein festival, vedgår ho.
Kristin Bech håpar festivalen i framtida kan utvidast med endå fleire arrangement.
– Men då må festivalen få ei sikrare finansiering, påpeikar ho.
• Les meir i Uniforum: De minst populære UiO-studiene
Framfører musikalsk føredrag om engelsk språkhistorie
Sjølv skal språkprofessor Kristin Bech delta med korsang på festivalen.
- Eg har laga eit føredrag om engelsk språkhistorie der eg og nokre korvenner også syng songar frå britisk historie gjennom foredraget. Det er nok verdas einaste føredrag av den typen, smiler ho. Ho lovar også allsang av ein Beatles-låt – men på gammalengelsk …
Ordfestivalen blir opna av UiO-rektor Svein Stølen måndag 24. oktober klokka 15:15 på Scene HumSam i Georg Sverdrups hus. Etter opninga skal tidlegare sametingspresident Aili Keskitalo og professor i fleirspråklegheit Pia Lane opp på podiet for å fortelja om språk i grenseland. Det handlar om samisk, kvensk, finsk og norsk i Finnmark.
Heilt til slutt slår Kristin Bech til med ekstra reklame for Det humanistiske fakultetet gjennom eit sitat frå ein tidlegare student.
– Å koma til HF er å finna heile verda.
Les heile programmet til Ordfestivalen 2022
Logg inn for å kommentere