Eides språksjov blei publikumsvinnar på Blindern

200 personar kom for å høyra Linda Eide og Gunstein Akselberg i Eides språksjov på Ordfestivalen spezial på Scene Humsam tysdag ettermiddag. – Det er eit fantastisk flott publikumstal, synest festivalgeneral Kristin Bech.

Ei kvinne og ein mann sit ved eit bort og diskuterer språk. På tavla står det "Kor langt har madrassa vandra?"

SANS FOR SPRÅK: Tilsette og studentar på Universitetet i Oslo med sans for språk  kom på på Eides språksjov på Scene Humsam under Ordfestivalen på Blindern. 

Foto: Martin Toft

Madrassa kjem frå arabisk i Det osmanske riket medan drosje og torg kjem frå russisk. Og ingen norske gammaldansar er norske, det er det berre folkedansar som springar og halling som er. Det var nokre av dei svara dei 200 frammøtte fekk svar på under Eides språksjov på Scene Humsam i Georg Sverdrups hus tysdag ettermiddag.

Eides språksjov med NRK-kjendis Linda Eide og språkprofessor Gunstein Akselberg frå Universitetet i Bergen var trekkplastra på den andre dagen av Ordfestivalen på Det humanistiske fakultetet. Den blei opna av rektor Svein Stølen i går, og då var det forfattar og språkforskar Helene Uri som fortalde om ord og uttrykk i norsk.

Bjørneteneste

Etter at Linda Eide og Gunstein Akselberg hadde tatt publikum med på ei ordreise frå tunnel og fjellhole til bag og taske og vidare frå snop til brok, fekk dei ein lang og velfortelnt applaus frå eit publikum i alle aldrar. Og dei yngste fekk også svaret på kvifor ei bjørneteneste er ikkje å gjera nokon ei stor teneste, men det heilt motsette.

Mange folk sit på stolar under språksjovet til Linda Eide i Georg Sverdrups hus
MÅTTE STÅ:Fleire av dei 200 frammøtte måtte stå under Eides språksjov under Ordfestivalen på Scene Humsam i Georg Sverdrups hus  tysdag ettermiddag. (Foto:Martin Toft)

– Fekk ideen frå Spania

Ei av dei som smilte aller mest etter sjovet, var engelskprofessor Kristin Bech. Det er ho som både tok initiativet til og som leier festivalen som held på til og med torsdag.

– Ideen fekk eg frå ein kollega i Spania som hadde gjort det på universitetet sitt. Eg forstod med ein gong at det måtte me også ha, som har så mange språk. seier ho til Uniforum.

– Lovar betre kjønnsbalanse i 2022

Medan det kom 200 personar for å høyra på Eides språksjov, kom det rundt 150 personar for å høyra på forfattaren og språkforskaren Helene Uri måndag ettermiddag.

– Dette er overveldande og langt over forventningane eg hadde, seier ho til Uniforum. Kristin Bech forsikrar om at det er heilt tilfeldig at alle innleiarane denne gongen er kvinner.

– Ja, det er ikkje tilsikta, men eg lovar at på Ordfestivalen i 2022 då skal det vera ein betre kjønnsbalanse, seier ho.

Utstilling om alle språk på HF

Onsdag ettermiddag er det ein av UiOs eigne språkforskarar som skal i elden. Då skal Ruth Vatvedt Fjeld fortelja om forskinga si på banning i Sophus Bugges hus.

– Eg håpar det kjem like mange personar då som på dei to første dagane av festivalen, seier ho. Kristin Bech oppfordrar også alle til å gå på utstillinga om alle språka Det humanistiske fakultetet underviser i. Den er sett opp i i hovudbygningen til fakultetet, Niels Treschows hus på Blindern.

 

Emneord: Språk, HF, Kultur Av Martin Toft
Publisert 3. mars 2020 22:35 - Sist endra 4. mars 2020 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere