Universitetsstyret skal drøfta strategi for open tilgang av vitskaplege artiklar

UiO skal no setja i gang arbeid  å utarbeida retningslinjer for open tilgang av forskingsartiklar retta mot kvar enkelt forskar. Det går fram av ei sak Universitetsstyret skal diskutere på møtet tysdag 6. september.

Mange personar er samla rundt eit møtebord i Professorboligen

DRØFTAR OPEN TILGANG: Universitetsstyret skal tysdag 6. september diskutera strategien for open tilgang av forskingspublikasjonar. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

I morgon skal Universitetsstyret ha sitt første møte denne hausten. Det er heller få saker som kjem opp denne gongen, men mellom dei viktigaste er truleg informasjonssaka om det vidare arbeidet med å sikra open tilgang til fagfellevurderte vitskaplege artiklar.

Ei arbeidsgruppe leia av forskingsdekan Mathilde Skoji på  Det humanistiske fakultetet har jobba med dette oppdraget sidan våren 2020, og i mars 2021 la gruppa fram rapporten UiO Open Access Sluttrapport 2021 som utgjer kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med strategien for open tilgang, heiter det i bakgrunnsdokumentet til Universitetsstyret. I strategien vert det peika på fire konkrete ambisjonar:

 • å bidra til open tilgang til vitskapleg arbeid i publiseringskanalar av høg kvalitet

• å sikra at forskarane på  enkelt vis kan publisera ope i synlege publiseringskanalar

• å sikra berekraftig finansiering og rammevilkår for  open publisering

• å  vera pådrivar for etablering, vidareutvikling og drift av effektiv og formålstenleg infrastruktur knytt til open publisering, å gjera dei tilgjengelege  og til lagring.

Det vidare arbeidet med strategien går altså ut på å utarbeida og synleggjera konkrete retningslinjer sikta inn mot kvar enkelt forskar.

 Ifylgje saksdokumenta skal UiO også vurdera ein institusjonell strategi for å stå vakt om UiOs rettar på området og kva fylgjer ein slik strategi vil få.  Betre forklart skal ein slik institusjonell strategi for rettar, sikra at forskarane fritt kan velja publiseringskanal og oppfylla krava til open tilgang gjennom eigen arkivering uavhengig av kven som har finansiert forskinga, krava frå forlaga om sperrefrist og lisensval og tilgjengelege publiseringsavtalar og finansiering, går det fram av oppdateringa av arbeidet med ein strategi for open tilgang.

Hentar inn status og dokumentasjon før NOKUT-tilsyn

Universitetsstyret skal også diskutera status og dokumentasjon som UiO har henta inn før NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) set i gang tilsyn med UiOs kvalitetsarbeid. Det dei skal undersøkja er om UiO har på plass rutinar og system som sikrar at kvaliteten er god og at moglege avvik vert oppdaga og vert fylgde opp.  I 2022 skal NOKUT ha tilsyn parallelt  både ved UiO, NTNU, UiB og UiT-Noregs arktiske universitet.

Ny utviklingsavtale med KD

Bak stengde dører skal Universitetsstyret ta stilling til om det skal vedta forslaget til ein ny utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet frå 2023 til og med 2026.

Dei andre punkta som står på saklista er mellom anna orienteringar frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen og orientering om semesterstart.

Dette er saklista: 

Møte nr. 5/2022 i universitetsstyret

Møtet vil bli streamet. 

Tid og sted: 6. sep. 2022 10:00–12:30, Professorboligen, Karl Johansgate 47 / Zoom

Legg til i kalender

 

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 34/22 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


V-SAK 35/22 Forslag til utviklingsavtale for UiO 2023-2026

Saksnr. 21/2697

Saken behandles i lukket møte, unntatt offentlighet offl § 14

Forslag til vedtak:

1. Universitetsstyret slutter seg til forslaget om utviklingsavtale for UiO 2023-2026.

Saksdokumenter:


Saker til behandling i åpent møte

Diskusjonssaker


D-SAK 4/22 Tilsyn med UiOs kvalitetsarbeid – status og dokumentasjon til NOKUT

Saksnr. 2021/4398

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 15/22 Orientering om semesterstart

Ikke saksdokumenter


I-SAK 16/22 Strategi for åpen tilgang

Saksnr. 

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 9/22 Universitetsdirektørens orienteringer

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 10/22 Eventuelt


Ordinære saker


V-SAK 36/22 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


Protokoll

 

Emneord: Universitetspolitikk, Plan S Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2022 11:17 - Sist endra 5. sep. 2022 11:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere