Norske CERN-forskarar allierer seg på UiO

– Noreg brukar årleg 250 millionar kroner i støtte til forskingssenteret CERN. Nokre personar seier at dette kostar for mykje. Sjølv seier eg at me ikkje har råd til å lata vera. Det sa statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel under opninga av Norsk senter for CERN-relatert forsking i formiddag.

GOD BRUK: – Når me tar innover oss alle dei store vitskaplege gjennombrota som har skjedd på CERN, så er det ein veldig god bruk av desse pengane, peika statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet på. 

Foto: Martin Toft

Det var i 2020 fleire forskingsprosjekt i Noreg først blei samla i eit nytt nasjonalt senter for CERN-relatert forsking (NorCC). Frå 2021 kom senteret i funksjon og kunne visa til deltaking frå 150 forskarar, ingeniørar, teknikarar og studentar.

CERN

- European Organization for Nuclear Research blei grunnlagt I 1954 I Geneve, Sveits

- har 22 medlemsland, og Noreg har vore med sidan starten

- CERN sørgjer for at det er partikkelakseleratorar og anna nødvendig infrastruktur for å kunna driva med  fysikkforsking som krev høg energi.

- samlar folk frå heile verda for å driva med banebrytande forsking som alle vil tena på

(Kjelde: UiO)

NorCC:

- oppretta i 2020, då fleire norske CERN-relaterte forskingsprosjekt blei samla i Norsk senter for CERN-relatert forsking

- senteret er finansiert med 50 prosent frå Forskingsrådet (NFR) og 50 prosent frå dei involverte institusjonane

- NFR bidrar med langsiktig forsking med eksperiment på CERN (30 og fleire år)

- senteret kan inkludera fleire

- UiO er vertsinstitusjon og leiaren for senteret kjem frå UiO,  medan Universitetet i Bergen har leiaren for styret.

(Kjelde: UiO)

Ifylgje informasjonen om senteret som ligg ved invitasjonen, skal Norsk senter for CERN-relatert forsking driva med å  studera det nye Higgs-bosonet, forska på   opphavet til mørk materie, forstå korleis universet blei danna, læra om quark-gluon plasma, kjerne- og anti-materie.  Andre forskingsprosjekt inkluderer kunstig intelligens, maskinlæring, software og CO2-kjøling og materialforsking. Senteret ligg ved UiO, UiO har senterleiaren, men UiB har styreleiaren. I tillegg er både Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Søraust-Noreg, , NTNU og Universitetet i Agder med i samarbeidet om senteret.

Utsett på grunn av korona

Men det var først i dag dei kunne innvia senteret. Det var dagleg leiar Heidi Sandaker glad for, då ho tok ordet under markeringa i Gamle festsal i formiddag.

– Opninga blei utsett på grunn av koronaepidemien. Det er fint at me no  kan samlast her, sa ho.

– Ein veldig god bruk av pengane

Det var statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet som representerte regjeringa under opninga.

– Det er veldig få blant vanlege folk, blant politikarar, meg sjølv inkludert, som veit og har oversyn over kor mange viktige og banebrytande eksperiment som går føre seg på partikkelfysikksenteret CERN i Geneve og kor mange forskarar og studentar frå ulike land som er representerte der. Heller ikkje alle  er klar over kor komplisert og banebrytande forsking som skjer ved CERN, er, konstaterte han. 

Statssekretær Løkensgard Hoel var klar over at mange synest Noreg brukar for mykje pengar på partikkelfysikksenteret CERN. Det var han ikkje einig i.

– Noreg brukar årleg 250 millionar kroner i støtte til forskingssenteret CERN. Nokre personar seier at dette kostar for mykje. Sjølv seier eg at me ikkje har råd til å lata vera. Og er det verkeleg så dyrt som nokon vil ha det til? UiO-rektor Svein Stølen viste til generaldirektøren for CERN, Fabiola Gianotti, som sa at CERN kosta det same som ein cappuccino i året for kvar borgar i Europa. Når me tar innover oss alle dei store vitskaplege gjennombrota som har skjedd på CERN, så er det ein veldig god bruk av desse pengane, peika han på. 

• Les meir i Uniforum: Jaktar på gåtene til universet

UTSETTE OPNING: Heidi Sandaker er leiar for Norsk senter for CERN-relatert forsking. Koronaepidemien førte til at opninga måtte utsetjast. (Foto: Martin Toft) 

– Eit mål som den norske regjeringa støttar

Derfor tykte han det var storveges med eit Norsk senter for CERN-relatert forsking, plassert på Universitetet i Oslo.

– Eg helsar derfor velkomen eit norsk senter for CERN-relatert forsking. Det er viktig med eit senter for forskarar som driv med langsiktig forsking, og det er ei god utnytting av det norske medlemskapet i CERN. Dette er eit mål som den norske regjeringa sterkt støttar.  Me ser også at fagmiljø frå fleire og fleire norske institusjonar driv med CERN-relatert forsking. Difor er det fint at dei kan delta i  dette senteret, understreka han. 

• Les også: – Partikkelknuseren innfridde håpet

– Har stor interesse i å auka talet

Løkensgard Hoel varsla at både forskarar og politikarar hadde felles interesse i å sørgja for at endå fleire får eit opphald på CERN.

– I dag er mange norske forskarar og studentar på lengre eller kortare opphald på CERN. Eg trur både de som forskarar  og me som politikarar har stor interesse i å auka talet på dei forskarane og studentane som kan få  høve til å erfara moglegheitene CERN kan gi dei. Eg ynskjer dykk lykke til med dette arbeidet, var avslutningsorda til statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel.

• Les også: Forskere kan ha sett spor av ny og ukjent fysikk ved CERN

– Handlar om grunnforsking

Før statssektæren slapp til, la også  prorektor Åse Gornitzka inn gode ord om forskinga som er relatert til CERN.

– Det fantastiske med denne forskinga er at den handlar om grunnforsking som ser på korleis  universet er sett saman. Korleis reagerer dei ulike delane overfor kvarandre og kva skjedde då universet blei til?  Det går ikkje an å få eit klarare døme på grunnleggjande forsking enn dette, sa ho.

Ho såg fram til aktivitetane i senteret og trudde dei ville få mykje å seia.

– Senteret vil gi mange nye moglegheiter til både forskarar og studentar med sommarskuleprogram og doktorprogram, var ho sikker på.

Tilskipinga i Gamle festsal var også ei markering av at det i år er ti år sidan Higgs-bosonet blei oppdaga på CERN i Geneve.

• Les også: Nobelpris for Higgs-partikkelen

Både statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (lengst til venstre) og prorektor Åse Gornitzka (lengst til høgre på rada i midten) hadde innlegg under opninga av Norsk senter for CERN-relatert forsking (NorCC) torsdag formiddag. (Foto: Martin Toft)

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Fysikk, Naturfag, Realfag, Forskning Av Martin Toft
Publisert 15. sep. 2022 18:56 - Sist endra 15. sep. 2022 18:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere