Forskinga hans kan gi personar med autisme betre livskvalitet

Daniel S. Quintana held på med å utvikla medisin som kan gi  personar med autisme eit betre liv. No er forskaren på Psykologisk institutt tildelt UiOs pris for yngre forskarar.

BETRE BEHANDLINGSMÅTAR:  – Målet med det er å forstå betre kva oksytocin gjer og korleis det vil bli mogleg å endra sosial dysfunksjon. På denne måten kan me finna fram til nye behandlingsmetodar for desse asosiale veremåtane, fortel forskar Daniel S. Quintana som er tildelt UiOs pris for yngre forskarar for 2022. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I 2014 kom Daniel S. Quintana til Noreg frå Australia saman med norsk kone. Det kan Universitetet i Oslo vera  glad for.  For etter at han blei tilsett som forskar ved Psykologisk institutt, har han gjort fleire viktige funn som har sett både instituttet og UiO på kartet. Forskinga hans på hormonet oksytocin har bidrege til at det no blir utvikla medisinar som kan dempa dei mest overstadige reaksjonane til dei som har autisme. Forskinga hans har også ført til at UiO tildeler han pris for yngre forskarar for 2022.

Daniel S. Quintana: 

- fødd i Sydney, Australia, 

-studerte psykologi ved University of Sydney, der han også tok doktorgrad i 2013

- fekk postdoktorstilling ved Oslo universitetssykehus i 2014

- er no tilsett som forskar ved Psykologisk institutt, UiO

Aktuell: Får tildelt UiOs pris for yngre forskarar for forskinga på hormonet oksytocin og effekten det har på personar med autisme. 

(Kjelder: UiO, Uniforum) 

Dette er grunngjevinga frå priskomiteen

 «I sin forskning har Quintana gått nye veier ved å ta i bruk en rekke nyskapende metodiske tilnærminger. Han er en svært produktiv forsker med flere artikler i prestisjetunge tidsskrifter. Quintana er også en dedikert vitenskapsformidler, og deler regelmessig sine egne resultater på tvers av ulike sosiale nettverk. Han har arbeidet for å forbedre forskningsformidling og åpen forskning ved jevnlig å lede workshops og holde foredrag om begge disse temaene på instituttnivå, universitetsnivå og nasjonalt nivå»

(Kjelde: UiO)

– Ei fantastisk kjensle

Uniforum møter prisvinnaren utanfor og inne i Harald Schelderups hus i Forskningsveien der Psykologisk institutt held til.

– Gratulerer med prisen,Daniel S. Quintana.

– Tusen takk for det. Det kom som ei stor overrasking, og det var ei fantastisk kjensle å  vita at eg hadde blitt tildelt denne prisen nettopp frå den institusjonen som eg arbeider for. Det svarar han etter at me har gått inn på kontoret hans som er strippa for bilete og plakatar. Me får berre auge på eit bilete av familien hans ved sida av den berbare PC-en.

– Eit hormon som har eksistert i 600 millionar år

Det er hormonet oksytocin og kva det har å seia for fysisk og mental helse han har forska på. Hormonet held til i hjernen og vitskapen oppdaga det for lang tid tilbake.

– Det er eit svært gamalt hormon som har eksistert i 600 millionar år. Men det var først i dette hundreåret me har forstått at det spelar ei viktig rolle i barndom og i å dia eit barn. For dei som ikkje har kunna få brystmjølk, har det vore mogleg å gi dei oksytocin gjennom nasa. Og forskarar har også funne ut at mangel på oksytocin kan gå utover veremåten til barn, forklarar han. 

Det har fått fleire til å sjå korleis hormonet kan utviklast til bruk på andre område.

 – Me har sett at det kan ha potensial til å kunna bli eit medikament som kan brukast til behandling av mentale og fysiske forstyrringar i hjernen. Det er eit arbeid som me også held på med her på Psykologisk institutt, fortel han.

– Vil sjå korleis oksytocin påverkar veremåten vår

– Er det mogleg å få redusert effektane av desse forstyrringane ved inntak av oksytocin? spør me oss, seier han.   

– Derfor har me testa det på personar både med og utan autisme. Då har me sett på læring og korleis dei oppfører seg i ulike situasjonar. Den generelle ideen bak dette er å finna ut korleis oksytocin påverkar veremåten vår. Samtidig gir det oss også høvet til å hjelpa dei som lir av mentale og fysiske lidingar som autisme, fortel han. 

– Så er det mogleg å seia i kva grad inntak av oksytocin kan hjelpa dei?

– Det er planen å finna det ut. Ting tyder på at det vil betra den sosiale veremåten til dei det gjeld. Me skal også setja i gang ei undersøking der me ser på barn som får ekstra tilskott av oksytocin samanlikna med dei som ikkje får det, og så spør me foreldra korleis veremåten til barna deira er, seier Daniel S. Quintana.

– Vil finna ut korleis hjernen endrar seg

– Vil dette betra livet til dei barna som lir av autisme og ikkje minst foreldra deira?

– Ja, me forskar på den gruppa. Og så ser me korleis hjernen deira fungerer gjennom ekstra tilførsel av oksytocin. Derfor har me sett i gang eit anna forskingsprosjekt som ser på det. Då ynskjer me å finna ut korleis hjernen endrar seg hos desse personane.

– Kan konsekvensen bli at dei det gjeld kan bli typiske samfunnsborgarar som ikkje lenger blir hemma av veremåten sin fordi dei har autisme?

– Vel, det er ikkje uvanleg at dei som har autisme kan ha problem både innanfor utdanning og arbeid. Tilførsel av oksytocin kan hjelpa dei til å fungera betre ikkje berre i utdanning og arbeid, men også i sosiale relasjonar, understrekar han.

Set i gang ny forsking med Big data

Daniel S. Quintana og fagfellane hans på Psykologisk institutt held no fram med vidare forsking på dette området. 

IVRIG TURGÅAR: Etter at han kom til Noreg er Daniel S. Quintana blitt ein ivrig turgåar.  – Ja, no har eg lært meg å gå på ski saman med barna mine, seier han. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– I tillegg til å sjå på kva effekt oksytocin har på personar med autisme, er me i gang med å forska på svære mengder med data (Big data) om den genetiske profilen til  kanskje opptil ein halv million personar. Og så på toppen av det kan du få informasjon om oppførsel, forskjellige asosiale veremåtar dei har hatt og korleis dei genetiske variasjonane mellom dei er relaterte til hormonet oksytocin. Målet med det er å forstå betre kva oksytocin gjer og korleis det vil bli mogleg å endra sosial dysfunksjon. På denne måten kan me finna fram til nye behandlingsmetodar for desse asosiale veremåtane.

Frå Sydney til Oslo

– Korleis enda du opp som forskar ved Psykologisk institutt på  Universitetet i Oslo?

– Eg flytta til Noreg for åtte år sidan av to grunnar: Kona mi er norsk, og me blei kjende med kvarandre i Sydney, der eg vaks opp. Og for det andre dukka det opp eit høve for meg til å arbeida som postdoktor ved Oslo universitetssykehus. Seinare flytta eg over frå Oslo universitetssykehus til Universitetet i Oslo, og sidan  den gongen har eg jobba som forskar på  Psykologisk institutt.

Å emigrera er ikkje noko nytt i familien til Daniel S. Quintana. Foreldra hans emigrerte frå Colombia til Australia, før han blei fødd. Sjølv synest han at er blitt godt mottatt av både fagmiljøet på  OUS og på UiO.

– Det har vore fantastisk å jobba med alle desse folka. Og det var fint å kunna halda fram med å jobba med oksytocin også etter at eg kom til Noreg frå Australia, fortel han.

Etter åtte år i Noreg har han for lengst skifta ut surfebrettet med ski.

– Ja, no har eg lært meg å gå på ski saman med barna mine. Og så har eg blitt ein ivrig turgåar,  smiler han.

Og på fredag får han utdelt prisen under UiOs årsfest i Universitetets aula 

• Les meir om Daniel S. Quintana i Uniforum: 

UiO-forsker Daniel Quintana får gjev pris frå vitenskapsselskapet i Trondheim

UiO-forsker får millionstøtte for å undersøke om nesespray kan hjelpe autister sosialt

Emneord: Psykologisk insitutt, UiOs priser. Kultur Av Martin Toft
Publisert 1. sep. 2022 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere