For første gong sidan pandemien tok til i 2020, kunne Universitetsplassen i dag bli heilt fylt opp med studentar utan at det blei sett i verk koronarestriksjonar. Det skjedde då alle dei nye studentane i ettermiddag blei helsa velkomne til Universitetet i Oslo av rektor Svein Stølen og Oslo-ordførar Marianne Borgen.
Begge kom inn fremst i prosesjonen med rektoratet, Universitetsstyret, dekanane og toppdirektørane på UiO. Det gjekk føre seg til musikalsk tonefylgje frå Universitetets symfoniorkester med Edvard Griegs Hyldningsmarsj fra Sigurd Jorsalfar, op. 56 nr. 3.
– Ein tradisjon som de er ein del av
– Dette er ein tradisjon UiO har halde på med i over 99 år, heilt sidan 1923. I fleire tiår har me jobba med slike seremoniar. Dei er ein del av universitetet sin tradisjon og historie. Dette er ein tradisjon som de er ein del av, og som de skal vera med på å utvikla vidare, understreka rektor Svein Stølen i opningstalen til studentane.
Bodskapen hans var at det også var viktig å sjå framover i tid.
– Dykkar framtid er samfunnet si framtid. Det er de som skal leia veg inn i ei framtid med mange kjente utfordringar, men også mange nye utfordringar, peika han på. Verktøyet for å klara det meinte han at dei kunne få gjennom å skaffa seg kunnskap på universitetet.
– Me håpar derfor at de lærer og erfarer ting under studietida som vil gi dykk evne til å ta gode val for dykk sjølve og for samfunnet, sa han.
– Du skal bli eit tenkjande menneske
Svein Stølen kom også inn på globale spørsmål.
– Me håpar at de som studerer ved UiO, får meir enn ei god utdanning, men at de får globale perspektiv og engasjerer dykk i samfunnet. Du skal bli eit tenkjande menneske, men også eit omtenksamt menneske, var oppfordringa frå UiO-rektoren.
Svein Stølen kom også inn på den 211 år lange historia til universitetet. Han peika på at i dei åra har universitetet bidratt til å utvikla Noreg.
– Med forskarar og lærarar i verdsklasse og Noregs beste studentar med mange fag og studieprogram som gjer at me saman har reiskapar for å utvikla og løysa ulike, komplekse samfunnsutfordringar, konstaterte han.
– De må læra dykk til å stå i motstand
Men Svein Stølen trekte fram at studentar også kan oppleva meiningar på UiO som dei ikkje deler.
– Spørsmåla kan vera ubehagelege, og svara er sjeldan enkle, ofte komplekse, og dei kan vera kontroversielle. Det vil seia at de må læra dykk til å bli eksponert for tankar og idear som de er djupt ueinige i. De må læra dykk til å stå i motstand. De må læra å møta argument med motargument. De skal bli inkluderte på UiO med eit mangfald av meiningar. Konstruktiv kritikk, konstruktive diskusjonar er ein del av den frie kunnskapsdanninga og ein del av universitetet sitt DNA, understreka Svein Stølen på den same dagen som Ytringsfridomskommisjonen la fram sin rapport i Arendal.
– Ver nyfikne, bruk moglegheitene som UiO og Oslo gir, ta kontakt med kvarandre og hjelp kvarandre, var rådet frå rektor Svein Stølen.
– Me håpar de vil gjera Oslo både reinare og grønare
Etter endå eit dramatisk musikkinnslag med Carl Orffs O Fortuna frå Carmina Burana, framført av Universitetsets symfoniorkester saman med Unikor, Akademisk korforening, Den norske Studentersangerforening og Kvindelige Studenters Sangforening, var turen komen til Oslo-ordførar Marianne Borgen.
– Me er stolte i Oslo over å ha så mange studentar i byen vår. Det bidrar til at Oslo blir ein kunnskapsby med forsking og innovasjon. Kommunen har eit nært samarbeid med både universitetet og næringslivet. Me har god grunn til å ha store forventingar til Noregs eldste universitet. Oslo er også Noregs miljøhovudstad. Me har tatt mål av oss til å bli ein nullutsleppsby i 2030.Me satsar stort på kollektivtransport, noko eg håpar de har lagt merke til. Og me gjer det også tryggare å sykla og gå rundt i denne byen. Me håpar de vil vera med på å gjera Oslo både reinare og grønnare, var utfordringa frå Marianne Borgen til UiOs nye studentar.
– Me skal framover stå saman mot hat
Ho kom også inn på den tragiske hendinga som skjedde i Oslo natt til 25. juni midt i Pride-veka.
– Då var det eit åtak her i Oslo som var retta mot det skeive miljøet, og som drap to personar og skadde mange. Det råka ikkje berre dei skeive og det skeive miljøet i byen vår. Det råka heile Oslo. Me skal framover stå saman mot hat, alle former for hat og hatefulle ytringar. Me veit at hatefulle haldningar også skapar farlege og dødelege handlingar. Derfor må me saman kjempa imot alle former for hat. Så dersom du opplever dette, så stå opp og sei ifrå uansett kvar og korleis, oppfordra Marianne Borgen.
– Ikkje ver ein flink student
Oline Sæther er leiar for Studentparlamentet ved UiO, og ho hadde ein klar bodskap til dei nye studentane.
– Ikkje ver ein flink student, slik som eg var. På universitet har du ingen kontaktlærar og ingen klasse. Du har full fridom. Det blir ikkje registrert fråver, og du kan koma når du vil. Eg gjorde alt det førelesarane sa eg skulle gjera. Eg løyste oppgåver og las pensum og møtte opp til alle førelesingane. Eg var ein flink student, vedgjekk ho. I dag ber ho andre om ikkje å vera det.
– Eg håpar at de stiller dykk spørsmålet. Å vera ein flink student - er det verdt det? På meg sjølv veit eg at det er utruleg mykje viktigare å vera ein spørjande student som ikkje fylgjer reglane utan å vita at dei er verdt å fylgja. Å utvikla morgondagens samfunn har alltid vore å stilla spørsmål ved det etablerte. Ikkje ver ein flink student, men still spørsmål og ta ansvar for ditt eige tilvære. Ikkje la livet gå på autopilot, sa Oline Sæther, leiar for Studentparlamentet.
Etterpå blei alle som hadde tatt på seg oppgåva som fadder for dei nye studentane, hylla av Fadderkoordinatorane Maren Dahle og Andres Øverbø.
Seremonien blei avslutta musikalsk med kor og orkester og allsang og felles framføring av Noregs nasjonalsong "Ja vi elsker". Så marsjerte prosesjonen med ordførar og universitetsleiarar ut av scena. Og studentane og dei andre frammøtte klarte å koma seg heim i god tid før regnet styrta ned frå klokka 18.00.
Logg inn for å kommentere