UiO og Folkehelseinstituttet involverte i huskrangel til 100 millionar

Sidan 1990-talet har UiO leigd lokale i Lovisenberggata 6 vederlagsfritt frå Folkehelseinstituttet. No ber  utleigaren Statsbygg universitetet om å flytta ut innan 31. januar 2025. UiO forlangar 100 millionar i kompensasjon for å gjera det, men på eit langt seinare tidspunkt.

HUSKRANGEL: UiO og FHI er hovudaktørane i ein krangel med Statsbygg om kven som kan disponera dei 672 kvadratmetra som UiO i dag brukar i Lovisenberggata 6. Statsbygg vil ha UiO ut for å rehabilitera lokala til Folkehelseinstituttet. 

Foto: Martin Toft

Den 31. januar 2025 må UiO ut av lokala som Det odontologiske fakultetet i dag disponerer vederlagsfritt i Lovisenberggata 6. Det var beskjeden som Statsbygg gav til Eigedomsavdelinga ved UiO i desember 2020. Grunnen var at Statsbygg ynskte å rehabilitera lokala til Folkehelseinstituttet som held til i mesteparten av denne bygningen. Det går fram av sakspapira til møtet i Universitetsstyret  i dag, onsdag 11. mai. Tomtekrangelen kjem fram i teksten som omtalar status for bygg og eigedomar ved UiO. 

Tannlegeundervisningens fond gav frå seg tomteareal

Det er Det odontologiske fakultetets Klinisk forskingslaboratorium (KFL) og Avdeling for biomaterialar (Biomat) som i dag brukar 672 kvadratmeter av 1. etasje i Lovisenberggata 6. Medan KFL er eit servicelaboratorium for alle forskarar og fagavdelingar, driv Biomat mellom anna med dyrking av kunstig humant hardvev som bein og tenner.

Dei to avdelingane har halde til i lokala sidan byrjinga på 1990-talet. Då blei Det odontologiske fakultetet bede om å gi tomtegrunn bak Geitmyrsveien 69/71, slik at Folkehelseinstituttet kunne få bygt ein ny bygning. Førespurnaden enda opp med at Tannlegeundervisningens fond gav frå seg areal til ei tomt til den nye bygningen.

I fylgje UiO gjekk avtalen ut på at OD skulle få ein bruksrett til areal i kjellar og første etasje i Lovisenberggata 6 som ligg tett i tett med bygningen i Geitmyrsveien 71. Ein glasgang bind i dag dei to bygningane saman. I sakspapira til Universitetsstyret viser UiO til at det ligg føre lite dokumentasjon frå overføringa av tomta til FHI som kan gi grundigare innsyn i avtalen.

FHI overdrog bygningen til Statsbygg

Sidan den avtalen blei gjort, har Folkehelseinstituttet overdrege bygningen til Statsbygg.

UiO seier altså at det ikkje er mogleg for Statsbygg å seia opp avtalen sidan UiO har bruksrett til lokala, og har brukt dei vederlagsfritt. No har UiO også rekna ut at det vil kosta 100 millionar kroner å flytta ut og få alt utstyret på plass i nabobygningen Geitmyrsveien 69/71. Det blir vist til avdelingane som er i Lovisenberggata 6 i dag, ODs Klinisk forskingslaboratorium (KLF) og Avdeling for biomaterialar (Biomat). "KFL er servicelaboratorium for alle forskere og fagavdelinger tilknyttet Institutt for klinisk odontologi (IKO)", heiter det i notatet.

UiO understrekar at instrumentparken til KFL er unik i norsk og europeisk samanheng når det gjeld dyrking av humant hardvev som bein og tenner, men også utvikling av nye biomaterialar, visa effekten av dei og tilpassa dei betre, går det fram av bakgrunnsinformasjonen til Universitetsstyret.

Krev kompensasjon på 100 millionar

Det står også at UiO ser det som heilt umogleg å flytta ut innan fristen, men at det vil vera mogleg å få det til på eit seinare tidspunkt om UiO får kompensasjon for utgifter på rundt 100 millionar kroner. Men UiO presiserer at det er mogleg å gjennomføra prosessen frå flyttevedtak blir gjort til dei to avdelingane har flytta inn og tatt i bruk nye lokale på 41 månader, altså nesten tre og eit halvt år. Det vil seia langt seinare enn den datoen Statsbygg sette opp som utflyttingsfrist, altså 31. januar 2025.

UiOs eigedomsavdeling avsluttar informasjonen til styret med å visa til at rehabilitering av FHIs lokale er ei løyvingssak, og at dei derfor reknar med at saka vert handsama som ein del av den ordinære behandlinga av statsbudsjettet «om og når regjeringen ønsker å gå videre med det», vert det presisert.

Uniforum har tatt kontakt med  universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved UiO. Han finn det ikkje naturleg å kommentera denne saka før den kjem opp i møtet i Universitetsstyret seinare i dag.

– FHI tar ikkje del i dialogane

Assisterande direktør Gunn Peggy Knudsen  ved Folkehelseinstituttet opplyser til Uniforum at FHI ikkje tar direkte del i dei forhandlingane som er i gang om dei omstridde lokala i Lovisenberggata 6.

DEPARTEMENTA FORHANDLAR: Assisterande direktør Gunn Peggy Knudsen i  Folkehelseinstituttet viser til at det er tre departement som forhandlar om tolkinga av leigeavtalen på vegner av UiO, FHI og Statsbygg. (Foto: FHI)

– FHI er ikkje ein part i dei forhandlingane som pågår, knytte til fristilling av areala i L6.  Dialog om leige og avtaleforhold går mellom dei tre eigardepartementa Helse- og omsorgsdepartementet (FHI), Kommunal- og distriktsdepartementet. (Statsbygg) og Kunnskapsdepartementet (UiO). FHI tar sjølv ikkje del i desse dialogane, men held seg til dei føringane som vert formidla av  eigardepartementet vårt og utleigaren vår Statsbygg, som har forvaltningsansvaret for eigedomen, svarar Gunn Peggy Knudsen i ein epost til Uniforum.

Statsbygg håpar på løysing

Statsbyggs kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim stadfestar overfor Uniforum at dei har bede Det odontologiske fakultetet ved UiO om å flytta ut av lokala dei disponerer i Lovisenberggata 6.

– Me har meldt i frå om at det er ynskjeleg at det skjer innan januar 2025. Men me har ikkje sendt ei formell oppseiing. For me håpar at dialogen som er i gang mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil  føra fram til ei løysing, seier Hege Njaa Aschim.

• Les meir om odontologi i Uniforum:

Odontologi ventar framleis på nytt klinikkbygg på Gaustad

Nemko-bygningen må jamnast med jorda for å gi plass til nytt klinikkbygg

Nemko-bygningen kan måtta vika plass for nytt klinikkbygg for OD

Odontologi kan få nybygg i Gaustadalleen

 

 

 

Emneord: Odontologi, eiendom, Statsbygg Av Martin Toft
Publisert 11. mai 2022 04:30 - Sist endra 26. mai 2022 14:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere