UiO-rektor ber studentar stilla som vertar for Matematikk-OL

Frå 6. til 16. juli kjem 600 ungdomar frå heile verda til Oslo for å delta i Matematikk-OL. No etterlyser UiO studentar som kan vera vertar for deltakarane. – Dei skal få lønn for jobben, lovar UiO-rektor Svein Stølen.

Portrett av ein mann ute på ein terrasse

YNSKJER VERTAR: UiO-rektor Svein Stølen treng 100 vertar til Matematikk-OL i Oslo i sommar. No ber han studentar melda seg. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

I 10 dagar i sommar vil matematikken setja sitt preg både på Universitetet i Oslo og på resten av Noregs hovudstad. Då skal 600 ungdommar frå 100 land delta I Matematikk-OL.

UiO-rektor Svein Stølen skal saman med Oslo-ordførar Marianne Borgen stå for den offisielle opninga.

– Det er eit fantastisk viktig arrangement for Universitetet i Oslo. Det blir opning i Oslo rådhus og premieseremoniar i Konserthuset. Me gler oss til dette, seier Svein Stølen til Uniforum.

– Viktigare med språkkompetanse

For at alle deltakarane skal få eit best mogleg opphald og eit best mogleg inntrykk av Oslo og Universitetet i Oslo, vil UiO no ha tak i studentar.

– Akkurat som alle andre store arrangement som OL og VM, treng me vertar. Me vil gjerne at studentar som ser ein moglegheit i dette, melder seg. For dette er ei morosam oppgåve der dei får vera med på hotell, på arrangementa og å hjelpa desse deltakarane. Og dei treng ikkje kunna matematikk. Det er viktigare med god språk- og kulturkompetanse sidan dei kjem frå heile verda. Til sjuande og sist handlar det om å få studentar frå Universitetet i Oslo til å vera med, seier han.

Tilbyr studentar lønn

Mange studentar har sommarjobbar på denne tida. Det er også UiO-rektor Svein Stølen klar over.

– Derfor skal me også tilby dei lønn på opptil 5000 kroner kvar for dei dagane Matematikk-OL varer, lovar han. – Så langt har me klart å få tak i 50 vertar. Men me treng 100 til, fortel han.  Vertane får bu på deltakarhotell, får måltid og gåvekort. Dessutan får dei attest og erfaring som frivillig på eit  internasjonalt arrangement på CV-en. 

– Er det berre studentar frå UiO som kan melda seg?

– Nei, me håpar studentar også frå andre utdanningsinstitusjonar melder seg. Og dei som allereie har sagt ja, vil også få utbetalt 5000 kroner for jobben som vert under Matematikk-OL, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Ventar framleis på svar frå Kunnskapsdepartementet

Etter at Russland invaderte Ukraina, bestemte den internasjonale matematikkorganisasjonen seg for at Russland ikkje kan delta offisielt under Matematikk-OL. Arrangørane kan likevel truleg invitera seks russiske deltakarar til å delta digitalt som privatpersonar. Kontorsjef Yngvar Reichelt ved Matematisk institutt som også sit i arrangementskomiteen, opplyser til Uniforum at det likevel ikkje blir endeleg avgjort før dei får eit svar frå Kunnskapsdepartementet. 

– Akkurat no ligg den saka til behandling på politisk nivå. Om me får klarsignal frå Kunnskapsdepartementet, vil me invitera dei russiske deltakarane til å delta digitalt som privatpersonar.  Men me treng godkjenning frå Kunnskapspdepartementet først, understrekar Reichelt.

– Legg ein dempar på arrangementet

UiO-rektor Svein Stølen synest også det er tragisk med Russlands invasjon av Ukraina.

 – Invasjonen av Ukraina er sjølvsagt eit skår i gleda for alle. Det er utruleg trist og forferdeleg, Når det først har skjedd, så vil dei avgjerdene OL-arrangøren har tatt i samband med dette, påverka kven som kan delta i Matematikk-OL. Det er noko som me berre må forholda oss til. Dette legg sjølvsagt ein dempar på heile arrangementet, på Europa og på verda, slår han fast.

– Palestina deltar for første gong

IMO Board, det internasjonalet styret for IMO (Den internasjonale matematikkolympiaden) bestemte seg også for at det ikkje skulle setjast inn sanksjonar mot  Kviterussland i denne omgang. Den avgjerda blei tatt etter at også Ukrainas representant i styret rådde til at Kviterussland kunne delta i Matematikk-OL.

 

NOREGS OL-LAG: I 2019 stilte Noreg med dette laget under Matematikk-OL i Bath i Storbritannia.. Andreas Alberg som her står som nummer 2 frå venstre bak det norske flagget tok sølvmedalje. Året etter i tok han  gullmedalje.Då var  Matematikk-OL virtuelt på grunn av koronapandemien. (Foto:Yngvar Reichelt/Matematisk institutt/ UiO)
 

 – Det som me kan gleda oss over, er at Palestina deltar for første gong. Dei sender to personar til Matematikk-OL, fortel Yngvar Reichelt til Uniforum.  Også han oppfordrar studentar til å melda seg som vertar under arrangementet. 

– Dei vil ikkje berre få ei lønn på 5000 kroner. Dei får også bu på hotell, dra på båtturar og på Tusenfryd saman med deltakarane. Og dei får også frukost, middag og kvelds saman med dei som dei er vertar for, seier Yngvar Reichelt. 

Alle som vil melda seg som vertar under Matematikk-OL, kan ta kontakt med arrangøren Matematisk institutt på nettsida til Matematikk-OL:  https://www.imo2022.org/imo/Volunteers

• Les meir om Matematikk-OL i Uniforum:

Russland er utestengt fra Matte-OL

Ubestemt om russisk deltakelse i Matematikk-OL: – Fryktelig vanskelig

Til sommeren strømmer noen av verdens største matematikk-talenter til Oslo

– Det var gøy endelig å få gull i Matematikk-OL

UiO vil ha matematikkolympiaden i Noreg

 

 

 

Emneord: Matematikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 6. mai 2022 04:30 - Sist endra 6. mai 2022 09:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere