– Det var gøy endeleg å få gull i matematikk-OL

Andreas Alberg (17) frå Oslo katedralskole tok for første gong gull i Den internasjonale matematikkolympiaden etter å ha deltatt tre gonger tidlegare. No ser han fram til neste års OL i St. Petersburg.

Ein ung gut ser mot kameraet med ei tavle med ei skriftleg matematikkoppgåve i bakgrunnen,

GLAD I MATEMATIKK-KONKURRANSAR: – Då eg gjekk i femte klasse deltok eg i Abelkonkurransen for første gong. Og å delta i matematikktevlingar er noko heilt anna enn matematikktimane på Oslo katedralskole, seier 17-åringen Andreas Alberg. Nyleg blei han den tredje norske gullmedaljevinnaren i Den internasjonale matematikkolympiaden for ungdom. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Andreas Alberg driv med matematikk på heiltid både på vidaregåande og i fritida. Då Uniforum møter han på Blindern, skal den 17 år gamle skuleeleven like etter møta mentoren sin som er førsteamanuensis i matematikk, Arne B. Sletsjøe. Møtet skjer midt i haustferien.  

Dette er Den internasjonale matematikkolympiaden:

Det er ein internasjonal matematikkkonkurranse for vidaregåande elevar under 20 år.

Den blei arrangert første gong i Romania i 1959. 

I gjennomsnitt deltar det 600 ungdomar frå 100 land. Kvart land kan ha seks deltakarar. 

Noreg har vunne gullmedalje tre gonger, sist i 2020 med Andreas Alberg.

Årets konkurranse var digital, medan konkurransen neste år går i St. Petersburg

I 2022 skal UiO og Kunnskapsdepartementet arrangera Den internasjonale matematikkolympiaden i Oslo,

(Kjelde: IMO 2022 og Wikipedia)

Me intervjuar han sjølvsagt i Matematikkbygningen på Blindern. Det var også der han sat og løyste oppgåver då den virtuelle meisterskapen blei arrangert. Og haustferien blei innleia med at han fekk meldinga om at han for første gong hadde vunne Den internasjonale matematikkolympiaden for ungdom. Det er Andreas Alberg svært nøgd med, gir han utrykk for når Uniforum gratulerer han med sigeren.

–Takk for det. Dei tre åra eg har deltatt tidlegare har eg gjort det litt betre år for år, så derfor var det gøy endeleg å få gull fordi det skjer ikkje så ofte for nordmenn. Då får eg litt igjen for arbeidet eg har lagt ned. Det er ikkje berre gøy å få medaljen, men også å løysa sjølve oppgåva. Det er kjekt å kunna setja seg ned med den vanskelegaste oppgåva, og under konkurransen hadde eg fleire rette idear og fekk utteljing for desse i form av 4 av 7 moglege poeng, fortel han.

Tredje nordmann med gull

Andreas Alberg er den tredje nordmannen som har vunne gullmedalje i matematikk-OL. Dei førre gongene det skjedde var då David Kunszenti-Kovács vann i 2002 og då Jørgen Vold Rennemo vann i 2008.

– Kva synest du var det vanskelegaste med oppgåva denne gongen?

– Formatet på konkurransen er at den går over to dagar med tre oppgåver kvar dag. Det skal vera stor avstand i vanskegrad mellom kvar oppgåve. Og eg fekk til dei to lettaste kvar dag. Men eg gjekk laus på den vanskelegaste oppgåva allereie den første dagen. Oppgåvene høyrest veldig enkle ut slik at alle kan forstå dei. Me hadde nokre steinar med ulik farge og nokre vekter, så skulle me leggja dei i to forskjellige haugar, slik at summen av vekten i dei to haugane er den same. Fargane skulle vera jamt fordelte, men den var faktisk mykje vanskelegare enn ein skulle tru når ein først legg auga på den. Du skulle klara å tolka den som ein graf og så vera litt smart når du lagar noder og kantar og brått kunne du sjå oppgåva på ein heilt ny måte. Då var det mogleg å finna ei løysing, forklarar han.

Og det låg ikkje heilt klart i dagen.

– Men med den originale teksten var det heilt umogleg å sjå den løysinga. Slik er ofte dei vanskelegaste oppgåvene. Du må klara å endra perspektivet, for du får presentert noko som ser svært vanskeleg ut å angripa, men når du ser på det litt annleis, så gir det meining, og då blir det mogleg å angripa det, fortel han.

Digital konkurranse

Denne gongen gjekk matematikkolympiaden føre seg digitalt på grunn av koronaviruset. Eigentleg skulle matematikkolympiaden ha gått føre seg i St. Petersburg i Russland. Det var ikkje heilt slik Andreas Alberg hadde tenkt seg det.

– Me hadde heile tida håp om at kunne dra dit, men slik blei det ikkje. Det er 616 deltakarar som me kunna ha blitt kjente med og diskutert matematikk med. Det er også ein del av det matematikkolympiaden kallar å feira matematikk. I alle fall fekk det norske laget møta kvarandre her. Det gjekk overraskande bra å sitja i tolvte etasje i matematikkbygningen og løysa oppgåver, og det gjekk an å gjennomføra det som ein ordentleg konkurranse, seier han til Uniforum.

Eit portrett av ein gut på 17 år
VILLE HA DELTATT I OSLO-OL I 2022: – Då vil eg vera eitt år for gammal, dessverre, men eg håpar å bli involvert med det norske laget, sjølv om eg ikkje veit kva rolle eg får, seier Andreas Alberg. Nyleg tok han gull i Den internasjonale matematikkolympiaden. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Folk frå heile landet med på laget

Alle dei seks deltakarane på Noregs lag blei plukka ut på grunnlag av Abelkonkurransen i matematikk og Den nordiske matematikk-konkurransen.

– Det kom folk frå heile landet både frå Oslo Bergen og Trondheim. Og det var veldig bra, for me hadde også hatt ein treningsleir saman, før konkurransen starta, fortel han.

– Etter dei tre konkurransedagane gjekk det nesten ei veke før resultatet blei klart. Kva var grunnen til det?

– Det er jo 616 deltakarar, og alle løysingane skal rettast av lagleiarane og koordinatorane som sørgjer for at me blir vurderte på same måte etter same retteskjema. Og då tar det lang tid,. Til saman er det 100 koordinatorar som jobbar heilt frivillig, minner han om.

For gammal for Oslo-OL

Om to år skal olympiaden arrangerast i Oslo, men då kan ikkje Andreas Alberg delta.

– Då vil eg vera eitt år for gammal, dessverre, men eg håpar å bli involvert med det norske laget, sjølv om eg ikkje veit kva rolle eg får. Neste år blir det arrangert i St. Petersburg og eg håpar å få bli med dit, og sjå byen, seier han.

Gir skryt til UiO-mentor

Heilt sidan han gjekk i ungdomsskulen har han hatt førsteamanuensis i matematikk Arne B. Sletsjøe som mentor. Det set han stor pris på.

– Eg var interessert i matematikk lenge før det, og eg synest det var gøy å jobba med enklare oppgåver frå konkurransar. Men det var heilt noko anna å gå frå den vanlege skulematematikken med enkle problemstillingar til faktisk å bli vist litt meir av kva matematikk dreiar seg om og om dei større strukturane. Det har me halde på med ein gong i veka utan nokon formell struktur, men han har vist meg spennande matematikk. Det har eg fått mykje ut av, og det har vore til stor hjelp også i konkurransen, meiner han. Der har han blitt introdusert for den vanskelegaste delen av  matematikken.  

– Det hjelper å kjenna litt til avansert matematikk for då forstår du korleis oppgåva er laga og du kan sjå ein djupare struktur i oppgåva. Perspektivendringar kjem ofte frå nokre kjent som algebra eller geometri, og då skjønar ein kvifor det som fungerer, fungerer, seier Andreas Alberg.

Deltok i Abelkonkurransen som tiåring

Han begynte tidleg å interessera seg for matematikk.

– Då eg gjekk i femte klasse deltok eg i Abelkonkurransen for første gong. Og å delta i matematikktevlingar er noko heilt anna enn matematikktimane på Oslo katedralskole.

– Det er ein veldig fin skule, men det er veldig inspirerande å delta i matematikk-konkurransar og vera omgitt av så mange andre som har den same matematikkinteressa som meg sjølv, slår han fast.

– Då er du ikkje i tvil om kva skal studera når du er ferdig med vidaregåande?

– Det blir nok matematikk. Eg er for så vidt interessert i programmering og har deltatt i programmeringkonkurransar også, men matematikk er noko finare, synest eg, seier han før han hastar av garde til møtet med mentoren sin.

 

 

 

Emneord: Matematikk, Realfag Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2020 23:56 - Sist endra 6. okt. 2020 23:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere