Meklinga i statsoppgjeret held fram tolv timar på overtid

Riksmeklaren har enno ikkje i hamn ein avtale i statsoppgjeret. Fristen gjekk ut for over tolv timar sidan.

639: Om Riksmeklaren ikkje klarer å forhandla fram ein avtale i statsoppgjeret, kan 639 UiO-tilsette leggja ned arbeidet i løpet av dagen.  (Arkivfoto) 

Foto: Martin Toft/Uniforum

– Det er det vanskelegaste eg har gjort, seier riksmeklar Mats  Ruland til Fri fagbevegelse rundt klokka 11.00 i dag. Ifylgje NTB handlar usemja i stor grad om lønnsstillegga og om ein skal bryta med føringane frå  frontfaget.  

Dersom riksmeklar Mats Ruland ikkje klarer å få til ein avtale mellom partane i statsoppgjeret, vil mellom andre 639 UiO-tilsette gå til streik.  Også 2861 andre tilsette på universitet, høgskular, departement og andre statsinstitusjonar vil leggja ned arbeidet om det ikkje blir ein endeleg avtale mellom staten og fagforeiningane til dei statstilsette. I universitets- og høgskulesektoren vil tilsette bli tatt ut i streik ved desse institusjonane: OsloMet, Høgskulen på Vestlandet NTNU i Trondheim, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Bergen.

Også i kommuneoppgjeret kan det enda med streik dersom det ikkje blir ein avtale hos Riksmeklaren i løpet av natta eller morgonen. I dette oppgjeret handlar det om lønna til over ein halv million arbeidstakarar i offentleg sektor. Dei er organiserte i LO, YS, Unio eller i Akademikarane.  

På UiO vil både NTL, Parat og Unio ta ut medlemar i streik, medan Akademikarane ikkje tar ut UiO-tilsette i første fase. 

Parat-leiar Ariel Sevendal stadfesta overfor Uniforum før helga at mange av deira medlemar på UiO vert tatt ut i ein mogleg streik.

– Me tar ut medlemane våre ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og ved Det medisinske fakultetet, med unntak av dei som jobbar med eksamen og ved dyrestallane. Me tar ut ca 90 medlemar, fordelte omtrent likt mellom MN-fakultetet og medisin, opplyste han i ein epost til Uniforum.

 LO Stat på si side har gjort det klart at dei vil ta ut 504 av sine NTL-medlemar på UiO i tilfelle streik. Det utgjer om lag halvparten av alle medlemane LO Stat vil ta ut i første fase av ein streik. Leiar for NTL UiO Natalia Zubillaga opplyste til Uniforum i går at dei fordeler seg på blant anna SV, HF, JUS, EA (Eigedomsavdelinga), LOS, LKIT (lokal IT) og tillitsvalde i NTL. Tillitsvald Cecilie Wingerei Lilleheil i Forskerforbundet har opplyst til Uniforum at Unio vil ta ut 45 av sine medlemmar i LOS (Sentraladministrasjonen), tillitsvalde og tilsette på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. 

NRK var i kontakt med riksmeklar Mats Ruland rett før fristen var gått ut ved midnatt, omtalte han tonen mellom forhandlingspartane som god. 

Les meir om mogleg arbeidskonflikt i Uniforum: 

639 UiO-tilsette kan vera i streik på tysdag

Ho kan leia 504 UiO-tilsette i streik frå tysdag

(Saka blei oppdatert tysdag 24. mai klokka 12:21)

Emneord: Arbeidsforhold, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2022 00:43 - Sist endra 24. mai 2022 12:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere