639 UiO-tilsette kan vera i streik på tysdag

Til saman 639 UiO-tilsette kan koma til å leggja ned arbeidet tysdag. Medan NTL tar ut 504 personar frå administrasjonen og tre fakultet, tar Parat ut 90 medlemar på to fakultet medan det er uvisst kvar dei 45 Unio tar ut, jobbar.

Ein bygning med eit svært skilt framfor

KAN GÅ TIL STREIK: 90 av Parat sine medlemar på Det medisinske fakultetet (biletet) og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet kan leggja ned arbeidet, dersom det blir streik i staten på tysdag.  (Arkivfoto)

Foto: Øystein Horgmo, UiO

Innan midnatt måndag 23. mai må Riksmeklaren ha kome fram til ein avtale mellom staten og fagforeiningane til dei statstilsette. Om det ikkje skjer, blir det streik frå tysdag 24. mai.  

På UiO vil både NTL, Parat og Unio ta ut medlemar i streik, medan Akademikarane ikkje tar ut UiO-tilsette i første fase. I dag har Uniforum fått kontakt med Parat-leiar Ariel Sevendal, som stadfestar at mange av deira medlemar på UiO vert tatt ut i ein mogleg streik.

– Me tar ut medlemane våre ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og ved Det medisinske fakultetet, med unntak av dei som jobbar med eksamen og ved dyrestallane. Me tar ut ca 90 medlemar, fordelte omtrent likt mellom MN-fakultetet og medisin, opplyser han i ein epost til Uniforum.

Skjermar eksamen og dyrestallane

Ariel Sevendal kan enno ikkje seia mykje om kva fylgjene av ein mogleg streik får for UiO.

– Me tar ut tilsette innan mange grupper, så det er vanskeleg å seia konkret kva konsekvensane blir for arbeidsgivar. Me tar ikkje ut dei som jobbar med eksamen for å spara studentane for ein usikker eksamenssituasjon. Me tar heller ikkje ut dei som jobbar ved dyrestallane. Eit uttak her vil gå ut over alle forsøksdyra dei har ansvaret for, understrekar han.

UiO-tilsette utgjer halvparten av dei LO Stat kan ta ut

I går gjorde LO Stat det klart at dei vil ta ut 504 av sine NTL-medlemar på UiO i tilfelle streik. Det utgjer om lag halvparten av alle medlemane LO Stat vil ta ut i første fase av ein streik. Leiar for NTL UiO Natalia Zubillaga opplyste til Uniforum i går at dei fordeler seg på blant anna SV, HF, JUS, EA (Eigedomsavdelinga) , LOS, LKIT (lokal IT) og tillitsvalde i NTL.

• Les også: Ho kan leia 504 UiO-tilsette i streik frå tysdag

I går kunne også Forskerforum melda at 45 av dei til saman 850  medlemane Unio vil ta ut, jobbar på UiO.

Akademikarane tar ut ingen på UiO

Det er altså dei tre fagforeiningane NTL UiO, Unio og Parat (YS stat) som har varsla at fleire av medlemane deira på UiO vil bli tatt ut i streik frå tysdag om Riksmeklaren ikkje lykkast å få til ein avtale i meklinga mellom staten og fagforeiningane for dei statstilsette. Medlemane i Akademikarane på UiO blir ikkje tatt ut i første fase. Det går fram av opplysningane som organisasjonen har lagt ut på nettsidene sine.

I tillegg til å ta ut medlemar ved UiO, vil Unio også ta ut tilsette ved OsloMet, Høgskulen på Vestlandet NTNU i Trondheim, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Bergen.

Dette er arbeidsplassane der medlemar i LO stat blir tatt ut først i ein eventuell streik

Områder Sted Fase 1 antall

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

   
Departementet Oslo 31
     
Barne- og familiedepartementet    
Departementet Oslo 38
     
Finansdepartementet    
Departementet Oslo 29
     
Helse- og omsorgsdepartementet    
Departementet Oslo 23
     
Justis- og beredskapsdepartementet    
Departementet Oslo 35
Oslo frimsorgskontor Oslo 23
Innlandet fengsel Innlandet 1
Ila fengsel Oslo 1
     
Klima- og miljødepartementet    
Departementet Oslo 47
     
Kommunal- og distriksdepartementet    
Departementet Oslo 85
     
Kultur- og inkluderingsdepartementet    
Departementet Oslo 38
     
Kunnskapsdepartementet    
Departementet Oslo 71
Universitetet i Oslo Oslo 504
     
     
Landbruks- og matdepartementet    
Departementet Oslo 18
     
Nærings- og fiskeridepartementet    
Departementet Oslo 41
     
Olje- og energidepartementet    
Departementet Oslo 17
     
Samferdselsdepartementet    
Departementet Oslo 27
     
Totalt   1029

Dette er arbeidsplassane det medlemar i Unio stat blir tatt ut først i ein streik:

850 medlemar blir tatt ut til saman, mellom anna ved universiteta i Oslo, Bergen og Stavanger, Oslo Met, NTNU i Trondheim og Høgskulen på Vestlandet. I tillegg blir også tilsette i politiet tatt ut.   Ved Skatteetaten, Arbeidstilsynet, Utdanningsdirektoratet, Kunnskapsdepartementet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Meteorologisk institutt vil også nokre av dei Unio-organiserte bli tekne ut i ein streik. 

Dette er arbeidsplassane der medlemar i YS stat blir tatt ut først i ein streik:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet
  • Finansdepartementet
  • Klima- og miljødepartementet
  • Kunnskapsdepartementet
  • Nærings- og fiskeridepartementet
  • Samferdselsdepartementet
  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
  • Politidirektoratet
  • Skattedirektoratet
  • Tolldirektoratet
  • Universitet i Oslo

Dette er arbeidsplassane der medlemar i Akademikarane stat blir tatt ut først i ein streik: 

  • Forsvarets forskningsinstitutt
  • Helsedirektoratet
  • Oslo politidistrikt
  • Skatteetaten
  • Tolletaten
  • Likestillings- og diskrimineringsombudet

 

(Kjelder: NTL UiO,  LO stat, Unio stat,  YS stat, Akademikarane) 

 

Emneord: Streik, Arbeidsforhold, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2022 16:32 - Sist endra 20. mai 2022 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere