Ho kan leia 504 UiO-tilsette ut i streik frå tysdag

504 medlemar i NTL UiO kan bli tatt ut i streik frå tysdag 24. mai. Også medlemar i Unio og Parat UiO kan bli tatt ut  dersom Riksmeklaren ikkje klarer å få i hamn ein avtale i statsoppgjeret. 

Portrett av ei kvinne

TAR UT FLEST PÅ UiO: LO stat har varsla at 504 NTL-medlemar på UiO kan bli tatt ut i streik frå tysdag. Det blir den arbeidsplassen der flest LO-medlemar i staten blir tatt ut om det blir streik. Natalia Zubillaga er leiar for NTL UiO og kallar inn alle medlemar til eit informasjonsmøte i morgon klokka 12.00.

Foto: Ola Gamst Sæther

LO Stat har tatt ut 504 medlemmar ved UiO som fordeler seg på blant  anna  SV, HF, JUS, EA (Eigedomsavdelinga) , LOS, LKIT (lokal IT) og tillitsvalde i NTL. Det opplyser leiar for NTL UiO Natalia Zubillaga til Uniforum.  

– Eit streikeuttak har som formål å ramma først og fremst arbeidsgivar, men når offentleg tilsette streikar, er det veldig vanskeleg å ikkje ramma ein tredjepart. Våre oppgåver er jo knytt til nettopp forvaltninga, understrekar Natalia Zubillaga overfor Uniforum i ein epost. Ho peikar på at NTL organiserer alle stillingsgrupper på UiO og har ei breidde i medlemsmassen som viser seg i sjølve uttaket, spesielt når det er så mange som blir tatt ut. 

– Her er alle representerte

– Me har mange medlemar innanfor administrasjonen og vitskaplege grupper, og blant  reinhaldarar og i drift. Staten består av mange tilsettegrupper, dette gjeld også for universiteta - grupper som er avhengige av kvarandre for at universitetet skal gå rundt og få løyst samfunnsoppdraget sitt. Her er alle representerte, også i vårt uttak, slår ho fast.  

Informasjonsmøte fredag klokka 12.00

I morgon klokka 12.00 skal NTL UiO ha eit informasjonsmøte i Sophus Lies auditorium 1 for alle medlemane sine på UiO. Fram til klokka 13.00 er møtet ope for alle medlemar, men etter det tidspunktet er det berre dei som blir tatt ut i ein mogleg streik som får delta. Det opplyser leiar for NTL UiO, Natalia Zubillaga til Uniforum. 

Det er altså dei tre fagforeiningane NTL UiO, Unio og Parat (YS stat) som har varsla at fleire av medlemane deira på UiO vil bli tatt ut i streik frå tysdag om Riksmeklaren ikkje lykkast å få til ein avtale i meklinga mellom staten og fagforeiningane for dei statstilsette. Medlemane i  Akademikarane på UiO blir ikkje tatt ut i første fase. Det går fram av opplysningane som organisasjonane har lagt ut på nettsidene sine i dag. I pressemeldinga frå Unio kan det sjå ut som om UiO også skal takast ut i første omgang, og Forskerforum stadfestar at Unio vil ta ut 45 av medlemane sine på UiO.

Til no har ikkje Uniforum lykkast i å få kontakt med Parat for å finna ut kor mange av medlemane deira på UiO som blir tatt ut, dersom det blir ein arbeidskonflikt i staten på tysdag.   Akademikarane vil ikkje ta ut nokon av sine medlemar på universiteta i den første delen av streiken.  Unio vil derimot ta ut medlemar ved UiO, OsloMet, Høgskulen på Vestlandet NTNU i Trondheim, Universitetet i Stavanger og ved Universitetet i Bergen.  

Dette er arbeidsplassane der medlemar i LO stat blir tatt ut først i ein eventuell streik

Områder Sted Fase 1 antall

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

   
Departementet Oslo 31
     
Barne- og familiedepartementet    
Departementet Oslo 38
     
Finansdepartementet    
Departementet Oslo 29
     
Helse- og omsorgsdepartementet    
Departementet Oslo 23
     
Justis- og beredskapsdepartementet    
Departementet Oslo 35
Oslo frimsorgskontor Oslo 23
Innlandet fengsel Innlandet 1
Ila fengsel Oslo 1
     
Klima- og miljødepartementet    
Departementet Oslo 47
     
Kommunal- og distriksdepartementet    
Departementet Oslo 85
     
Kultur- og inkluderingsdepartementet    
Departementet Oslo 38
     
Kunnskapsdepartementet    
Departementet Oslo 71
Universitetet i Oslo Oslo 504
     
     
Landbruks- og matdepartementet    
Departementet Oslo 18
     
Nærings- og fiskeridepartementet    
Departementet Oslo 41
     
Olje- og energidepartementet    
Departementet Oslo 17
     
Samferdselsdepartementet    
Departementet Oslo 27
     
Totalt   1029

Dette er arbeidsplassane det medlemar i Unio stat blir tatt ut først i ein streik:

850 medlemar blir tatt ut til saman, mellom anna ved universiteta i Oslo, Bergen og Stavanger, Oslo Met, NTNU i Trondheim og Høgskulen på Vestlandet. I tillegg blir også tilsette i politiet tatt ut.   Ved Skatteetaten, Arbeidstilsynet, Utdanningsdirektoratet, Kunnskapsdepartementet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Meteorologisk institutt vil også nokre av dei Unio-organiserte bli tekne ut i ein streik. 

Dette er arbeidsplassane der medlemar i YS stat blir tatt ut først i ein streik:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet
  • Finansdepartementet
  • Klima- og miljødepartementet
  • Kunnskapsdepartementet
  • Nærings- og fiskeridepartementet
  • Samferdselsdepartementet
  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
  • Politidirektoratet
  • Skattedirektoratet
  • Tolldirektoratet
  • Universitet i Oslo

Dette er arbeidsplassane der medlemar i Akademikarane stat blir tatt ut først i ein streik: 

  • Forsvarets forskningsinstitutt
  • Helsedirektoratet
  • Oslo politidistrikt
  • Skatteetaten
  • Tolletaten
  • Likestillings- og diskrimineringsombudet

 

(Kjelder: NTL UiO,  LO stat, Unio stat,  YS stat, Akademikarane) 



 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 19. mai 2022 18:21 - Sist endra 19. mai 2022 20:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere