Bustadhai utnytta utanlandske studentar

Ein kvinneleg utleigar i Oslo lokka utanlandske studentar med hyblar i Oslo. Då ho ikkje kunne visa fram romma til dei etter at dei kom til Oslo, mistenkte dei at noko var gale.

Ein hybel i dette huset blei forsøkt leigt  ut til utanlandske studentar

TILBAUD SAME ROM TIL FLEIRE: Ei kvinne i Oslo tok imot depositum frå fleire utanlandske studentar som alle fekk tilbod om å bu på akkurat det same rommet i ei delt leilegheit i dette huset. 

Foto: Martin Toft

Den polske studenten Matylda og den danske studenten Tessa er to av studentane som utleigaren klarte å overtala til å leiga eit rom i ei delt leilegheit i Lodalen i Gamlebyen. 

I ein samtale med Uniforum fortel dei korleis dei opplevde å bli forsøkt utnytta økonomisk av utleigaren. Begge fekk tilbod om rom frå denne utleigaren gjennom ei Facebook-side for folk som skal studera  eller jobba i Oslo. Den har nærmare 30 000 brukarar. Sjølv leigde utleigaren leilegheita med det ledige rommet frå selskapet Lodalen AS.

– Etter at eg fekk studieplass på OsloMet, gjekk eg inn på denne nettsida for å forsøka å skaffa meg ein studenthybel, fortel Matylda. 

– Eg måtte ha ein plass å bu, derfor betalte eg

Straks ho melde at ho var interessert i hybelen, fekk ho eit positivt svar på førespurnaden.

– Problemet var at utleigaren kravde at eg skulle betala depositumet på 9000 kroner og 7500 kroner av husleiga på førehand, fortel ho.

Sidan det hasta med å få alt i orden i Oslo, betalte ho.

– Eg måtte jo ha ein plass å bu, så derfor betalte eg det utleigaren bad meg om å betala, seier ho til Uniforum.

Annakvar dag sjekka ho om ho hadde fått ei stadfesting på at pengane var mottatt.

– Den siste gongen eg tok kontakt med henne, før eg drog frå Polen, lova ho å senda meg ei stadfesting i løpet av kvelden. Den 7. august skulle eg dra til Oslo. Planen min var å flytta inn på hybelen dagen før eg skulle begynna på OsloMet. Eg tok kontakt med henne igjen. Svaret eg fekk var at me måtte reforhandla leigeavtalen. Ho ringte meg igjen kl. 5 om morgonen, og då ville ho at eg skulle leiga ein annan hybel gjennom Airbnb. Då mista eg tilliten til henne. To dagar før dette hadde eg fått eit tilbod frå SiO. Derfor drog eg dit, og der bur eg no, seier ho. 

– Eg fekk ei dårleg kjensle

– Korleis gjekk det med pengane du hadde betalt til utleigaren?

– Eg fekk tilbakebetalt depositumet og etterpå det eg hadde betalt i husleige. Så eg kunne ha tapt 16 500 kroner. Men ho betalte det med euro og ikkje i kroner. For meg var dette ein form for scam, og eg fekk ei dårleg kjensle. Seinare møtte eg ein annan student som hadde opplevd det same, fortel ho.

Danske Tessa opplevde akkurat det same. Men kvinna som tilbaud å leiga ut rommet i ei delt leilegheit, nekta å betala informatikkstudenten på UiO tilbake dei 18 000 kronene som ho hadde betalt i depositum.

– Då sende eg henne ei melding om at eg ville melda kvinna til politiet om ho ikkje betalte tilbake depositumet. Sidan ho ikkje kunne bruka meir enn ein avgrensa kreditt frå Revolt kvar veke, sende ho pengane tilbake til meg i to overføringar til det blei 18 000 kroner, fortel ho.

Den 4. august fekk også ho eit tilbod om ei hybelleilegheit frå SiO som ho sa ja til fordi ho følte at det var noko som ikkje stemte med det tilbodet ho hadde fått frå den første tilbydaren.

Minst 14 studentar kan ha blitt forsøkt lurte

No vil dei åtvara andre studentar mot å ta imot tilbodet frå hybeltilbydaren i Gamlebyen i Oslo.

– Eg veit om at det i alle fall er 13 kvinnelege studentar og ein mannleg student som har opplevd det same, men det er truleg langt fleire, seier Tessa.

Ho fortel at ingen av dei har høyrt noko frå politiet etter at dei sende rapportar til dei om det som hadde skjedd.

Tessa er sikker på at denne hybeltilbydaren driv og scamar alle dei utanlandske studentane som skal til Oslo på den aktuelle Facebook-sida. Så sender vedkomande ut tilbod om det same rommet til alle saman.

Betalte tilbake i euro

– Når me får pengane tilbake, er det alltid i euro og ikkje i kroner, seier Tessa.

Ho har sjølv sjekka med selskapet som eig bygningen der personen som gjer seg ut for å vera utleigar, leiger ut rom til studentar. Selskapet stadfestar at ikkje berre tilbydaren, men også to andre personar leiger rom der. Alle har austeuropeiske namn. Men dei har ikkje informert eigarselskapet om at dei leiger rommet vidare til andre, står det i ein epost som Tessa har fått frå eigarselskapet Metallco som også er ein del av Lodalen AS.

– Då eg fekk den meldinga, melde eg tilbydaren til politiet. Men dei har ikkje gjort noko så langt, seier ho. 

Ho er ikkje nøgd med tilbakemeldinga ho har fått frå eigarselskapet heller. 

– Eg føler at det er ein del at eit større opplegg, sidan eigarselskapet ikkje har kome meg i møte etter at eg fortalde dei om scaminga av studentar på hybeljakt, fortel ho.

– Blei meldt til politiet for ærekrenking

Samtidig har ho også lagt ut ei åtvaring på den aktuelle Facebook-sida der ho har namngitt personen som gir seg ut for å vera utleigar av hyblar til studentar.

"Hello everyone, I just want to warn others about .... .She has been scamming people by renting out the same room to multiple individuals, repeatedly postponing the move-in date, and suggesting that they rent an Airbnb while promising to reimburse the costs in the meantime. As far as I know, at least four people have been affected, including myself. If you have been in contact with her or transferred money, please contact the police and file a report."

– Vedkomande har bede meg om å fjerna åtvaringa, og har fått romkameratane sine til å gjera det same, men det ville eg ikkje gjera. Derfor melde ho meg til politiet for ærekrenking, fortel ho. 

24 timar seinare blei den likevel tatt ned av administratoren av Facebook-gruppa, opplyser den danske studenten.

Verken Matylda eller Tessa ynskjer at me brukar etternamna deira eller brukar bilete av dei. Uniforum har møtt begge, og kan stadfesta identiteten deira.

Ikkje lov med framleige utan godkjenning

Også Uniforum har vore i kontakt med Catherine Berg Remøy i Lodalen AS og Metallco. Ho stadfestar at det er dei som eig den aktuelle leilegheita i Gamlebyen, men dei vil ikkje levera ut namnet på leigetakaren.

Ei kvinne frå Oslo har framleigd ei leilegheit i dette huset til fleire studentar samtidig. Eigarselskapet Lodalen AS har ikkje fått beskjed om framleiga og har derfor ikkje godkjent den, skriv selskapet til Uniforum. (Foto: Martin Toft) 

«Lodalen AS eier og leier ut leiligheten i Væringkleiva 2b. Vi vil ikke gå inn på hvem vi leier ut til, men kan bekrefte at det ikke er lov med fremleie uten at det på forhånd er godkjent av oss. Dersom vi blir kjent med uregelmessigheter tar vi kontakt med leietaker for å ordne opp i det.», skriv ho i ein e-post til Uniforum. 

Rekneskapen til Metallco, som er ein del av Lodalen AS, viser at selskapet hadde leigeinntekter på 6,8 millionar kroner i 2025. Uniforum har fått rekneskapen frå Brønnøysundregisteret. 

I ein e-post selskapet har sendt til ein av studentane, og som Uniforum har fått lese, stadfestar selskapet derimot at personen som studenten Tessa har meldt til politiet, har leigd rom hos dei saman med to andre personar. Men vedkomande har ikkje gitt beskjed om at dei har forsøkt å driva med framleige til studentar.

Har slutta med å leiga ut rom til studentar

Uniforum har også vore i kontakt med kvinna på telefon fleire gongar.  Me har også hatt ein avtale om å møta henne fysisk. Men den avtalen blei utsett av henne rett før det skulle skje.

No har ho slutta med å prøva å leiga ut rom til studentar, seier ho. Ho bur heller ikkje lenger på den adressa der ho tilbaud studentar å bu, seier ho.

 

 

Emneord: Studentforhold. Studentsaker, kriminalitet Av Martin Toft
Publisert 3. nov. 2026 14:57 - Sist endra 3. nov. 2026 14:57

Logg inn for å kommentere