Benedicte Bull har tru på ein 36 år gammal president: – Chile er superinteressant

– Joe Biden ser ikkje ut til å vilja bruka politisk kapital på å endra USAs Cuba-politikk etter at han overtok som president etter Donald Trump. Det er det aller tristaste med utviklinga i Latin-Amerika i dag, seier professor Benedicte Bull på Senter for utvikling og miljø på UiO. Men for Chile har ho håp.

VANVITTIG: Benedicte Bull er fascinert over innvandrarane frå Midtausten som kom til Latin-Amerika: – Det mest slåande er å sjå kor vanvittig  suksess desse immigrantane har hatt, seier ho. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Då koronarestriksjonane blei innført i Noreg 12. mars 2020 blei det brått umogleg for Latin-Amerika-eksperten Benedicte Bull å reisa til regionen ho er ekspert på. Det var medverkande til at ho no sit med ei eigenforfatta bok i handa.

Latin-Amerika:

Regionen strekkjer seg frå dei spansktalande landa Mexico i nord til Argentina i sør og inkluderer både fransktalande og spansktalande land i Karibia og portugisisk-språklege Brasil

600 millionar personar bur i regionen

Største by: Mexico by, hovudstaden i Mexico, 20 millionar innbyggjarar

Største land: Brasil med 213,3 millionar innbyggjar, og ei flatevidde på  8 515 767 km²

Sivilisasjonar før Columbus: Moche i Peru,  inka i Peru, Ecuador, Bolivia og Colombia,  chibcaene i Colombia og Venezuela, maya i Mellom-Amerika og Mexico og aztekarar i Mexico

Benedicte Bull (f.1969):

Statsvitar og Latin-Amerika-professor ved Senter for utvikling og miljø, UiO

Tidlegare dagleg leiar for Norsk nettverk for Latin-Amerika-forsking, (NorLaNet), ved SUM, UiO

Tildelt UiOs formidlingspris i 2018

Aktuell: Har nyleg gitt ut boka “Latin-Amerika i dag”, Cappelen Damm Akademisk.

(Kjelder: UiO, Wikipedia, Latin-Amerika i dag, Cappelen Damm Akademisk 2021)

– Det begynte med at eg skulle finna ei lettlesen bok om Latin-Amerika på norsk som kunne hjelpa unge i familien som studerte spansk og ville læra meir om regionen.  Eg fann ut at ei slik bok ikkje eksisterte på norsk, så då fann eg ut at eg kunne skriva ei slik bok sjølv, sidan eg likevel ikkje kunna dra til Latin-Amerika, fortel Benedicte Bull til Uniforum  under eit møte på kontoret i Nydalen. 

Og det ynsket fall saman med ambisjonen ho alltid hadde hatt om å skriva om internasjonal politikk på ein litt annan måte.

– Faget internasjonal politikk er svært abstrakt og bevegar seg på eit svært høgt nivå. Når du har møtt folk i Latin-Amerika som driv med politikk, ser du at det er mange andre ting som spelar inn enn dei store geopolitiske spela. Her er det både etniske band til Midtausten og sjølvsagt til europeiske land. Historier og personlege relasjonar spelar ei stor rolle. Dei nye interessene i ein ny global politikk er alltid viktige, men også korleis ein heile tida relaterer seg til gamle band, har ho funne ut. 

Resultatet blei boka “Latin-Amerika i dag” som ho i desse dagar turnerer med på bibliotek og kulturhus i Noreg.

– Superfascinerande band mellom Midtausten og Latin-Amerika

Eit mysterium som ho ville finna svaret på, var kvifor så mange av syrarane, libanesarane og palestinarane frå Midtausten hadde gjort det så bra både innanfor næringslivet og politikken på det latinamerikanske kontinentet.

– Banda mellom Midtausten og Latin-Amerika er superfascinerande,  og det kjem også lite fram elles  kor mange i den latinamerikanske eliten som er av palestinsk, libanesisk eller syrisk opphav.  Det er interessant å sjå skilnaden mellom landa som har ein palestinsk eller ein libanesisk elite.  Det var store grupper som kom på slutten av og etter samanbrotet av Det osmanske riket.  Dei fleste av dei var kristne, nokre kom til Honduras, El Salvador, Guatemala, Brasil, Chile og fleire andre land.  Det mest slåande er å sjå kor vanvittig  suksess desse immigrantane har hatt. Då eg føreslo for forlaget å laga ei liste over ekspresidentar i Latin-Amerika med bakgrunn frå Midtausten, blei den så lang at dei bad meg om å droppa den, smiler ho.  

Benedicte Bull er imponert over korleis dei klarte å oppnå den suksessen.

– Dei hadde ein genial evne til å fylla tomrommet der det ikkje var andre elitar. I Honduras begynte dei med handel og industri fordi den lokale eliten dreiv med kvegdrift, og elles var det amerikanske gruveselskap og bananselskap som dreiv økonomien. I Chile etablerte dei seg i område i Santiago der det ikkje var andre elitar. Slik har dei aldri kome inn og provosert dei som hadde kontrollen, men etablert sin industri og handel, fortel ho. 

– Den palestinske eliten har støtta opp om ein politikk som i større grad har nærma seg Palestina. Der har dei også eit fotballag i eliteserien som heiter Palestino (Palestina). Om det skjer noko med palestinarar i Israel, kjem dei på bana med T-skjorter med kart over Israel frå før sjudagarskrigen i 1967. Libanesarane er meir pragmatiske og meir opptatt av å tena pengar. Og dei latinamerikanske jødane har vore viktige for den politiske utviklinga i ein del av landa. Kommunistpartiet på Cuba blei etablert blant anna av folk frå den jødiske diasporaen,  trekkjer ho fram.

– Latin-Amerika er ignorert frå politisk hald i Noreg

Benedicte Bull meiner også Noreg har neglisjert Latin-Amerika som eit område det kan vera viktig å ha gode økonomiske og politiske forhold til.

– Noreg er eigentleg tungt involvert, spesielt i Brasil, men også andre stader gjennom investeringar, men frå politisk hald har ein ignorert i å vera opptatt av kva som skjer rundt desse investeringane. Det gjeld både den politiske og den sosiale utviklinga. Og det får eg også tilbakemeldingar på frå ambassadørar frå Latin-Amerika som kjem til Noreg. Dei har inntrykk av at Noreg er svært opptatt av Latin-Amerika, og så kjem dei hit og opplever det heilt motsette. Ei stund var det eit breiare internasjonalt samarbeid, men så har det kokt ned til investeringane i Brasil og fredsengasjementet i Colombia og Venezuela, konstaterer ho.

– Me har eit nesten ufortent godt rykte i Latin-Amerika

Dei siste åra har det kome regjeringar til makta i Mexico, Peru, Chile og i Honduras som har ganske progressive program, og som kunne ha vore interessante samarbeidspartnarar for ei norsk regjering. Benedicte Bull meiner det er viktig for Noreg å ha tett kontakt med landa der, uansett kven som sit ved makta. 

– Det går ikkje an å ignorera ein region med over 600 millionar innbyggjarar.  Eg forstår godt at hovudinteressa  for norsk utanrikspolitikk er sikta inn mot nordområda med Europa, Russland og USA. Latin-Amerika er interessant som samarbeidspartnar i ulike globale fora, og nettopp no når me har regjeringar som er litt meir på linje med det me oppfattar som oss sjølve, då.  Me har eit utruleg potensial, for me har eit nesten ufortent godt rykte i Latin-Amerika, tenkjer eg. Me har laga eit bilete av oss sjølv som ein nasjon av likskap, likestilling og respekt for miljø og urfolk. Det kunne me likevel bruka og byggja vidare på og slik spelt ei viktig rolle, om me hadde lagt breisida til og tenkt litt langsiktig. Mange i Utanriksdepartementet er interesserte i det, men dei er alltid i ein kamp om merksemd, og det kjem alltid lengst nede på prioriteringslista,  peikar Benedicte Bull på.

– Dei ser brått at Kina er for nære dei i bakgarden

Andre land som Russland og Kina har prioritert Latin-Amerika høgt, medan USA ei stund også var mindre opptatt av kontinentet sør for Rio Grande.  Kva er grunnen til den utviklinga?

– Dei siste 20 åra har det vore slik, sidan Latin-Amerika verken var eit stort trugsmål eller hadde store økonomiske moglegheiter, men no er det i ferd med å endra seg, på grunn av rivalisering med Kina, har ho registrert. 

– Kina kom først inn som ein handelspartnar, landa i Latin-Amerika eksporterer råvarer og kjøper industrivarer frå Kina. Slik var det frå 2003. Og så midt på 2010-talet utviklar Kina ein langt breiare strategi for Latin-Amerika. Då går det på tryggingsforhold, politisk samarbeid, samarbeid om kultur, og økonomien handlar ikkje berre om handel, men også om investeringar. Dessutan er Kina ein viktig långjevar til Latin-Amerika, fortel ho.  

 

OM NOREG OG LATIN-AMERIKA: – Me har laga eit bilete av oss sjølv som ein nasjon av likskap, likestilling og respekt for miljø og urfolk. Det kunne me likevel bruka og byggja vidare på og slik spelt ei viktig rolle, om me hadde lagt breisida til og tenkt litt langsiktig, meiner professor Benecite Bull ved Senter for utvikling og miljø på UiO. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– I byrjinga såg USA mellom fingrane på Kinas inntog, seier Bull, som forklarar korleis det heng saman.

– Det var mest fordi dei var opptatt av andre ting. Og så tenkte dei at om Kina investerer i infrastruktur i Latin-Amerika, så vil det også koma oss til gode. Men midt under Trump-administrasjonen skjer det noko.  Dei ser at Kina brått er for nære dei i bakgarden. Så prøver Trump  å skvisa ut Kina frå finans i Latin-Amerika. Han prøvde å pressa små og Kina-avhengige land til å kutta banda til Kina, og overtok nokre multilaterale institusjonar, og forsøkte å føra ei litt hardare linje, seier ho.

Bull har notert seg at dagens amerikanske president har endra litt på det.

– Under Biden har USA byrja å tilby gulerøter og ikkje berre pisk, som til dømes økonomiske sanksjonar. Til ei viss grad har USA vendt seg tilbake til Latin-Amerika, men berre til ein viss grad. Sanksjonar er framleis eit av dei viktigaste utanrikspolitiske verktøya, og både Venezuela- og Cuba-politikken og immigrasjonsproblematikken er sterkt knytt til intern politikk i USA, og det er vanskeleg å gjera noko med det.  

– Men kva rolle spelar Russland i Latin-Amerika i dag?

– Russland sel våpen, investerer i olje og brukar Latin-Amerika i eit strategisk spel overfor USA. Men dei brukar også mjuk makt for å gjera Latin-Amerika til allierte i kampen for ein mindre USA-dominert verdsorden. Til dømes kan ein sjå  russiske Russia Today på spansk i Latin-Amerika, og den gjev ei alternativ nyhendedekning til andre kanalar.

– Ofrar raskt Cuba og Venezuela for nasjonale val

– Og når det gjeld Cuba, har det heller ikkje skjedd store endringar?

– Cuba er det aller tristaste, synest eg. I høve til Venezuela har Biden prøvd å spela ei litt meir konstruktiv rolle enn Trump, sjølv om han ikkje har gjort noko særleg med sanksjonane.  I høve til Cuba rulla Trump tilbake Obamas Cuba-politikk, og det har Biden gjort lite med. Og det ser ikkje ut som om Biden har tenkt å bruka noko politisk kapital på å gjera det heller. Når det gjeld migrasjon, særleg frå Mellom-Amerika har ein tatt nokre initiativ for å hjelpa til på situasjonen. Men presidentar i USA tenkjer på nasjonale val, mellomval og Florida, og då blir Cuba og Venezuela raskt ofra.

– Chile er superinteressant

Benedicte Bull ser også lys i andre enden av tunnelen, også i Latin-Amerika.  Nyleg vann 36 år gamle Gabriel Boric presidentvalet i Chile med ein allianse frå yttarste venstre til sosialdemokratane.

– Chile er superinteressant. Framleis er det slik at me må halda pusten litt igjen. For landet var jo verkeleg ute å kjøra for to år sidan med enorme, fredelege demonstrasjonar, men også med valdsbruk frå organiserte vandalar og politiet. Folk støtta demonstrasjonane, men etter kvart blei det ein slags trøttleik av øydeleggingar, som verka svært lite konstruktive.  Gabriel Boric var ein av dei som sikra at det politiske opprøret blei kanalisert inn i eit konstruktivt spor gjennom ein avtale i november 2019, om ein prosess om å laga ei ny grunnlov, fortel ho.

Benedicte Bull viser til korleis avtalen blei avvist av mange i Boric sitt eige parti, men at han heile vegen stod for ei dialoglinje.

– Han har vore ei moderat stemme for den radikale venstresida i Chile. Han har no klart å utnemna ei regjering der han balanserer den radikale venstresida med meir moderate, og ein solid finansminister, som har tillit i alle leirar. Og om ein klarer å få til ei endring i Chile utan å kasta babyen – som er politisk og økonomisk stabilitet - ut med badevatnet, vil det vera eit godt døme for veldig mange framover, trur ho.

– Også utanlandske aktørar må ta ansvar

Og Benedicte Bull spår at også i tida framover mot berekraftsamfunnet vil det vera stor etterspurnad etter råvarer frå Latin-Amerika. 

– Regionen har over halvparten av verdas litium og koparreservar,  og mange andre mineral og ressursar som vil vera heilt sentrale i ei omstilling til fornybar energi. Det vil truleg føra til endå meir press på naturressursane i Latin-Amerika. Det blir heilt sentralt korleis landa sjølve vert einige om ei berekraftig utnytting av ressursane, men også utanlandske aktørar må ta ansvar, understrekar ho.

 Så drar ho fram historia om korleis Equinor har praktisert dette ansvaret.  

– Equinors nylege investeringar i utvinning av skiferolje, også kalla for “fracking” i Argentina er ikkje eit slikt døme. Det kan vera både ei miljøbombe og gjera Noregs omdømme meir omdiskutert, tykkjer ho.  

• Les meir om Latin-Amerika og Benedicte Bull i Uniforum: 

Benedicte Bull lager pandemipodd ved stuebordet

Norsk Latin-Amerika-forskingsnettverk kan bli lagt ned

Gir plass til Latin-Amerika

Overraska over at Henry Kissinger er invitert til UiO

UiO får nettverk for Latin-Amerikaforsking

 

 

 

 

Emneord: Latin-Amerika, SUM, Politikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 31. jan. 2022 17:22 - Sist endra 31. jan. 2022 17:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere