Norsk Latin-Amerika-forskingsnettverk kan bli lagt ned
Norsk Latin-Amerika-forskingsnettverk (NorLARNet), som har hovudbase på Senter for utvikling og miljø ved UiO kan bli lagt ned etter nyttår på grunn av manglande økonomisk støtte frå staten.

SPLEISELAG: – Me vil invitera alle universitet og høgskular med Latin-Amerika i fagporteføljen til å bidra til eit spleiselag der dei ligg inn mellom 150 000 og 200 000 kroner kvar. Det trur professor og dagleg leiar Benedicte Bull må til for å redda Norsk Latin-Amerika-forskingsnettverk frå å gå dukken.
Rundt to millionar kroner har det kosta staten årleg å finansiera NorLARNet sidan det blei starta opp i 2008. Mellom 2018 og 2017 blei nettverket finansiert av Forskingsrådets Latin-Amerika-program, seinare av Latin-Amerika-seksjonen til Utanriksdepartementet.
Dette er Norsk Latin-Amerika-forskingsnettverk (NorLARNet):
- eit tverrfagleg nettverk av institusjonar og enkeltpersonar som er engasjert i forsking som har å gjera med Latin-Amerika.
- nettverket skal tilby forskarar og ekspertar frå heile Noreg ein arena for samhandling og samarbeid, og for å bli den sentrale inngangsporten for alle på jakt etter akademisk kunnskap om Latin-Amerika i Noreg.
- gir kvar veke ut eit nyhendebrev på spansk og engelsk om arrangement og konferansar om Latin-Amerika og presseoppslag om Latin-Amerika i norske media
- NorLARNet blei starta opp i 2008, og blei fram til 2017 finansiert av Latin-Amerikaprogrammet til Forskingsrådet. Det siste året er det finansiert av Latin-Amerikaseksjonen til Utanriksdepartementet.
-frå 2018 kan nettverket blir lagt ned på grunn av manglande finansiering
(Kjelder: NorLarNet, Uniforum og Benedicte Bull)
Pengane går til lønn til ein informasjonskoordinator, deler av lønna til dagleg leiar Benedicte Bull og utgifter til arrangement og seminar. No er det ikkje lenger mogleg å bli finansiert frå Utanriksdepartementet , og derfor blei nettverksleiar og professor Benedicte Bull oppfordra til å senda inn ein søknad til forskingsprogrammet NorGlobal der det blir lagt stor vekt på berekraftsmåla til FN.
• Les i Uniforum:
UiO får nettverk for Latin-Amerikaforsking
Slo i gang Latin-Amerika-nettverk
Fekk avslag om støtte frå Forskingsrådet
– Me la inn internasjonale kontaktar som Latin-Amerikainstitutta ved universiteta i Stockholm og Amsterdam, og institusjonar i mellom anna Argentina og Colombia. i tillegg la me til nasjonale samarbeidspartnarar som Universitetet i Bergen, OsloMet og NMBU på Ås. Me fekk dessverre avslag på søknaden om støtte blant anna fordi Latin-Amerika ikkje er eit prioritert område . Utanriksdepartementet svarar at dei heller ikkje kan støtta oss. Om me ikkje får økonomisk støtte, vil det seia at informasjonskoordinatorstillinga, som er den einaste faste stillinga nettverket har, må leggjast ned. Som professor ved UiO får eg lønna mi uansett, så slik sett vil det ikkje gå utover meg personleg, fortel Benedicte Bull.
– Er blitt ein institusjon nasjonalt og internasjonalt
Ho synest likevel det er synd at alle aktivitetane og den daglege informasjonsformidlinga skal bli lagde ned. – NorLARNet er blitt ein institusjon både i forskingsmiljøet her heime og internasjonalt. Latin-Amerika og hos alle andre samarbeidspartnarar er det informasjonskoordinatoren som er deira kontaktperson. Han er limet i nettverket. Om han blir borte, vil nettverket forsvinna, meiner ho.
Inviterer norske universitet til spleiselag
Etter å ha fått avslag på pengestøtte frå Forskingsrådet, ser ho berre ei løysing på korleis NorLARNet kan halda fram. – Me vil invitera alle universitet og høgskular med Latin-Amerika i fagporteføljen til å bidra til eit spleiselag der dei legg inn mellom 150 000 og 200 000 kroner kvar. Det vil vera nok til å redda stillinga som informasjonskoordinator, så kan eg heller via meg endå meir til forsking. Det faglege ansvaret eg har hatt, kan overførast til styret, føreslår ho.
Arbeider for å realisera nordisk Latin-Amerikainstitutt
Nettverksleiar Benedicte Bull tykkjer dette er svært trist sidan nettverket har spela ei viktig rolle både i nasjonalt og nordisk samarbeid. – På 1960-talet blei nordiske Asia- og Afrika-institutt etablerte, men det blei aldri noko Latin-Amerikainstitutt. Saman med universiteta i Stockholm og Helsinki jobbar me no med å få på plass eit nordisk Latin-Amerika-institutt. NorLARNet har vore ein viktig pådrivar, fortel Benedicte Bull. Sjølv blei ho tildelt UiOs formidlingspris for 2018. I svaret på søknaden til Forskingsrådets program NorGlobal om fornya støtte, fekk ho likevel kritikk for det det blei «for mykje kringkasting».
– Det er synd
Benedicte Bull meiner derimot at nettverket har sett Latin-Amerika på kartet i Noreg, og norsk Latin-Amerika-forsking på verdskartet. Mange mindre forskingsmiljø på Latin-Amerika vil få mindre merksemd utan dette nettverket.
– Me har finansiert forskarinitierte arbeidsverkstader både i Bodø, Kristiansand, Stavanger og i Bergen. Det er synd om alt dette arbeidet skal smuldra bort, synest Benedicte Bull. Ho peikar på at alle masterstudentar ved Latin-Amerika-studium i Noreg og Norden har deltatt på konferansar i regi av NorLARNet.
– Det er synd om alt dette gode arbeidet skulle gå tapt, berre fordi staten ikkje har råd til å gi oss to millionar kroner, tykkjer Benedicte Bull.
UiO overlet ballen til fakulteta og sentra
Uniforum har også vore i kontakt med UiO sentralt for å høyra om dei vil yta noka pengestøtte til nettverket.
UiO oppgir til Uniforum at dei ikkje har mottatt nokon førespurnad om støtte til NorLARNet. Dersom det kjem ein slik søknad vil den drøftast med dei fakulteta og sentra ved UiO som er involverte i nettverket, vert det peika på. Finansiering av denne typen aktivitetar blir normalt gjort av dei involverte einingane, som best kan vurdera relevans og prioritera utifrå behova sine, får Uniforum opplyst av UiO sentralt.
OsloMet-rektor skreiv under på opprop
Rektor Curt Rice ved OsloMet har eit svært godt inntrykk av arbeidet som Norsk Latin-Amerika-forskingsnettverk gjer.
– Eg blei måndag beden om å skrive under på eit opprop retta mot løyvande styresmakter der dei vert oppfordra til å videreføra finansiering av dette nettverket. Det var noko eg gjorde med glede, gitt ferske minner frå den konferansen som OsloMet var vertskap for for kort tid sidan. Det er heilt klart at dette nettverket har mykje å seia for alle deltakarane, og det er viktig at det blir ført vidare. Eg meiner at krava i oppropet er den beste tilnærminga til vidare finansiering av nettverket, er svaret OsloMet-rektor Curt Rice gir Uniforum.
Nådde ikkje opp i konkurransen
Uniforum har også vore i kontakt med Forskingsrådet for å få ei grunngjeving for kvifor Norsk Latin-Amerika-forskingsnettverk ikkje nådde opp i konkurransen om å få pengestøtte frå forskingsprogrammet NordGlobal. Avdelingsdirektør for global utvikling, Bjørn Tore Kjellemo svarar at NorLARNet denne gongen ikkje nådd opp.
SUM har levert inn klage
- NorLARNet har fått nettverksstøtte frå Forskingsrådet gjennom Latin-Amerikaprogrammet i 10 år. Det er Latin-Amerikaprogrammet som har blitt finansiert av Latin-Amerikaseksjonen i Utenriksdepartementet i 10 år, ikkje senteret.
- Latin-Amerikaprogrammet var eit breitt forskingsprogram som har finansiert 69 prosjekt av ulike typar (forskarprosjekt, personlege PhD/post doc stipend, forprosjekt og prosjektetableringsstøtte) til om lag175 millionar kroner. NorLARNet har vore ett av prosjekta i denne porteføljen.
- NorLARNet sende inn søknad i 2008 og oppnådde finansiering i konkurranse med andre, første periode med finansiering var frå 2008 til 2011. Finansieringa blei gitt for 3 år, føresett ei tilfredsstillande evaluering av nettverket etter 3 år.
- Nettverket blei evaluert i 2011 og forlenga til 2014. I 2014, etter ei sjølvevaluering fekk NorLARNet finansiering i 3 år til. Latin-Amerikaprogrammet blei offisielt avslutta i 2018 og har ingen fleire utlysingar eller disponible midlar. (Kjelde: Forskingsrådet)
I forskingsprogrammet NorGlobal har fylgjande tre forskarnettverk fått økonomisk støtte, eitt av dei, Asianettverket tilhøyrer også Senter for utvikling og miljø ved UiO:
Norwegian Centre for Humanitarian Studies: Research network on humanitarian efforts | Prio | Maria Jumbert Gabrielsen |
Effectiveness of Peace Operations Network | NUPI | Cedric de Coning, |
Norwegian Network for Asian Studies/Asianettverket (Kjelde: Forskingsrådet) Les også om enkeltforskarar som har fått støtte frå NorGlobal. |
UiO/SUM | Arve Hansen |
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere