Universitetsstyret skal tilsetja ny forskings- og innovasjonsdirektør

Dei økonomiske rammene for rehabiliteringa av Eilert Sundts hus og tilsetjing av ny direktør for Avdeling for forskings- og innovasjonsadministrasjon er to av sakene Universitetsstyret skal behandla onsdag 8. september.

Ein mann peikar på ei tavle

ANDRE PERIODE: Svein Stølen leier det første styremøtet i sin andre periode som rektor onsdag 8. september. Heile Universitetsstyret møter allereie i dag på eit seminar som varer fram til det ordinære styremøtet startar klokka 14.30 i morgon. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I dag kjem det nye Universitetsstyret på UiO saman for første gong. Tre av styremedlemane inkludert rektor Svein Stølen er med frå det gamle styret. Alle dei andre er nye. Samlinga varer frå og med tysdag morgon  til onsdag ettermiddag, og mesteparten av samlinga er eit seminar. Denne gongen er styret også samla fysisk for første gong sidan 10. mars 2020. Styresakene kjem først på programmet onsdag 8. september kl. 14.30, og behandlinga av sakene held på fram til klokka 16.00.

18 søkjarar til toppdirektørjobb

Både tilsettinga av ny forskings- og innovasjonsdirektør og dei økonomiske rammene for rehabiliteringa av Eilert Sundts hus blir behandla bak stengde dører. Den som blir tilsett som forskings- og innovasjonsdirektør skal overta stillinga etter Kristel Marie Jæger Skorge som i januar blei tilsett som ny direktør for Kunsthøgskulen i Oslo. Uniforum har fått tilgang til søkjarlista, og den viser at Ingrid Sogner som i dag er fungerande avdelingsdirektør for forsking og innovasjon, er mellom søkjarane

Også Johannes Elgvin som no leier seksjon for forsking og kommunikasjon på Det samfunnsvitskaplege fakultetet, har søkt stillinga. Det har også seniorrådgjevar Gunnar Dick, prosjektkoordinator for fagleg utvikling av Livsvitskapsbygget i universitetsdirektørens stab, gjort.

Dessutan er tidlegare leiar for Studentparlamentet og noverande avdelingsdirektør i Klima- og miljødepartementet Torstein Lindstad mellom dei til saman 18 søkjarane til jobben. To av søkjarane, ei kvinne og ein mann, har ikkje fått namna sine offentleggjorde. 

Vil gi adgang til utsett sensurfrist

Den einaste vedtakssaka som går for opne dører handlar om adgang til utsett sensurfrist ved heilagdagar i sensurperioden. Universitetsstyret blir bede om å vedta eit forslag om utsett sensurfrist ved heilagdagar som kjem på ulike datoar frå år til år, og offentlege høgtidsdagar.

Universitetsstyret skal også diskutera moglege møtedatoar for hausten 2021 og våren 2022.

Det korte styremøtet i Universitetsstyret vert ikkje strøymd denne gongen.  

Dette er saklista for møtet i Universitetsstyret:

Tid og sted: 8. sep. 2021 14:30–16:00, Voksenåsen

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


V-SAK 2 Direktør for Avdeling for forsknings- og innovasjonsadministrasjon 

Saksnr. 2021/4465

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 25


V-SAK 3 Økonomiske rammer for rehabilitering av Eilert Sundts hus B

Saksnr.

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 23


Saker til behandling i åpent møte møte

Ordinære saker


V-SAK 4 Adgang til utsatt sensurfrist ved helligdager i sensurperioden

Sak nr.: 2017/9957

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar forslaget til midlertidig forskrift om utsatt sensurfrist ved bevegelige helligdager og offentlige høytidsdager.

Saksdokumenter:


Diskusjonssaker


D-SAK 1 Datoer for møter i universitetsstyret høsten 2021 og våren 2022

Saksnr. 

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 2 Eventuelt 


Ordinære saker


V-SAK 5 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


 

Protokoll

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Tilsetjing, Bygninger Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2021 04:30 - Sist endra 7. sep. 2021 09:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere