UiO-forskar viser korleis universiteta kan ta kontrollen over forskingspubliseringa

I dag er det dei store vitskapsforlaga som har universell kontroll med all vitskapleg publisering og tar seg godt betalt frå universiteta for monopolsituasjonen dei har. UiO-postdoktor Pawel Borowicz​ føreslår ein ny modell som let universiteta ta tilbake makta over publiseringa frå eigne forskarar.

Ein mann står i eit laboratorium

NY PUBLISERINGSMODELL: – Fagfelle-vurderinga vil ikkje bli forandra, og den vil vera like streng som universitetet vil at den skal vera, forklarar postdoktor Pawel Borowicz på UiO. 

Foto: Privat

Dei store vitskaplege tidsskriftsforlaga Elsevier, Wiley, Springer og Taylor and Francis og Frontier har klart å samla nesten all verdas vitskapleg publisering av forskingsfunn i sine eigne tidsskrift. Det håvar dei inn store pengar på, samtidig som eigarane deira blir endå rikare. Dei som betalar er offentlege universitet betalte av skattebetalarane i dei landa der universiteta ligg. 

Vitskapleg publisering:

Alle forskarar må publisera i vitskaplege tidsskrift for å gjera funna sine kjende.

Som regel må artiklane gjennom ei fagfellevurdering før dei blir publiserte.

Dei mest prestisjetunge tidsskrifta er eigde av store kommersielle vitskapsforlag.

I 2017 hadde dei ein samla verdi på 186 milliardar kroner.

I Plan X føreslår Pawel Borowicz at om universiteta tar kontrollen tilbake, vil dei få 55,44 milliardar til disposisjon som dei kan bruka på forsking.

- Han føreslår at universiteta etablerer eigne publiseringsavdelingar som publiserer forskingsartiklar frå eigne forskarar.

- Forskingsråda i Europa har etablert Plan S for å sikra open tilgang av forskingsartiklar for alle. Dei har inngått avtalar med dei fleste kommersielle forlaga.

(Kjelder: Uniforum, the International Association of Scientific, Technical, and Medical Publishers, Wikipedia og Pawel Borowicz)

Vitskapstidsskriftet Science er eit unntak, og blir derimot utgitt av ein amerikansk forskingsorganisasjon som ikkje er basert på profitt, American Association for the Advancement of Science (AAAS). Den baserer seg på medlemskap og tilknytingar med 262 akademi og vitskapsorganisasjonar.

Dei kommersielle forlaga får betalt tre gonger, først må universitetet betala lønna til forskaren.Så må forskaren betala for å få publisera i tidsskriftet. Til slutt må universitetet betala for å kunna abonnera på tidsskriftet der forskaren har betalt for å kunna publisera, medan universitetet har betalt lønna til forskaren og indirekte kostnadene forskaren har hatt for å kunna publisera i tidsskriftet.

Forskingsråda i Europa laga Plan S

Forskingsråda i EU og i EØS har fellesskap kome med ein annan modell enn den gamle. Plan S går ut på at alle vitskaplege artiklar må vera tilgjengelege for alle på nettet. Samtidig inngår dei avtalar med dei store tidsskriftsforlaga, men universiteta må framleis betala ein høg pris kvar gong ein av deira forskarar får publisert ein vitskapleg artikkel der.

Vil gi kontrollen tilbake til universiteta

Postdoktor Pawel Borowicz​ ved Institutt for basalmedisin, UiO meiner at dette no har gått altfor langt. I ein artikkel i det opne elektroniske bloggtidsskriftet PLOS/Blogs  (Public Library of Science/Blogs) tar han til orde for å innføra eit heilt nytt system for vitskapleg publisering. Det vil lata universiteta sjølve få tilbake kontrollen over dei vitskaplege funna forskarane gjer.  Der grunngjev han forslaget sitt med den store fortenesta dei store tidsskriftforlaga sit igjen med. På sin eigen blogg utdjupar han innhaldet i artikkelen endå grundigare. Etter utrekningar frå “the International Association of Scientific, Technical, and Medical Publishers hadde dei store forlaga ein samla verdi på 25,7 milliardar dollar (185 milliardar kroner) i 2017. Han har rekna ut at  universiteta ville ha tent inn 7,7 milliardar dollar (55,4 milliardar kroner) om dei ikkje hadde betalt desse tidsskriftsforlaga for at dei skulle publisera artiklane til deira eigne forskarar.

– Dei pengane dei ville ha spart, kunne ha gått rett til forsking, meiner Pawel Borowicz.

Lanserer Plan X

No lanserer han Plan X  i artikkelen Alternate Publishing Model? (PLOS/Blogs ) som er ein modell for korleis dei vitskaplege artiklane kan bli publiserte av universiteta sjølve, gjennom sine eigne publiseringsavdelingar.  I eit intervju med Uniforum utdjupar han korleis han har tenkt at universiteta kan ta tilbake publiseringsmakta.

– Fagfellevurderinga vil ikkje bli forandra, og den vil vera like streng som universitetet vil at den skal vera. Det vil bli mogleg å få full tilgang til forskingsartiklane og vidareutviklinga av dei. Omdømmefaktoren (Impact factor) vil straks kunna omtale konkurransekrafta til universitetet, forklarar han i artikkelen.

Samanliknar dagens ordning med eit føydalsystem

Etter hans meining vil ei ordning der forskarane publiserer vitskaplege artiklar gjennom universitetet si eiga publiseringsavdeling, fjerna presset dei har for heile tida å publisera i vitskaplege tidsskrift som har godt ord på seg.

– Du kan tenkja deg eit føydalsystem der bøndene er subsidierte av staten for å produsera avlingar. Så sender dei avlingane og arbeidskostnadane sine over til ein avlingsbank. Så gir banken avlingane tilbake til staten og samfunnet. Så staten må betala på nytt for avlingane til avlingsbanken. Og det er det same systemet som blir brukt for vitskapleg publisering. Først betalar staten lønn til forskarane som skriv vitskaplege artiklar som mot betaling blir publiserte i forskingstidsskrift. Så må staten betala for eit abonnement til forlaget for desse tidsskrifta for å få tilgang til den vitskaplege artikkelen den sjølv har finansiert. Staten betalar eigentleg to gonger for den same artikkelen, trekkjer han fram.

Pawel Borowicz hadde tru på at overgangen frå trykte publikasjonar til ope tilgjengelege tidsskrift på nettet, ville endra makta til tidsskriftsforlaga. 

– Det har ikkje vore tilfellet. I staden for at biblioteka må betala for abonnementa, krev forlaga no inn pengar direkte frå universiteta for at forskarane deira skal få publisera der. Dei betalar altså ei publiseringsavgift, i staden for ei tilgangsavgift, konstaterer han.

TILKNYTINGA: – Kvar førsteforfattaren kjem ifrå vil bestemma tilknytinga til artikkelen. Og det er også viktig kvar seniorforfattaren kjem ifrå, forklarar postdoktor Pawel Borowicz om den nye modellen for vitskapleg publisering som han har føreslått. (Foto:Privat) 

-Vil fjerna dei kommersielle forlagsaktørane

Så kjem han nærare inn på det forslaget han sjølv no lanserer.

– Det går ut på å fjerna dei kommersielle forlagsaktørane frå vitskapleg publisering. Så kan bøndene sjølve, altså universiteta og forskarane, sjølve overta ansvaret for avlingsbanken, eller i dette tilfellet forlaga som gir ut dei vitskaplege artiklane. På den måten vil systemet bli både enklare og meir gjennomsiktig, er han overtydd om.

– Men vil ikkje det føra at det blir vanskeleg å få lese vitskaplege artiklar av forskarar frå ulike universitet i den same vitskaplege publikasjonen?

– Det skal me også ta med oss i vurderinga av forenklinga i Plan X. Først og fremst vil systemet gjera universiteta til dei viktigaste publiseringsaktørane. Fordelen er at dei vil få full råderett over forskingsfunna i dei vitskaplege artiklane og eiga dei tidsskrifta dei er publiserte i. Det er det same som me kjempar for når me vil fremja open tilgang til vitskapleg publisering.  Dei vil ikkje ta seg betalt for tilgangen, for den vil vera open for alle, understrekar han.

– Med ei klar tilknyting til institusjonen

Pawel Borowicz ser dette som ein stor fordel for universiteta også på andre måtar.

– Forskarane vil bli nøydde til å publisera dei vitskaplege artiklane sine med ei klar tilknyting til institusjonen der dei er tilsette. Dei vil ikkje lenger kunne velja kvar dei skal publisera artikkelen, men må måtta gjera det gjennom arbeidsgjevaren, altså universitetet der dei er tilsette, slår han fast.

Pawel Borowicz har ingen tru på at dette kan føra til problem med å ha med seg fleire forskarar frå ulike institusjonar på ein vitskapleg artikkel. 

– Kvar førsteforfattaren kjem ifrå vil bestemma tilknytinga til artikkelen. Og det er også viktig kvar seniorforfattaren kjem ifrå.  Det er også mogleg å leggja tilknytinga til den institusjonen som har flest forfattarar med på artikkelen, føreslår han.

– Korleis har reaksjonen frå fagfellane dine vore så langt?

– Det er eit tøft spørsmål. Eg har vore på heimekontor under pandemien, så eg har ikkje fått tid til å snakka med andre fagfellar om dette. Nokre har fått sett nokre kopiar av artikkelen min, men så langt har det ikkje kome noko særleg med reaksjonar. Eg har fått høve til å presentera forslaget mitt i mindre fora, fortel han. 

Så oppfordrar han alle som vil til å koma med forslag til betringar av den publiseringsmodellen han føreslår. 

– Ja, derfor tar eg kontakt med universitetsaviser og andre publikasjonar knytte til universitet for å skapa merksemd rundt dette. Eg håpar mange vil ta kontakt med meg.

– Ganske skeptiske i utgangspunktet

– Og haldninga frå dei etablerte vitskaplege tilsette på UiO?

– Du veit korleis nordmenn er – ganske skeptiske i utgangspunktet. Dei vil heller snakka om temaet enn å gjera noko med det. Dei seier til meg at det er ein god idé, men den må diskuterast grundigare. Om det blir realisert, kan det bli gjennomgripande, er Pawel Borowicz heilt viss på.

– Flott at forskarar tenkjer på moglege nye løysingar

Uniforum har også tatt kontakt med Torkel Brekke. Han leia arbeidsgruppa som kom med forslag til nasjonale retningslinjer for vitskapleg publisering i 2016. Brekke er professor i kulturelt og religiøst mangfald ved OsloMet og  professor på Senter for ekstremismeforsking ved UiO. Han har lese gjennom artikkelen til Pawel Borowicz, og tykkjer det er fint at han legg fram ein ny modell for publisering.

 – Det er flott at forskarar tenkjer på moglege nye løysingar på problema som finst i dagens vitskaplege publiseringssystem. Eg er einig i hovudlinjene i diagnosen som vert stilt her, uttalar han i ein epost til Uniforum.  

 

INTERESSANTE: – Eg meiner altså det er ein del spørsmål utan svar her førebels, men synest fleire av tankene som vert fremja er interessante, seier Torkel Brekke. (Arkivfoto: Martin Toft)

Torkel Brekke trur likevel det kan oppstå problem, også med ein slik modell.

– Eg er likevel usikker på kva konsekvensar det vil ha viss universitet får ansvaret for all publisering og tilsette forskarar er nøydde til å publisera hos  heimeinstitusjonen sin. Kva viss ein forskar er tilsett ved ein institusjon som ikkje maktar oppgåva si? Skal vedkomande nektast å publisera? Kva med forskarar som ikkje er tilsette, men som likevel har god forsking dei vil publisera? spør han.  

– Så vidt eg veit ikkje noko nytt

Torkel Brekke peikar på at forslaget om å flytta omdømmefaktoren frå tidsskrift til universitet truleg ikkje er ein ny idé.

– Det å flytta impact factor frå tidsskrift til universitet er så vidt eg veit ikkje noko nytt. Fleire indeksar brukar like eller liknande målingar for å rangera universitet i dag. Det kan høyrast ut som dette berre blir endå ein indeks som skal rangera institusjonar, konstaterer han.

Men Torkel Brekke stiller seg open for tankane til Pawel Borowicz.

– Eg meiner altså det er ein del spørsmål utan svar her førebels, men synest fleire av tankene som vert fremja er interessante, seier Torkel Brekke til Uniforum.

Emneord: Publisering, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. juni 2021 11:49 - Sist endra 15. juni 2021 12:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere