Linda Eide og Gunnstein Akselberg får Christieprisen frå UiB

– Vi har lagt så mykje sjel, hovud og hjarte i språksjovet vårt, så no er vi berre veldig stolte og glade, seier Linda Eide og Gunnstein Akselberg etter at det i dag blei kjent at UiB har tildelt dei Christieprisen for 2021.

Ei kvinne og ein mann sit i kvar sin stol og samtalar om språk

SPRÅKSJOVET PÅ UiO: I mars i fjor var Eides språksjov med Linda Eide og Gunnstein Akselberg på gjestevisitt på Scene HumSam på UiO. I dag vert dei heidra med Christieprisen av Universitetet i Bergen. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

– Kven skulle tru at alt frå sterke verb til akronym og eponym kunne vere underhaldande? Gunnstein og eg oppdaga saman at det gjekk an å både opplyse og underhalde om språk på same tid. Vi er veldig stolte over at nokon vil verdsetje arbeidet vårt med ein slik gjev pris.  

Det seier journalisten, programleiaren og forfattaren Linda Eide. I dag tek ho imot Christieprisen saman med makkeren og språkforskaren Gunnstein Akselberg, som er professor emeritus i nordisk språk ved Universitetet i Bergen, melder UiB i ei pressemelding. 

Christieprisen:

  • Under den årlege Christiekonferansen deler Universitetet i Bergen ut Christieprisen.
  • Prisen går til ein person eller ei verksemd som har bidratt til god samhandling mellom forsking, utdanning og omverda. 
  • Gjennom arbeidet sitt skal dei ha vore med på å fremje universitetet si rolle i samfunnsutviklinga.
  • Prismottakarane kan vere enkeltpersonar, grupper, institusjonar, verksemder eller organisasjonar innan forsking, kultur-, nærings- og samfunnsliv.

Vinnarar:

2021 - Linda Eide og Gunnstein Akselberg
2020 - Avlyst pga koronapandemien
2019 - Jan Einar Greve
2018 - Dan Olweus

(Kjelde: UiB)

Formidle fag med glede

Christieprisen vert delt ut kvart år til personar som gjennom arbeidet sitt byggjer bru mellom akademia og verda utanfor, og det kan ein trygt seie at dei to har gjort. Først trakk dei fulle hus på Litteraturhuset i Bergen gjennom den populære møteserien «Ut med språket!». No har dei gjennom åtte sesongar med «Eides språksjov» snakka om språk og språkbruk, og ord og uttrykk i beste sendetid på NRK. 

–Vi er glade i å snakke om språk, og så viser det seg at dei som ser på også blir glade! Eg trur stikkordet er å formidle fag med glede, seier Akselberg. 

Jubel frå juryen

I nominasjonen som låg til grunn for juryen sitt val, står det mellom anna dette:

«Eide og Akselberg har bevist at språk er spennende og interessant nok til at det fortjener et stort publikum. De har vist at folk som har stor lidenskap for språk, kan lage god underholdning som treffer bredt og som går inn i en norsk virkelighet. De har klart å lage noe som nordmenn kan identifisere seg med, i en form vi ikke har sett på TV før.

Eide og Akselberg har en begeistring og entusiasme som smitter. Eide leder programmet i karakteristisk stil, med humor og kløkt, mens Akselberg briljerer i rollen som stødig pedagog.»

Emneord: Språk, Prisar
Publisert 27. apr. 2021 12:27 - Sist endra 27. apr. 2021 12:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere