Teologidekanen gir frå seg forskingstermin til prodekanane

Teologidekan Aud Valborg Tønnessen vil gi frå seg delar av forskingsterminen sin til prodekanane sine. Men dei skal frikjøpast meir enn i dag. Forslaget kjem opp i fakultetsstyret i formiddag.

Ei kvinne med briller sit ved eit bord

KUTTAR I FORSKINGSTERMIN: – Me har hatt ei svært raus ordning, som me meiner ikkje er berekraftig over tid med tanke på behova som finst innanfor forsking og undervisning på TF, seier dekan Aud Valborg Tønnessen. I dag kan fakultetsstyret vedta å redusera forskingsterminen til avgåtte dekanar. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Teologidekan Aud Valborg Tønnessen lever opp til det kristne prinsippet om å dela goda med andre. No ynskjer ho å redusera den lange tida med forskingstermin ho vil ha opparbeidd seg etter to periodar som dekan og dela meir av den med prodekanane sine. Men det er truleg ikkje berre for å vera snill. For i grunngjevinga for å endra utteljinga vert det vist til at det kostar dyrt å henta inn undervisningskrefter, medan dekanen er ute i forskingstermin.

– Ikkje berekraftig over tid

Med det nye forslaget til utteljing, vil Det teologiske fakultetet spara inn pengar. Det legg ikkje dekan Aud Valbord Tønnessen skjul på:

– Me har hatt ei svært raus ordning, som me meiner ikkje er berekraftig over tid med tanke på behova som finst innanfor forsking og undervisning på TF. Slik det har vore, har dekanen både opptent forskingstermin på ordinært vis og fått eitt år i tillegg. For ein som sit i to periodar vil ein då ha opparbeidd seg rett til forskingstermin svarande til 3,3 årsverk. Det er svært mykje ressursar å avsjå for TF, opplyser ho til Uniforum i ein epost.

– Vil spara inn over eitt årsverk

Oppskrifta for å spara inn desse pengane, vil gå utover fordelane dekanen har hatt til no.

– Gjennom å redusera forskingsterminen til dekanen vil me spare inn over eitt årsverk. Samtidig vil ordninga framleis vera god og gi høve til å re-etablera seg innan forsking etter endt tid som dekan, anten det er etter éin periode eller to, understrekar Aud Valborg Tønnessen.

Dagens ordning gir teologidekanen rett til eitt år med forskingstermin etter ein periode. I tillegg vert det tent opp 8 månader med ordinær forskingstermin. Det vil seia at ein teologidekan dermed får rett til 20 månader med forskingstermin etter éin periode. For dagens dekan, Aud Valborg Tønnessen, som no er inne i sin andre periode, vil det føra til at ho får opparbeidd seg ein forskingstermin på til saman 40 månader, eller altså 3 år og 4 månader.

For prodekanane har ikkje ordninga vore like rundhanda. Dei har tradisjonelt hatt halv undervisningsplikt, medan forskingstida skulle gå føre seg som normalt samtidig som dei er prodekanar. Administrasjonstida på 10 prosent er derimot lagt til vervet. I praksis går det ut på at prodekanane har vore frikjøpt i 33,5 prosent av ei heil stilling for å vera forskings- eller studiedekan. Etter ein periode i vervet får dei tent opp ein ordinær forskingstermin på 8 månader. I saksdokumenta vert det vist til at tidlegare studie- og forskingsdekanar fekk kompensert tapt forskingstid med eit halvt år ekstra forskingtermin som saman med den ordinære oppteninga, gav dei 14 månader som dei kunne bruka til forsking.

Mindre tid til dekanane og litt meir til prodekanane

No skal dekanen få tena opp litt mindre i samla forskingstermin, medan prodekanane får litt meir, samtidig som prodekanane også blir kjøpt fri frå ein større del av den ordinære stillinga si. Men verken dekanen eller prodekanane får nytta seg av den automatisk opptente forskingstida på åtte månader i løpet av ein valperiode.

Teologidekan Aud Valborg Tønnesen minner også om at prodekanane må jobba meir som prodekanar og mindre i den faste forskarstillinga si.

– Sidan du har sett styrepapira, ser du også at me aukar utrekninga av arbeidet til prodekanane. Her har stipuleringa ikkje stemt med røynda. Utteljinga deira vil vera lågare enn det dekanen får, men vil samtidig vera relativt god med tanke på at dei også skal ha tid til forsking medan dei er prodekanar, forklarar ho.

Skal frikjøpa prodekanane med 55 prosent

Om forslaget frå teologidekan Aud Valborg Tønnessen blir vedtatt i fakultetsstyremøtet i dag, får teologidekanen 1 ½ år med forskingstermin etter ein periode. Dersom dekanen sit i to periodar, vil det gi rett til å ta ut ein samla forskingstermin på to år. Dekanen skal som før frikjøpast for 100 prosent av den faste vitskaplege stillinga.

Prodekanane skal begge kunne frikjøpast i 55 prosent og vil halda seg til den ordinære stillinga i 45 prosent av arbeidstida. Etter å ha sete i ein valperiode vil prodekanane få rett til ein forskingstermin på eitt år. Om dei sit i to periodar vil dei kunna ta ut 1 ½ år i forskingstermin.

Teologidekanen trur at endringa vil støtta opp om eitt av måla til fakultetet.

– Det skal vera attraktivt for forskarar å søkja seg til leiarstillingar, og det meiner me at me ivaretar med den føreslåtte ordninga, fortel Aud Valborg Tønnessen til Uniforum.

Her finn du saklista for dagens møte i fakultetsstyret på Det teologiske fakultetet. Det begynner klokka 12.15 og vert gjennomført på digitalt på Zoom. 

 

 

Emneord: Teologi, Økonomi, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 4. mars 2021 04:30 - Sist endra 4. mars 2021 09:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere