Over 100 føredrag og førelesingar kan ungdomar på leit etter det rette studievalet velja mellom på dagens opne dag på Universitetet i Oslo. Dei digitale førelesingane er opne for alle, men hovudmålet er truleg å nå flest mogleg av dei som går i tredjeklasse på vidaregåande og som er potensielle søkjarar til dei ledige studieplassane til hausten.
Tema for føredraga spenner om alt frå erfaringane til sosialantropologen som jobba som drosjesjåfør og på marknaden på Cuba til spørsmålet om kvifor me får så få barn. Thomas Hylland Eriksen vil fortelja om innhaldet i den siste boka si, "Appenes planet. Hvordan smarttelefonen forandret verden".
Kunstig intelligens og mørk materie er andre tema som skal frista unge og eldre som kan tenkja seg å søkja seg inn på UiO. For dei som er interesserte i historie, er det mogleg å velja mellom "Et skipbrudd på Røst i 1432" og om kva det er mogleg å læra av antikkens "junkmail". Papyrar i gresk og romersk Egypt. Det er også mogleg å høyra på foredrag i religionsvitskap, teologi og i odontologi og medisin.
Den opne digitale dagen startar i dag, 11. mars klokka 09.00. Det siste foredraget blir avslutta klokka 14:40. Dei som vil, kan også få høve til å skaffa seg meir informasjon om korleis det er å vera student på UiO.
Her kan du gå inn for å få eit oversyn over alle dei over 100 digitale føredraga som alle skal gå på den digitale plattforma zoom.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere