Det var Zhejiang University i Kina som i var vertskap for den første digitale globale samlinga av universitetsleiarar frå 56 institusjonar i 30 land på seks kontinent. Dei kom saman fordi dei hadde blitt einige om å arbeida saman for å nå FNs mål for berekraftig utvikling (SDGs), melder det britiske PR-byrået The 10 Group i ei pressemelding på vegner av det globale forumet. Felleserklæringa for berekraftig utvikling skriv universitetsleiarane under på i dag.
Desse universiteta har skrive under på erklæringa:
Alle underskrivarane forpliktar seg til fem nøkkelmål:
- å setja i verk ideen om berekraftig utvikling
- å betra kompetansen i berekraftig utvikling
- å støtta vitskapleg forsking som svar på globale utfordringar
- å arbeida med globale partnarar for å støtta opp om innovative løysingar
- å støtta opp om konstruktivt, transnasjonalt samarbeid på bestemte område
Rundt 80 prosent av dei 50 beste universiteta på rankinglista til QS World University rankings har utvikla sin eigen berekraftstrategi, eigne berekratsplanar eller aktivitetar rundt berekraftsmåla.
UiO-rektor Svein Stølen deltok også på det digitale forumet. Han såg det som ei viktig hending.
– Partnarskap som er meir likeverdige og som er til fordel for alle partar må bli utvikla på vitskaplege prinsipp, akademiske verdiar, ein felles visjon og felles mål som plasserer folk og jorda i sentrum, seier Svein Stølen i pressemeldinga frå det globale forumet for universitetsleiarar.
Rektor ved Zhejiang University, Zhaohui Wu, fortel i pressemeldinga at målet med forumet var å bringa saman leiarar frå nokre av dei beste universiteta slik at dei kunne læra dei beste praktiske berekraftsløysingane av kvarandre og utforska moglegheiter for potensielt samarbeid for å sikra ei berekraftig framtid.
Med mindre enn ni år igjen til fristen går ut i 2030 for å nå måla, samtidig som pandemien forseinkar tempoet, så tillet forumet leiarane å dela viktig ekspertise og kunnskap om korleis ein kan auka tempoet for å få levert på berekratsmåla i 2030. Samlinga gav akademikarar høvet til å utforma deira handlingsplanar for menneskeretta, innovasjonsdriven og grasrotprega berekraftig utvikling, går det fram av pressemeldinga.
Til stades i panelet på den digitale samlinga var FNs visegeneralsekretær, Nikhil Seth og Stefancia Giannini,som er UNESCOs visegeneralsekretær for utdanning. Der var også Peter Salovey, rektor ved Yale University, Pam Fredman, generalsekretær i Den internasjonale universitetsorganisasjonen og Eric Labaye, rektor ved Ecole Polytechnigue.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere