Henrik Asheim vil ha auka studentutveksling mellom Noreg og Japan

Universiteta og høgskulane må bruka forskingssamarbeid for å få til nye utvekslingssavtalar. Det er eitt  av tiltaka forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim trur kan få fleire studentar frå Noreg til å dra ut til både Tyskland og Japan. 

To kvinner og to menn står og snakkar saman inne på eit møterom.

STUDENTUTVEKSLING: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim har nettopp presentert innhaldet i stortingsmeldinga om studentmobilitet for blant andre prorektor ved Noregs handelshøgskule, Malin Arve (med ryggen til) og ANSA-.leiar Morgan Alangeh. Bak står ein medarbeidar i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Martin Toft

Om kort tid skal minst ein femdel av studentane og endå lenger inn i framtida skal over halvparten av studentane dra på utveksling til ein utanlandsk utdanningsinstitusjon.  Det er målet regjeringa har sett seg i Stortingsmeldinga om studentutveksling "En verden av muligheter". Den blei presentert av Henrik Asheim på ein pressekonferanse i Kunnskapsdepartementet i dag. 

I dag drar for mange av studentane frå Noreg til Australia, og for  få til Tyskland.  Samtidig kjem flesteparten av  dei internasjonale studentane i Noreg frå Sverige, Syria, India, Nepal, Kina og Iran. Regjeringa vil gjerne senda fleire studentar frå Noreg til land som Japan, Sør-Korea og Brasil og dei vil også ha fleire studentar derifrå på utveksling i Noreg.

Vil ha tiltak retta mot både lærestadene og studentane

For å få det til vil regjeringa setja i verk tiltak retta mot både institusjonane og studentane.   For å få fleire av studentane til å reisa ut skal det etablerast fleire førehandsgodkjente emnepakker, samtidig som det skal vera tydeleg på alle utdanningar når det passar å reisa.  Det skal også setjast i verk eit pilotprosjekt for  å auka mobiliteten i rammeplanstyrte utdanningar. Og sist, men ikkje minst skal studentar aktivt melda seg av ei utveksling, om dei ikkje vil dra. Elles vil alle studieprogramma innehalda ein periode med  opphald i eit anna land.   Og universiteta og høgskulane blir no oppfordra til å få til nye utvekslingsavtalar gjennom å bruka forskingssamarbeida sine.  Dei vert også bedne om å integrera internasjonalisering i alt dei gjer og å inngå felles utvekslingsavtalar. 

Får ei lita gulrot

Dessutan får  universiteta og høgskulane også ei lita gulrot frå regjeringa. Dei skal få ei tildeling i finansieringssystemet også for utveksling på mellom 1 og 3 månader.  Hovudmålet med stortingsmeldinga er dermed å få langt fleire studentar til å dra på utveksling og for å få endå fleire til å dra til land som ikkje er engelskspråklege. 

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim er også overtydd om at desse verktøya vil få opp studentutvekslinga. Og han har tru på at den samla effekten kan vera  effektiv.

– Det er viktig at institusjonane kan få finansiering også av kortare opphald på mellom 1 og 3 månader. For mange vil det vera ein grei terskel å trå over. Det andre er at me seier at internasjonalisering skal passa betre inn i studieløpa og det kan endra mykje av kulturen der ute. Og så er det klart at studentane har eit ansvar for å ta det første steget slik at det blir lettare å reisa ut, seier Henrik Asheim til Uniforum. 

Også  studentane får ei gulrot

Og Asheim  vil bruka lån- og stipendordningane gjennom Lånekassen for å få fleire til å dra til dei prioriterte landa.

– Då kan me gi ein større stipenddel til studentar som drar ut og sletta ein del av lånet for dei som tar heile gradar i konkrete land. Så kan me laga ei lita gulrot for å få fleire til å reisa til dei landa, seier han.  

– Gull verdt

Henrik Asheim trur studentar vil dra til Japan også utan at dei kan japansk.

– Om dei snakkar japansk, vil det vera heilt fantastisk. Men eg er heilt sikker på at det finst mange internasjonale studentar i Japan som ikkje snakkar japansk, men mykje skjer på engelsk. I dag skjer mykje på engelsk, og så lærer du kvardagsspråket ganske greitt, og ikkje minst så lærer du kulturen. Tenk om du kjem tilbake til Noreg og kan japansk kultur? Det er eit stort land som me vil handla meir og meir med. Det  er gull verdt, slår han fast. 

Lettare med felles utvekslingsavtalar

Asheim har tru på at institusjonane kan inngå utvekslingsavtaler med utdanningsinstitusjonar i dei landa som er prioriterte i stortingsmeldinga.

– Når dei inngår felles utvekslingsavtalar, vert det lettare å få studentar frå dei landa til å koma til Noreg og ta eit opphald på eit norsk universitet eller høgskule, trur han.

Marknadsføringa av Noreg som studieland vil han overlata til kvar enkelt institusjon.

– NTNU vil marknadsføra seg på ein annan måte enn Universitetet i Søraust-Noreg.  Dei er sterke på kvar sine fagfelt. Eg ville ha vist fram norsk natur, om eg hadde vore rektor på dei institusjonane, men det skal dei få lov til å bestemma sjølv,  seier han med eit   breitt smil.

Stortingsmeldinga skal no vidare til Stortinget som endeleg bestemmer korleis det skal bli lettare å få fleire norske studentar til å dra ut og få fleire studentar frå viktige økonomiske stormakter til å ta eit opphald ved eit norsk universitet eller høgskule.

Nøgd studentleiar

Leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO), Andreas Trohjell er svært nøgd med tiltaka som blir føreslegne i Stortingsmeldinga. 

– Internasjonalisering av utdanning er viktig for samfunnet og for samhald og kulturell utveksling på tvers av landegrenser. Derfor er det veldig bra at regjeringa no held fram med å setja  svært ambisiøse mål for utveksling, og at målet vert fylgt opp med konkrete tiltak. Det er viktig at Stortinget fylgjer opp desse tiltaka, seier Andreas Trohjell,

(Oppdatert klokka 22:53 med kommentar frå studentleiar Andreas Trohjell)

Emneord: Internasjonalisering, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 30. okt. 2020 17:06 - Sist endra 30. okt. 2020 22:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere