Framleis sterk uro for ex.phil. i UiO-styret

Den økonomiske situasjonen for ex.phil. er no blitt så god at HF har funne rom til å utlysa to nye vitskaplege stillingar øyremerkte til det faget.  For fleire av medlemane i Universitetsstyret er ikkje det nok til at uroa for ex.phil. har slept taket. 

Ein mann sit på eit møte med eit par briller i hendene

TENER IKKJE UNIVERSITETET: – Uroa rundt dette faget tener ikkje universitetet og heller ikkje fakultetet, sa styrerepresentant Idar Kreutzer. under diskusjonen om ressurssituasjonen på ex.phil. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Dei siste to åra har den økonomiske prognosen for ex.phil. blitt betra med 46 millionar kroner. Det opplyste HF-dekan Frode Helland i møtet i Universitetsstyret i dag. Det har også gjort det mogleg for fakultetet å lysa ut to nye stillingar øyremerkte til undervising i ex-phil.

– Derfor ser eg ikkje så mørkt på situasjonen for ex.phil som eg gjorde for eit par år sidan, sa Frode Helland.

Dette er ex.phil. 

• Examen philosophicum er sett saman av to delar: 

• Exphil I - Filosofi- og vitskapshistorie og Exphil II- Etikk.

• Alle programstudentar ved UiO skal ta ex.phil. 

• Faget ligg under Institutt for filosofi-, idé- og kunsthistorie og klassiske språk ved Det humanistiske fakultetet. 

• Aktuelt: Økonomiske problem har gjort at faget er blitt  nøye fylgt opp av både HF og UiO. 

• HF-har nyleg lyst ut to ledige stillingar ved ex.phil. etter at den økononomiske situasjonen er blitt langt betre enn den var for eit par år sidan. 

(Kjelder: Uniforum, HF og UiO) 

 

Tvilte på at situasjonen var blitt betre

Den roa delte verken representant for dei vitskaplege tilsette, Olav Gjelsvik eller ekstern representant Idar Kreutzer. Begge uttrykte  både stor uro og tvil om at ressurssituasjonen for ex-phil. eigentleg hadde blitt så mykje betre.

For Olav Gjelsvik var uroleg for konsekvensane for både filosofi og dei andre faga på Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). 

– Eg er glad for utlysinga av to nye stillingar til ex.phil. Men det har skjedd ting etter at desse opplysningane kom som gjer at eg ser mørkare på situasjonen no enn då dette dokumentet blei skrive, sa han. 

Han viste til at frå 2015 har over 500 studentar ikkje lenger fått tilbod om seminarundervisning i ex-phil. Samtidig som det har vore reduksjon av pengar som skulle gå til tilbakemelding til enkeltstudentar, er det i aukande grad blitt megaførelesingar i blant anna Chateau Neuf.

BEKYMRA: – Eg er framleis uroleg og bekymra, sa  styrerepresentant Olav Gjelsvik under diskusjonen om stoda til ex.phil. Han gav uttrykk for at han ser endå mørkare på situasjonen no enn han gjorde for kort tid sidan. (Arkivfoto:Ola Sæther) 

– Då vert det ikkje lenger høve til å gi tilbakemelding til enkeltstudentar. Forsvaret for å ha ex.phil i universitetsmiljøet blir sterkt fallande, var Olav Gjelsvik viss på. 

– Me deler uroa

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen forstod kvifor Olav Gjelsvik var bekymra. 

– Me deler den uroa du gir uttrykk for, sa Benjaminsen medan han understreka at situasjonen på ex-phil og på filosofi er eit resultat av fordelingsmodellen på HF.

Og dekan Frode Helland lova at om stoda skulle endra seg, ville HF gjera noko med det. 

– Me står ved forpliktingane om å skjerma ex.phil. Om det blir ytterlegare problem, tar me dei når dei kjem, garanterte han.

Ekstern styrerepresentant Idar Kreutzer fekk litt blanda kjensler etter å ha høyrt først på styrekollega Olav Gjelsvik og deretter på dekan Frode Helland.  

– Det gjer inntrykk å høyra på utgreiinga til Olav Gjelsvik. Samtidig som eg føler meg litt tryggare igjen etter å ha høyrt på kommentaren frå Frode Helland, tilstod Idar Kreutzer.

– Ein spydspiss i verda

Men han meinte likevel at dette framleis er ei viktig sak å fylgja opp,  ikkje berre for fakultetsstyret ved HF, men også for Universitetsstyret. 

– Ressurssituasjonen både for ex.phil og for filosofi er eit viktig sak for UiO. Filosofifaget ved UiO er blant dei aller beste i verda, og ligg på 25.-plass over verdas beste fagmiljø i filosofi. Faget er altså ein spydspiss i verda. For studentane er ex-phil svært viktig for at dei skal læra seg kritisk tenking og setja sitt eige fag inn i ein kritisk kontekst. Uroa rundt dette faget tener ikkje universitet og heller ikkje fakultetet, meinte Idar Kreutzer.  

– Ikkje tilfredsstillande

– Det er berre to alternativ. Meir ressursar og ein diskusjon om prioritering eller ei effektivisering innanfor dei gjeldande økonomiske rammene. Hovudpoenget er at dagens situasjon ikkje er tilfredsstillande, sa Idar Kreutzer.   

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen understreka at både HF og UiO fylgde  situasjonen på ex.phil. tett. 

– Det er ein viktig del av UiOs utdanningstilbod, slo han fast.

– Eg har tillit til at det går

Men ikkje alle styrerepresentantane var like urolege som Olav Gjelsvik og Idar Kreutzer.  Representant for dei vitskaplege tilsette, Anne-Birgitte Rønning slo seg til ro med forklaringane frå dekan Frode Helland. 

IKKJE UROLEG: – Me får heller få saka tilbake om det ikkje går. Med den informasjonen eg har fått i dag, har eg tillit til at det går, sa styrerepresentant Anne-Birgitte Rønning under debatten om ressurssituasjonen ved ex.phil. (Arkivfoto: Ola Sæther)

– Eg deler ikkje uroa til Olav (Gjelsvik) og Idar (Kreutzer). Og eg er glad for notatet frå fakultetet. Eg har tillit til at fakultet og instituttet overheld desse forpliktingane. Me får heller få saka tilbake om det ikkje går. Med den informasjonen eg har fått i dag, har eg tillit til at det går, sa Rønning. 

– Framleis uroleg og bekymra

Forklaringane frå dekan Frode Helland og universitetsdirektør Arne Benjaminsen var ikkje nok for styremedlem Olav Gjelsvik. 

– Eg er framleis uroleg og bekymra, sa han. Han utfordra også dekan Frode Helland til å garantera at kvalifikasjonsprinsippet vert brukt  når det skal tilsetjast personar i dei to  nye vitskaplege stillingane på ex.phil. Då greip rektor Svein Stølen inn og understreka at ingen enkeltmedlem kan be ein dekan om det. 

– Det er det berre styret som kan, slo han fast.

Vil gjennomføra evaluering

Både Svein Stølen og Arne Benjaminsen lova Universitetsstyret at dette var ei sak dei ville fylgja tett. Benjaminsen viste til siste del av oppsummeringa av saksdokumentet.

Der går det fram at fordi ex.phil er eit sentralt fellesemne ved Universitetet i Oslo, vil universitetsdirektøren fylgja situasjonen ved ex.phil. tett for å sikra ein forsvarleg ressurssituasjon, og jamleg orientera Universitetsstyret om stoda.  I den aller siste setninga går det fram at universitetsdirektøren i samråd med HF vil ta initiativ til at ei evaluering vert gjennomført så raskt som mogleg. 

 

 

 

Emneord: IFIKK, HF, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2020 16:36 - Sist endra 20. okt. 2020 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere